JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Krigen i Ukraina kan vera framtida til Taiwan

På Taiwan er folk uroa over den russiske invasjonen av Ukraina. Trass i stor geografisk avstand kjennest konflikten nær.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Studentar i Taipei: Astrid Chang og Tiffany Hsu demonstrerer for fred i Ukraina.  Alle foto:  Truls Rostrup

13632
20220715

Taiwan

Øya har vore de facto sjølvstendig sidan 1945.

Kina ser på Taiwan som kinesisk område og lovar å ta kontroll, om naudsynt med militære middel.

Landet er det mest demokratiske i Asia, ifølge tidsskriftet The Economist.

Sidan 2016 har det vore styrt av Tsai Ing-wen, landets første kvinnelege president.

Sverige, Danmark og Finland, men ikkje Noreg, har ambassade i form av handelskontor på øya.

Utanriks

redaksjonen@dagogtid.no

– Eg er meir redd for ein kinesisk invasjon av Taiwan no, seier studenten Chang.

Eg møter ho og veninna Tiffany i eit demonstrasjonstog til støtte for Ukraina. Dei to siste åra har eg budd på Taiwan, inntil nyleg trygg frå covid-19-pandemien som har prega så godt som alle andre land. Det er tidleg sommar i hovudstaden Taipei og tretti grader i skuggen, dobbelt så varmt som vest i Noreg. Og som Vestland fylke er øylandet Taiwan vakkert og kupert og nokså likt i geografisk storleik, men med ein vesentleg skilnad: 23 millionar innbyggjarar gjer Taiwan til eit av verdas tettast folkesette.

Kvifor ynskjer så Kina å ta over Taiwan? Formosa, «venleik» på portugisisk, som øya vart kalla av portugisiske oppdagarar på grunn av at øya er så vakker, var opphaveleg heimen til polynesiske urfolk. Sidan 1600-talet har spanske, nederlandske og franske kolonimakter hatt område for å sikra handelsrutene sine.

Den nederlandske trongen for arbeidskraft var kimen til hundreår med innvandring frå Kina over det 180 kilometer breie Taiwansundet. Folkevandringa endra ikkje på at det kinesiske Qing-dynastiet, som formelt innlemma Taiwan i 1684, såg på Formosa som noko av ei bakevje der ingen ville eller kunne ha total kontroll. Den moderne Folkerepublikken Kina baserer sitt krav på desse to hundre åra med omstridd styre over kystområda, ein periode som såg over hundre opprør både frå urfolk og rivaliserande kinesiske grupperingar.

Japansk koloni

Full kontroll over øya vart det først då Japan koloniserte Taiwan i 1895. Etter å ha nedkjempa urfolket investerte japanarane tungt i utdanning og infrastruktur. Etter kvart såg dei på Taiwan som modellkolonien i det japanske imperiet. Dette la grunnlaget for Taiwans seinare framvekst som ein asiatisk tigerøkonomi, nemninga på den raske industrielle framveksten i Sør-Korea, Singapore, Hong Kong og Taiwan i etterkrigstida.

Då sola gjekk ned over det japanske imperiet i 1945, erklærte begge sidene i den kinesiske borgarkrigen, Koumintang (KMT) og Maos kommunistar (CCP), si interesse for sjølvstendige Taiwan. Øya hadde til liks med Korea ikkje vore eit tema for dei stridande partane. Men i etterkrigstidas maktpolitiske vakuum tok den tapande parten i borgarkrigen, KMT, over makta på Taiwan og nytta høvet til å henta ein million menneske til øya frå Kina. Og det som raskt vart eit upopulært, autoritært regime, heldt fast ved visjonen om å «ta tilbake Kina» heilt fram til 1970-talet.

Her lyt ein halda tunga rett i munnen. KMT flytta nemleg også Republikken Kina til Taiwan. Republikken Kina var den offisielle nemninga på Kina frå 1912 til 1949. Og forvirrande nok framleis Taiwans formelle namn. I 1971 vedtok FN å gje Kina-setet til Folkerepublikken Kina. Taiwan vart kasta ut, og sidan har Kina blokkert alle forsøk på nytt medlemskap. Kina kuttar også relasjonar med alle land som anerkjenner Taiwan, og no står berre 14 land att med fulle diplomatiske relasjonar.

Dagens Taiwan har no vore demokratisk i vel 30 år, noko som provoserer eit stadig meir sjølvsikkert Kina, som reknar Taiwan for å vera ein kinesisk provins, trass i at det kinesiske kommunistpartiet aldri har styrt landet. Kinesisk kultur og ikkje minst språket mandarin står sterkt på Taiwan. Til dømes har Taiwan halde fast på dei klassiske, «tradisjonelle» kinesiske skriftteikna, til tvilsam glede for skuleelevane, medan Kina sidan 1950-talet har nytta ei forenkla form med færre penselstrøk.

Dei siste åra har kinesiske truslar om «gjenforeining» med militære middel blitt følgt av ei aukande mengd innflygingar mot den taiwanske luftforsvarssona. Berre i fjor måtte over 1000 fly avskjerast. Til samanlikning identifiserte norske F-16 jagarfly i 2021 berre 58 fly i nærleiken av norsk luftrom, ifølge Forsvarets nettsider.

Menneskerettar

Demonstrasjonstoget i Taipei der Chang deltek, har no nådd Fredsparken 228, som vart laga til minne om dei grufulle overgrepa som fann stad i 1947, då KMT konsoliderte makta. Den 28. februar (228 på taiwansk kortform) vart fredelege demonstrasjonar brutalt slått ned, med over 20.000 drepne over tre månader. Udådane markerte starten på ein periode med «kvit terror», og samstundes byrjinga på den taiwanske sjølvstenderørsla.

No, 75 år seinare, er det andre truslar som gjeld, og studenten Chang meiner konflikten mellom Kina og Taiwan har tilspissa seg gjennom den kinesiske propagandaen og desinformasjon.

– Me er her fordi me bryr oss om menneskerettar, og me ser stor likskap mellom Ukraina og Taiwan, seier ho.

Taiwan er no noko av ei leiarstjerne for menneskerettar i Asia. Demokratiorganisasjonen Freedom House gjev Taiwan ein skåre på 94 av 100 på fridomsindeksen. Dermed ligg Taiwan høgare oppe på lista enn mange EU-land, og langt over Ukraina. I 2019 legaliserte også Taiwan som fyrste asiatiske land homofilt giftarmål.

Samstundes er handsaminga av rettane til arbeidsinnvandrarar frå Søraust-Asia ein skamplett på dette glansbiletet. Handsaminga fekk til dels groteske utslag under tida med harde tiltak mot pandemien.

Kontrasten med Kinas overgrep i Hong Kong og Xinjiang er likevel stor, og Chang meiner at både Taiwan og Ukraina lever under trusselen frå ein enorm, ikkje-demokratisk nabo. Og ho er uroa for at taiwanarar i ein eventuell krig ikkje vil stå like samla som ukrainarar gjer.

Eg tek farvel med dei to studentane, men stussar litt ved namna. Changs fulle namn er Astrid Chang. Og heilt rett, namnet Astrid er ikkje tilfeldig. Ho drøymer om å studera i Norden. På Taiwan er det vanleg å ha eit «English name» i tillegg til det mandarinspråklege. Årsaka er ideen om at utlendingar ikkje er i stand til å uttala det eigentlege namnet. Noko heller ikkje eg får til.

Made in Taiwan

Som skulegut drøymde ikkje eg om Taiwan. Eg høyrde fyrst om landet på 80-talet. Frasen «Made in Taiwan» stod prenta inn på den høgteknologiske kalkulatorklokka til ein klassekamerat, han som alltid fekk det siste av dippeduttar. Masseprodusert elektronikk er framleis ein viktig del av økonomien, heile 85 prosent av alle berbare datamaskiner er produserte av taiwanske selskap som Acer og Asus.

Endå viktigare er produksjonen av databrikker, ein teknologi verda er totalt avhengig av. Brorparten av alle mikrobrikker vert laga av selskapet Taiwan Semiconductor Manufacturing Company (TSMC), der også det norske oljefondet er inne som investor. Og i dag treng me databrikker til alt frå kjøleskåp til bilar til, ja, våpenteknologi.

Som Noreg har Taiwan utvikla sin eigne antiskipsmissil. Dessutan er landet langt framme på droneteknologi og har starta eigenproduksjon av ubåtar, i tråd med eit aukande fokus på asymmetrisk krigføring. Kampfly og stridsvogner kjem frå den amerikanske våpenindustrien. Transaksjonane er kostbare, men med på kjøpet kjem vage lovnader om aktiv amerikansk hjelp.

Likevel, no som truslane om eit angrep frå Kina veks, har eg ofte høyrt folk seia at militær motstand er håplaust, av di Kina er så stort og Taiwan så lite.

Taiwanske styresmakter har ei utfordring med å forklara akkurat kor komplisert ein kinesisk invasjon er. I Ukraina har Russland store vanskar rett over si eiga landegrense. Over Taiwansundet skal troppar og forsyningsliner kryssa 130 kilometer med hav under stadige åtak før dei kan freista gå i land på eit fåtal eigna invasjonsstrender.

Og med moderne satellitteknologi er alle overraskingar umoglege. Ei månadslang styrkeoppbygging vil ikkje kunne haldast hemmeleg, noko som var naudsynt for alliert suksess under D-dagen i 1944.

Polarisering

Men korleis påverkar det som hender i Ukraina, Taiwan? For å finna svar vitjar eg forskaren Dr. Liang-Chih Evans Chen på det taiwanske Institute for National Defense and Security Research. Instituttet ligg på militært område, og eg vert eskortert av ein guide. Det taiwanske militæret har tradisjonelt meir politisk sympati for partiet KMT, noko som den sitjande presidenten frå det Demokratiske Progressive Partiet (DPP) har freista endra, med lovnader om auka ressursar.

I motsetning til det konsensusprega Noreg er Taiwan sterk polarisert, i like stor grad som dagens USA, med steile frontar mellom republikanarar og demokratar. Dei taiwanske motsatsane er dei «blå» i KMT og dei «grøne» i DPP, som med president Tsai Ing-wen har sete med makta sidan 2016.

Skilnaden mellom KMT og DPP går hovudsakleg på forholdet til Kina, der DPP står for ein sterk, uavhengig taiwansk identitet, medan KMT ynskjer nærare relasjonar med sin gamle rival, kommunistiske Kina. Alle andre politiske spørsmål, det vera seg atomkraft eller import av amerikansk kjøt, vert tolka etter rigide partiliner. Det viktige blir kva «ditt» parti meiner, ikkje kva som er føremålstenleg.

Polariseringa opprettheld denne stagnerte politiske utviklinga. Folk får nyhende frå eigne nettsider og TV-kanalar alt etter politisk overtyding. Til og med den lokale restauranten har ofte ein skjerm fastlåst på éin kanal, eit lite subtilt teikn på at her er me blå eller grøne. KMT slit med å modernisera seg og har avgrensa appell til veljarar under 40 år. Det hjelper lite at det aldrande partiapparatet held fram med å velja geriatriske kandidatar. Den demografiske vinden blæs ubønhøyrleg DPP sin veg, og det må eit politisk jordskjelv til for at KMT skal gjenvinna regjeringsmakta.

Jordskjelv av den verdslege varianten er ein vanleg del av livet på Taiwan. Minst eit par gonger i månaden tikkar det inn SMS-alarmar på mobilen sekund før det bryt laus. «Søk dekning!» Så svaiar bygningane i nokre minuttar før det roar seg. Heller ikkje denne gongen kom Det store skjelvet.

– Ein verdikrig

Inne på forsvarsinstituttet diskuterer me dei politiske jordskjelva som invasjonen av Ukraina har ført til. Til dømes vert spørsmålet om å utvida verneplikta frå fire månader til eitt år debattert, noko som var utenkeleg for få månadar sidan. Ukraina har vist kor viktig det er med eit velfungerande heimevern.

Chen meiner Taiwan kan læra mykje om styrke og veikskap av krigen i Ukraina. Slik sett er det flaks at invasjonen skjedde før ein mogleg invasjon av Taiwan.

– Det er sannsynleg at amerikanarane vil yta meir aktiv militær støtte til Taiwan enn dei gjer i Ukraina. Likevel må Taiwan i større grad enn no auka forsvarskapasiteten sin. Etter den russiske invasjonen har både Japan og USA streka under det viktige i avskrekking for å hindra krig i Asia, og dei har knytt nærare band til Taiwan.

I april argumenterte Chen i amerikanske Journal of Indo-Pacific Affairs for at India, Japan, Australia og USA bør auka samarbeidet med Taiwan i retning av eit asiatisk Nato.

– Det kan altså hevdast at tragedien i Ukraina isolert sett er ganske gunstig for Taiwan. Grunnleggjande taler me ikkje berre om ein militær konflikt, men om ein verdikrig mellom Russland og Kina på den eine sida og demokratiske land på den andre.

– Vil du seia at det er meir eller mindre truleg at ein invasjon vil finna stad dei komande ti åra?

– Den kinesiske leiaren Xi har absolutt ein plan på bordet om å invadera Taiwan, men planen må oppdaterast etter krigen i Ukraina. Men invasjonen vil koma, sjølv om det er vanskeleg å seia kor lenge han blir utsett. Det kan dreia seg om tre, fem eller fleire år fram i tid.

– Putin såg ut til å forventa at okkupasjonsstyrkane ville møta lite motstand i Ukraina. Har Kina liknande førestellingar om «frigjering» av Taiwan?

– Ja, det har dei. Nettopp difor er det avgjerande for Taiwan å syna fram ein sterk forsvarsvilje, seier Chen, slik at Beijing må revurdera invasjonsplanane.

Nytte av sosiale medium

– Ukrainas president Zelenskyj har hatt stor suksess med mediestrategien sin og har lukkast i å presentera det som skjer i landet, svært overtydande i vestlege medium. Vil Taiwan kunne læra av dette?

– Sosiale medium har endra den moderne krigen. Og demokratiske land har ein føremon her, sidan innbyggjarane ope kan dela informasjon. Då kjem ein mykje nærare sanninga. I autoritære regime er det annleis, med propaganda fjernt frå røynda, seier Chen.

– Men Zelenskyjs personlege karisma er også svært viktig. Han har synt sterk leiarskap og halde nasjonen samla. Og eg vil rå president Tsai Ing-wen til å gjera det same. Bli i Taipei, ikkje i ein bunker. Bruk sosiale medium aktivt døgnet rundt til å kommunisera til det internasjonale samfunnet at Taiwan er sterkt, Taiwan kjempar. Kanskje bør presidentkontoret organisera eit team for utnytting av sosiale medium. Det vil bli ein viktig front i ein komande konflikt.

«Imagine»

I solsteiken i Taipei vert demonstrasjonen avslutta med songar av den australsktaiwanske stjerna Kimberly Chen. Ho blei i fjor bannlyst i Kina for den satiriske musikkvideoen «Fragile» om det skjøre kinesiske sjølvbildet. Solsikkene, som har blitt eit felles symbol i både Ukraina og Taiwan, vaiar i vinden, medan Astrid og Tiffany syng med på Lennon-klassikaren «Imagine». Det er framleis ein fredeleg ettermiddag på Taiwan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Invasjonen vil koma, men det kan dreia seg om tre, fem eller fleire år fram i tid.

Liang-Chih Evans Chen, forskar

Polariseringa opprettheld denne stagnerte politiske utviklinga.

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis