Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Katastrofe på krise på krise

Dei krigsherja og opprørskontrollerte områda nordvest i Syria har knapt fått tilbod om redningspersonell eller ekspertise utanfrå etter jordskjelvet. Det seier Trude Falch i Norsk Folkehjelp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Redningsarbeid i ruinane i byen Sarmada, nordvest i Syria.

Foto: White Helmets / Reuters / NTB

4485
20230210

Samtalen

Trude Falch

seksjonsleiar i Norsk Folkehjelp

Aktuell

Jordskjelvet som har råka Syria og Tyrkia

eva@dagogtid.no

Meir enn 16.000 menneske var torsdag morgon stadfesta omkomne søraust i Tyrkia og nordvest i Syria etter det kraftige jordskjelvet i området natt til måndag og fleire etterskjelv. Frå Tyrkia var det då meldt om 12.873 døde og frå Syria 3162 døde. Men det er langt mindre informasjon tilgjengeleg frå det krigsherja Syria enn frå Tyrkia.

Trude Falch er seksjonsleiar for Midtausten og Nord-Afrika i Norsk Folkehjelp, som dei siste ti åra har jobba i dei opprørskontrollerte områda nordvest i Syria, gjennom samarbeid med syriske organisasjonar.

­– Kor mange menneske bur i områda som no er råka?

– I den opprørskontrollerte delen nordvest, der vi jobbar, bur det 4,5 millionar menneske, og av dei hadde 4,1 millionar behov for humanitær hjelp alt før jordskjelvet råka. Av dei att var 2,5 millionar internt fordrivne frå andre stader i Syria, så det er snakk om ei utsett befolkning. Det er skadar lenger nordaust i landet òg, men ikkje i same omfang som her, og kor store skadane er i dei regjeringskontrollerte områda lenger sør, har vi ikkje innsikt i, seier ho.

– Kven er det som har kontroll i dei såkalla opprørskontrollerte delane?

– Delar av området er kontrollerte av Tyrkia saman med ein del av den syriske opposisjonen, delar er kontrollerte av den ordinære syriske opposisjonen, og nokre område er kontrollerte av HTS-rørsla, som sprang ut av Nusra-fronten og vert sagt å ha samband til Al Qaida.

– Korleis påverkar maktforholda hjelpearbeidet i området no?

– Dei inneber at det ikkje finst solide styresmaktstrukturar, nokon felles administrasjon eller sentralisert responskapasitet i området, alt er fragmentert og lokalisert rundt ulike grupperingar. I tillegg kjem det at heile området er kringsett, slik at det er avgrensa kva som kjem gjennom av humanitær respons frå regimekontrollerte område og frå Tyrkia. Den grensekryssande bistanden er regulert gjennom fråsegner frå FNs tryggingsråd, og der har Russland, som støttespelar for syriske styresmakter, bidrege til å bremse hjelpearbeidet inn i området.

– Ja, for det finst andre vegar inn som er blokkerte av Russland i Tryggingsrådet?

– Det finst kommersielle grenseovergangar. Ein syrisk ordinær hjelpeorganisasjon som bestiller og kjøper til dømes ullteppe utanfrå, kan få køyrt dei inn kommersielt, men hjelpesendingar kan berre kome inn over den eine grensestasjonen som er godkjend. Og nett no er han skadd og mellombels stengd som følgje av jordskjelvet.

– Kva veit de om redningsarbeidet i dei ulike områda i Syria?

– Det er svært avgrensa og vert gjennomført av organisasjonane som var der i utgangspunktet, altså syriske organisasjonar med støtte utanfrå, av oss og av FN. Ein internasjonal organisasjon som Legar utan grenser er og til stades i området, men dei har òg avgrensa kapasitet.

– Så det har ikkje kome noko nytt redningspersonell utanfrå etter jordskjelvet?

– Nei, ikkje som vi er kjende med. Vi har høyrt at Egypt no har tilbydd ryddemannskap, men kan ikkje stadfeste det. Ingen andre har tilbydd dette området ekspertise, slik som Tyrkia har fått for å berge folk ut av ruinane. No tek tida òg til å renne ut for det.

– Regimet til president Bashar Assad er sanksjonert av amerikanske og europeiske land, og amerikanarane har alt avvist at det er aktuelt å sende hjelp via syriske styresmakter også no. Kva tenkjer du om det?

– Konflikten mellom syriske styresmakter og opposisjon har vart i mange år og er heilt fastlåst. Syriske styresmakter har bomba dette området fullstendig og avgrensa humanitære forsyningar inn som pressmiddel for å prøve å vinne att den fysiske kontrollen over området. Dei som jobbar over frontlina, melder at det har vore svært vanskeleg å få humanitære forsyningar inn den vegen. Kva som bør gjerast no, skal ikkje eg ta stilling til, men eg har ikkje høyrt at syriske styresmakter har tilbydd seg å hjelpe i dette området etter jordskjelvet.

– De har sjølv ein avtale med syriske styresmakter om minerydding. Kva erfaringar har de frå det samarbeidet?

– Det er eit arbeid Norsk Folkehjelp gjer lenger sør i Syria. Eg jobbar i nord i områda utanfor regimekontroll og kan ikkje uttale meg om det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis