JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Minoriteten ingen bryr seg om

SHARYIA: – Her har vi vore i sju år. Mannen min og son vår er framleis fangar hos daesh. Eg veit ikkje eingong om dei er i live. Du ser korleis vi lever. Hjelp oss!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I sju år har 2300 familiar frå Shengal levd under slike forhold. Sharyia er ein av dei velordna flyktningleirane.

Foto: Ole Wagner

10805
20210716

Jesidiane

Ingen veit kor mange jesidiane er. 199.651 er registrerte internflyktningar i Nord-Irak. Om lag 50.000 bur i Tyskland og 6000 i Sverige. No er dei spreidde over heile verda.

Shengal, ved grensa mot Syria, er det eine av to område i Irak der dei fleste er jesidiar.

Jesidismen har vorte påverka av mange religionar og kan ha meir enn 3000 år gamle røter tilbake til før Zarathustra. Han levde der Iran er no. Mange seier jesidismen var den vanlege kurdiske religionen før islamiseringa på 600-talet.

Den øvste religiøse leiaren har tittelen baba sjeik.

Urette påstandar om djevledyrking kan vere årsak til at store og små massakrar er ein del av historia til jesidiane. Wikipedia fortel at fire samordna sjølvmordsåtak drap 796 jesidiar i august 2007.

IS selde jesidikvinner som sexslavar etter massakren i 2014. Ei av dei som klarte å flykte, Nadia Murad (f. 1993), fekk Nobels fredspris i 2018.

Nesten alle jesidiane i Tyrkia har flytta – eller flykta – til Europa. Feleknas Uca (f. 1976) som er einaste jesidi i det tyrkiske parlamentet, reiste den andre vegen. Ho vaks opp i Tyskland og var ti år i EU-parlamentet før ho flytta til den kurdiske delen av Tyrkia.

Nord-Irak

erfolk@online.no

Qule er jesidi. Ho brukar det nedsettande arabiske ordet daesh når ho snakkar om terroristgruppa som gav seg sjølv namnet IS – Den islamske staten. Eg møtte Qule i Sharyia, ein av dei 36 flyktningleirane i Nord-Irak. Leiren ligg rett aust for Eufrat. Her bur 12.150 av jesidiane som overlevde IS-massakren i august 2014. Bilturen heim til Shengal vil ikkje ta meir enn to timar.

Religiøs minoritet

Jesidiane er ein av fleire religiøse minoritetar i den kurdiske befolkninga. Tradisjonelt er dei eit lukka miljø som andre veit lite om. Dei misjonerer ikkje. Ein blir fødd jesidi. Ingen kan omvende seg og bli jesidi. Nokre muslimar har kalla dei djevledyrkarar. Kristne har spreidd dette vidare. Grunnlaget er ei mistolking av påfuglengelen Tawuse Melek. Han som etter jesiditradisjonen står nærmast Gud, blir omgjord til Satan sjølv. Da er ikkje påstandane om djevledyrking langt unna.

I Irak er jesidiane i fleirtal i Shengal-området, ved grensa mot Syria. I hundreår har dei òg budd i Syria, Tyrkia, Iran, Georgia og Armenia.

Mange jesidisamfunn er som det kristne Noreg, djupt religiøse og ateistar lever godt med kvarandre. Men jesidifundamentalistar har synspunkt og praksisar som dei fleste jesidiar avviser. Eit av dei verste eksempla er mannfolk­gjengen som i 2007 banka opp ei 17 år gammal jente fordi ho hadde muslimsk kjærast. Ein av mennene drap henne. Væpna vakter frå den kurdiske regjeringa såg på utan å gripe inn.

Helvete på jord

Flyktningleirar er ofte som helvete på jord. Sharyia er ein av dei ryddige. Endelause rekker med slitne telt, eitt helsesenter, sju skolar og fire djupe brønnar. Ein brann åtte dagar før vi kom hit, kunne ha vorte mykje verre. Hundretals familiar mista pass og ID-kort, personlege ting dei hadde klart å ta vare på, klede, TV-apparat og det dei hadde av møblar. Flammane tok alt. Media melde om 400 nedbrende telt. Truleg var det litt færre.

Vi kjem til leiren utan førehandsavtale. Ikkje rart det blir usemje om vi skal sleppe inn eller ikkje. Kven er dei? Etter brannen har ingen utlendingar vore her. Kva vil dei?

Leirsjef Hakka Tanini skjer igjennom og gir oss 20 minuttar til å møte dei som eventuelt vil snakke med oss. Etter snautt tre kvarter må vi runde av.

Tanini fortel at 120 av dei som bur her, er funksjonshemma. 203 av ungane er foreldrelause. Og nær 2000 er fødde etter august 2014. Dei har ikkje sett livet utanfor Sharyia.

Respekt

Leirsjefen veit kva det er å vere flyktning. Han var fem år da foreldra i 1988 flykta med han og søskena. Slik berga dei livet under Anfal. Det var president Saddam Husseins åtte månader lange krig for å utrydde den kurdiske bygdekulturen. Etter eitt år i Mus i Tyrkia måtte familien reise vidare. Dei kom heim til Nord-Irak igjen, etter åtte flyktningår i Iran. 14 år gamle Hakka hjelpte til med å bygge opp hus og heim. 24 år seinare er han sjef i ein flyktningleir der 2306 familiar har levd i sju år.

– Flyktningar har krav på respekt, seier han.

Folketalet i Nord-Irak er om lag som i Noreg. I juni var 928.674 flyktningar registrerte. Ein knapp tredjedel bur i dei 36 leirane som velgjerdsstiftinga Barzani Charity Foundation (BCF) administrerer, med hjelp frå FN. Dei fleste er irakiske internflyktningar.

Før IS-åtaket i Shengal

IS var på offensiven i 2014. Terroristorganisasjonen hadde erfarne offiserar som vart arbeidslause da USA i 2003 oppløyste den irakiske regjeringshæren. Eit tiår seinare var fleire av dei i IS’ militærråd, eit av dei høgaste IS-organa. IS hadde òg uavgrensa tilgang på dollar, mellom anna frå Qatar.

Terroristhæren feia over store delar av Syria og Irak. Dei erobra by etter by. I juni 2014 tok dei Mosul, den nest største byen i Irak. Regjeringshæren stakk av.

Leiarar i IS hadde da laga ei forteljing om at jesidiane skulle utryddast fordi dei var vantru. For ekte muslimar var det ei religiøs plikt å drepe dei.

I alle fall 250 soldatar frå den regionale kurdiske regjeringa var stasjonerte i Shengal. Det tradisjonelle namnet er peshmerga. President Mesud Barzani var øvstkommanderande. I juli gjekk det hardnakka rykte om at IS planla åtak mot Shengal. Mosul var ikkje langt unna.

Overlevande som eg møtte for tre år sidan på eit sjølvhjelpssenter for kvinner i Shengal, fortalde om dette. Fleire hadde fått klare svar da dei spurde pesh­mergakommandantar om dei kunne vere trygge: «Vi sørger for at alle i Shengal er trygge. Vi blir her.» Dette var i slutten av juli. Folk stolte på peshmerga og vart verande.

President Yusuf Muhammed Sadik i det kurdiske parlamentet fortalde meg to år seinare at peshmergastyrken var så stor at dei kunne ha stoppa IS.

Massakren

Likevel trekte dei seg stille og diskré ut av Shengal. Nokre få vart igjen. Berre timar etterpå gjekk IS-krigarar til åtak på to små landsbyar utanfor byen og drap dei som budde der. Den 3. august rykte IS inn i byen utan å møte væpna motstand. Dei var ikkje mange, men ideologisk motiverte for nedslakting av dei vantru.

Titusentals jesidiar flykta opp på Shengal-fjellet. Det gjenlevande har fortald meg, er ufatteleg: Nedslakting av vaksne og ungar. Massegraver. 40 graders varme. Utan mat og utan vatn. Avkrefta ungar som berre døyr. Finst det ord for å gjengi detaljane?

PKK berga tusentals

Etter at peshmerga var trekt ut, sende PKK, det kurdiske arbeidarpartiet, geriljasoldatar til Shengal. Det same gjorde Folkets forsvarsstyrkar i den sjølvstyrte delen av Nord-Syria. Dei mista mange av sine eigne, men opna ein korridor til Syria.

Professor Salim Hassan ved Universitetet i Silemani var talsperson for ein hjelpekomité. Ifølgje Wikipedia sa han at PKK berga omlag 35.000 av dei IS hadde omringa på fjellet.

Midt under redningsaksjonen hadde president Mesud Barzani eit møte med jesidileiarar. Det vart store medieoppslag. Barzani kunngjorde at peshmergakommandantane som hadde svikta, skulle etterforskast og stillast til ansvar. Sju år etterpå er dette berre ord.

IS er òg i Tyskland

Ei 15 år gammal jesidijente som flykta frå IS etter valdtekt og overgrep, trudde ho skulle vere trygg i Tyskland. Den 21. februar 2018 møtte ho overgriparen Abu Humam på gata i Stuttgart. Han kjende henne igjen: «Du var i lag med meg i Mosul. Og eg veit kor du bur. Eg veit kven du lever i lag med, og kva du gjer.»

Ho melde Abu Humam til politiet. Britiske The Times gjengav det ho fortalde: «Politiet sa dei ikkje kunne gjere noko med dette. (…) Da bestemte eg meg for å reise tilbake til Kurdistan og aldri kome til Tyskland igjen.»

I dag er Shengal delt

Mange jesidiar mista tiltrua til president Barzani og regjeringa i den kurdiske regionen. Samtidig fekk PKK eit godt omdømme. Den sjølvstyreadministrasjonen jesidiar bygde opp etter redningsaksjonen til PKK, styrer no ein stor del av Shengal. Menn og kvinner er organiserte i eigne forsvarsstyrkar – YBS og YJS. I dette området har eg møtt mange heimkomne frå flyktningliv i Syria.

Den kurdiske regjeringa og regjeringa i Bagdad kontrollerer sine delar av Shengal. Dei skiftar mellom samarbeid og innbyrdes konflikt. Den iranskstøtta paraplyorganisasjonen Hashd al-­Shaabi er òg der. Parlamentet i Bagdad har i fem år godkjent dei som ein del av Iraks hær.

Det er ikkje lett for ein utlending å forstå dette. Eg spør meg sjølv om kampen om Shengal er ein av grunnane til at Qule og dei andre i Sharyia-leiren ikkje får reise heim. Sikkert er det at den kurdiske regjeringa og regjeringa i Bagdad samarbeider for å fordrive alt og alle som dei meiner har noko med PKK å gjere. Tyrkia deltar med fly og dronar. Nokre gonger er det målretta likvidering av jesidileiarar. Bagdad lèt Tyrkia gjere dette, 100 kilometer sør for statsgrensa.

Kanskje er krigen mot jesidisjølvstyre viktigare enn å hjelpe flyktningane heim?

Sharyia i Skibotndalen?

Da IS starta nedslaktinga for sju år sidan, var folketalet i Shengal litt høgare enn i Tromsø. Noreg er ikkje som Irak. Eg prøver likevel ei samanlikning: Tenk deg at ei terroristgruppe i 2014 gjekk til åtak på Tromsø rett etter at alt som fanst av militære og politi i daverande Troms fylke, hadde reist sørover. Tromsøværingane som overlevde den første veka, vart flyktningar i sitt eige land.

Om lag 10.000 av dei måtte den første vinteren ta til takke med ein nybygd flyktningleir i Skibotndalen, nokre mil vest for grensa mot Finland. Dei såg fram til å delta i gjenreisinga av byen. Bilturen heim til Tromsø ville ikkje ta stort meir enn to timar. Sju år seinare bur dei framleis i slitne FN-telt Skibotndalen.

Omtrent slik er situasjonen for Qule og 12.149 andre i Sharyia-leiren.

16 kvadratmeter

Migrasjonsminister Evan Faeq Jabro reiste frå Bagdad til Sharyia rett etter brannen. Ei rasande folkemengde møtte henne: «Dra tilbake! Dra tilbake!» Ministeren kunngjorde erstatning til familiane som hadde mista alt, «i løpet av nokre dagar». Tre veker seinare melde nettavisa Rudaw at brannoffera i Sharyia ikkje hadde sett noko til dette.

Gjenreisinga var i gang da eg var der i juni. Dei som mista alt, hadde fått lecablokker for å bygge brannsikre husvære på fire gonger fire meter. Salah, som hadde fått lecablokker, var likevel fortvila. Han sa at rommet på 16 kvadratmeter må brukast som kjøkken, stue og soverom.

– Alle må sove side om side. Vi kan ikkje leve slik, åtte familiemedlemmar i eitt rom. Vi er alle vaksne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Leiarar i IS laga ei forteljing om at jesidiane skulle utryddast fordi dei var vantru. For ekte muslimar var det ei religiøs plikt å drepe dei.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis