JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

«Lova om spreiing av dyd og hindring av umoral»

Det afghanske justisdepartementet har utferda ei ny lov om spreiing av dyd og hindring av umoral. Her trykkjer vi eit utval av paragrafane:

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Molvi Mohammad Sadiq Akif, talsmann for departementet for dygd og moral i Afghanistan har lagt fram ei ny lov om korleis afghanarar skal te seg.

Foto: Siddiqullah Alizai / AP / NTB

7573
20240906
7573
20240906

«I namnet til Allah, velgjeraren, den nådige. Lova vere Allah, Herren over alle verder. Må signing og fred følgje den fremste bodberaren, heile familien hans og alle følgjarane hans.

Paragraf 1

Eg godkjenner med dette lova om spreiing av dyd og hindring av umoral, som består av eit føreord, fire delar og 35 paragrafar.

Paragraf 4

Denne lova vil gjelde alle område, alle offentlege plassar og alle som bur i landet Afghanistan.

Paragraf 10

Vilkår og prinsipp for dei som skal setje lova ut i livet, er som følgjer:

1. Respekt for den sosiale posisjonen til alle og sjølvrespekten deira, sikre god handsaming av alle når dyd skal fremjast eller synd slåast ned på
2. Nekte all ulovleg åtferd dei ser med auga
3. Nekte all ulovleg åtferd dei høyrer med øyra
4. Under verksemda med å fremje dyd eller forby synd, ikkje snoke i folks private synder; unngå å gå inn i heimen deira, med unntak for tilfelle da det er tillate etter islamsk lov
5. Nekte all ulovleg åtferd som det er vitnemål om frå to truverdige personar
6. Nekte ulovleg åtferd på ein slik måte at det ikkje leiar til ei anna ulovleg handling som er like eller meir alvorleg
7. Når han fremjar dydig åtferd og hindrar synd, held han seg til lovene og ikkje diskriminerer nokon på noko slags vis
8. Når han fremjar dyd eller forbyr synd, skal han bry seg med viktigare saker før han tek omsyn til mindre alvorlege saker
9. Forklare det skadelege ved handlingane til den som gjer seg skuldig i synd
10. Oppmuntre og klandre på ein mild måte
11. Bruke makt berre når det ikkje er fare for at ei uheldig hending skal skje som følgje av det

Ein væpna talibankrigar passar på køen av kvinner som kjem for å få rasjonar med naudhjelp frå ein av dei få utanlandske organisasjonane som er att i landet.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP / NTB

Paragraf 13

Påbod knytte til at kvinner dekkjer seg til:

1. Ei kvinne skal dekkje til heile kroppen.
2. Ei kvinne skal dekkje andletet for å unngå det oppstår fitna [sosial uro eller kaos, som i seg sjølv kan føre til synd].
3. Kvinnerøyster (i song, lovsong eller opplesing med høg røyst i ei forsamling) bør òg skjulast.
4. Kvinneklede skal ikkje vere tynne, korte eller tettsitjande.
5. Det er kvinnene sitt ansvar å skjule kroppen og andletet overfor menn som ikkje er deira mahram – nære skyldfolk.
6. Kvinner har plikt til å dekkje seg til framfor vantru eller lausaktige kvinner slik at det ikkje oppstår fitna.
7. Det er forbode for menn som ikkje er i slekt med kvinna, å sjå på kroppen eller andletet hennar. Sameleis har kvinner ikkje lov til å sjå på framande menn.
8. Dersom ei vaksen kvinne ser seg nøydd til å forlate heimen av ein presserande grunn, har ho plikt til å skjule røysta, andletet og kroppen.

Paragraf 14

Krav til tildekking av mannskroppen:

1. Den delen av mannskroppen som skal dekkjast, er frå livet og ned til knea. Knea skal òg dekkjast.
2. Menn må halde seg til påbodet som står i første delen av denne paragrafen, saman med andre påbod som gjeld segregasjon.
3. Under fritidsaktivitetar og trening skal menn ha på seg klede som skjuler dei naudsynte delane av kroppen. Kleda deira skal ikkje vere tettsitjande, og visse kroppsdelar må ikkje synest.

Taliban-leiarar samla i 2023 i Kabul for å forsone haukar  og meir moderate mørkemenn.

Paragraf 17

Ein vaktar har plikt til å sikre at dei som arbeider for presse og nyhendeorganisasjonar, tek omsyn til følgjande reglar for dyd når dei offentleggjer stoff:

1. Dei skal ikkje publisere stoff som står i motstrid til islamsk lov og religion.
2. Dei skal ikkje publisere stoff som latterleggjer eller audmjukar muslimar.
3. Dei skal ikkje publisere stoff som inneheld bilete av levande vesen.

Paragraf 20

Ein vaktar har plikt til å sikre at tilsette og sjåførar av kommersielle køyretøy respekterer følgjande reglar:

1. Ikkje spele musikk
2. Ikkje bruke rusande substansar eller smugle noko
3. Ikkje transportere kvinner som ikkje er tildekte
4. Ikkje tillate kvinner å sitje saman med eller omgåast menn som ikkje er i slekt med henne
5. Ikkje transportere kvinner som ikkje er i følgje med ein vaksen mannleg nær slektning og med det rette sinnelaget
6. At transportselskap lagar ein rutetabell som sikrar at sjåførar og passasjerar ber ved dei rette tidene

Paragraf 22

Ein vaktar har plikt til å hindre følgjande individuelle forbodne handlingar:

1. Ekteskapsbrot, anten det er påtvinga eller frivillig, anten det er i det skjulte eller offentleg; sameleis er mellombels ekteskap heller ikkje tillate
2. Utukt
3. Lesbianisme
4. Analsex, sjølv om det skulle vere med eiga kone
5. Pedofili
6. Spel, spel med dekorerte egg, mardaki [eit veddespel med steinar i Sør-Afghanistan og valnøtter i Aust-Afghanistan], beday [eit spel som blir spela i Kandahar, Helmand, Zabul og Loya Paktia med bein av sau og geit], spel med valnøtter og andre [former for spel]
7. Tilrettelegging av stader og tilhøve som bidreg til ekteskapsbrot, utukt, lesbianisme, analsex, pedofili eller speling
8. Få hundar, hanar, vaktlar, fasan eller andre dyr eller fuglar til å slåst med kvarandre
9. Feil bruk av opptakarar eller radio; lage bilete av levande vesen på datamaskin eller mobiltelefon, eller nokon andre slike apparat
10. Lyden av ei kvinnerøyst eller kva slag musikk som helst som kjem frå ei forsamling eller frå heimen
11. Bruk, kjøp og sal, oppbevaring av narkotika eller brennevin
12. Vise delar av kroppen som skal vere skjulte
13. Kvinner som ikkje dekkjer seg skikkeleg til
14. Å ikkje be eller å utsetje bøna
15. Å sløyfe obligatoriske bøner
16. Å ikkje be i forsamlinga
17. Å avstå frå obligatorisk faste
18. Å barbere seg eller redusere skjegget til mindre enn ei handsbreidd
19. Å velje ein uislamsk frisyre
20. Å bli ven med ikkje-muslimar og hjelpe dei; å imitere dei i utsjånad eller karakter
21. Ta del i Nawruz, Shab-e Yalda [fest som markerer vintersolkverv], fyrverkerinatt og andre festar som er vanlege blant muslimar, men som ikkje har grunnlag i islam
22. Å bere og gjere populære krusifiks, halsband og andre slike ikkje-islamske symbol
23. Å innføre og popularisere visse praksisar som er mislikte og blir sette på som nye [det som nyleg er innført, er utan fortid og bryt med Koranen og tradisjonen til profeten], i truverdige bøker frå rettsvitskapen i Hanafi-tradisjonen
24. Å ikkje lyde foreldra sine
25. Å ikkje respektere rettane til andre
26. Å oppføre seg uvenleg mot foreldrelause og slike som er undertrykte

Paragraf 24

Straff sett i verk av vaktaren. Ein person som openlyst gjer noko gale, skal straffast av vaktaren som, så snart han ser både synda og gjerningsmannen, skal handle på følgjande vis:

1. Formaning
2. Minne personen det gjeld, om det mishaget Allah vil kjenne på etter ei slik handling
3. Truge og straffe med sterke ord
4. Straffe brotsmannen med ei bot
5. Setje brotsmannen i eit offentleg fengsel i frå éin til 24 timar
6. Setje brotsmannen i eit offentleg fengsel i frå éin til tre dagar
7. Straff som ein vaktar finn høveleg, og som ikkje er erklært av ein rettsinstans
8. Vaktaren har plikt til, i løpet av freistnadene på å fremje dyd og forby synd, å ta omsyn til dei ulike gradane av straff som er peika på i del éin av denne paragrafen.

Paragraf 35

Denne lova vil vere gyldig frå dagen for offentleggjering. Ho skal offentleggjerast i det offisielle meldingsorganet. Andre lover, som ikkje er vedtekne eller offentleggjorde av den høgt æra Amir al-Mu’minin, må Allah bevare han, eller dei som avvik frå denne lova, er med dette annullerte.»

Teksten byggjer på ei uoffisiell omsetjing til engelsk ved Afghanistan Analysts Network, ein uavhengig ideell organisasjon for politisk forsking.

Omsett til norsk for Dag og Tid av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis