JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Kokainen kjem

Folk flest bruker ikkje narkotika. Men kvart år får vi nye rekordar i bruk og beslag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Colón i Panama er ei av av dei mest trafikkerte hamnene i verda. Det medfører òg at byen er ein mellomstasjon for narkotika på veg nordover.

Foto: Marita Liabø

3762
20240906
3762
20240906

marita@dagogtid.no

I ein reportasje 25. august slår The Guardian fast at når EU rustar opp grensekontrollane sine, er det fare for at Noregs grenser «blir overfløymde av narkotikaparti».

Kvar veke kjem tusenvis av konteinarar til Oslo, og tollarane som sjekkar dei, «er underfinansierte, underbemanna og underutstyrte».

The Guardian siterer ordførar Anne Lindboe på at «kriminelle, hardbarka gjenger (...) ser sitt snitt til å bruke en litt for dårlig bevokta havn til å smugle svineriet sitt til Norge» (NRK 26. juli). Ein tollbetjent fortel at kriminelle nettverk, som svenske Foxtrot, held auge med trafikken og tollarane frå åssida bak hamna.

I sommar kom det fram at Foxtrot og andre kriminelle nettverk har fått fotfeste i alle politidistrikta i Noreg. På ein pressekonferanse i juni sa politiinspektør Yngve Myrvoll i Tromsø: «Vi vurderer de svenske kriminelle nettverkene som den største kriminalitetstrusselen i Troms politidistrikt.»

Det hjelper ikkje at få land slår Noreg i kokainbruk, ifølge European Drug Report 2024. Også bruken av MDMA, ketamin og crack er aukande, og politi og rusbrukarar varslar om fleire og meir valdelege konfliktar på gata enn før.

I 2023 gjorde det norske tollvesenet 1847 narkotikabeslag – meir enn i dei ti føregåande åra til saman, inkludert 2,3 tonn kokain og 1,9 tonn hasj og marihuana.

Talet er for så vidt lågt samanlikna med tala i Belgia og Nederland. I Antwerpen beslagla tollarane 121 tonn kokain i fjor.

Ifølge EUDA (European Union Drugs Agency) er det nettopp i Antwerpen det blir brukt mest kokain i Europa, følgd av Tarragona i Spania og dei største hamnebyane i Nederland. Det største enkeltbeslaget i fjor blei gjort i Rotterdam: 8 tonn kokain i ei bananlast. Europol melder òg om rekordmange drap, skytingar, kidnappingar og påtenningar i desse byane.

Derfor har styresmaktene i Belgia og Nederland trappa opp, med fleire politi- og tollbetjentar, fleire og betre teknologiske hjelpemiddel – blant anna dronar – og tettare samarbeid med avsendarlanda i Sør-Amerika. Og derfor ser smuglarane seg ut nye hamner og nye metodar.

Ein ny metode er å smugle kokapasta – eit mellomprodukt i omdanningsprosessen frå kokablad til kokain – i staden for kokain. Pastaen er billigare, det vil seie at ein taper mindre om det blir beslaglagt eller borte på vegen.

«Europa kjempar ein kamp som alt er tapt», slo The Economist fast i ein reportasje i april. Berre 1,5 prosent av konteinarane blir sjekka, og «når éi dør blir stengd, opnar ei anna seg».

Ifølge Europol utgjer den beslaglagde narkotikaen berre 10–20 prosent av mengda som er i omløp. Samtidig blir det – ifølge FNs Global Report on Cocaine 2023 – produsert meir kokain enn nokon gong, i takt med med at etterspurnaden veks. I FNs rapport blir det åtvara om at marknaden, som er størst i USA og Europa, vil vekse seg inn i Asia og Afrika.

Og igjen: Etter som marknaden veks, får vi meir korrupsjon og vald i samfunnet. I EU Drug Markets Analysis 2024, utgitt av EUDA og Europol, blir det slått fast at bandane av narkotikakriminelle har blitt meir brutale. Det blir rapportert om tortur ein tidlegare berre har sett i Sør-Amerika, og i tillegg til at uskyldige innbyggarar blir offer, blir fleire og fleire mindreårige rekrutterte. Barn blir væpna og tar liv.

Også hamnearbeidarar har blitt målskiver for dei kriminelle.

Ifølge FNs World Drug Report tronar Australia når det gjeld kokainbruk, godt over Spania, Nederland og USA. Noreg låg på 16. plass på lista i 2021.

Vi kan trøyste oss med at folk flest ikkje bruker kokain. Men The Guardian konkluderer med at det norske tollvesenet kjempar «ein nesten umogleg kamp» mot smuglarane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis