Overkorrigeringa
NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.
Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?
Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB
Les også
Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Hjarte for huset
Les også
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Les også
Teikning: May Linn Clement
Den nyreligiøse avantgarden
Les også
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
Les også
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
Les også
Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Hjarte for huset
Les også
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Les også
Teikning: May Linn Clement
Den nyreligiøse avantgarden
Les også
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
Les også
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Politikk
ida@dagogtid.no
Presidentvalet i USA
Ida Lødemel Tvedt skriv stemningsrapportar frå auskysten av USA fram mot presidentvalet.
Det er annleis no enn i 2016. For å komme inn på området til Columbia-universitetet måtte eg vise QR-kode, eit tryggleikstiltak som følge av Gaza-protestane. På campusen var det dødt, heilt annleis enn stemninga i åra før og under det første Trump-veldet. Det var som om plassen var blitt tappa av all polariseringa og no samla krefter til kva enn som måtte skje om ei veke, når valet er avgjort.
Eg gjekk gjennom grautete haustlauv mot seminarrommet til den kontroversielle idéhistorikaren Mark Lilla, ein sjølverklært liberalar som har bevega seg frå ein arbeidarklasseoppvekst i Detroit til å bli ein åndssnobb som i tekstar spekka med kanoniserte sitat kritiserer venstresida innanfrå.
I sommar skreiv Lilla forfriskande annleis om dei unge mennene som no flokkar seg mot ytre høgre, i essayet «Korleis bygge ein ytre høgre-revolusjonær». Der skildra han den veslevaksne arrogansen til mange av dei som no seier «eg har ikkje noko val; moderniteten tvinga meg til det». Lilla såg utviklinga på kloss hald, i sine eigne klasserom, og han forstod det ikkje som såkalla «giftig maskulinitet», men som eit uttrykk for ei apokalyptisk historieforståing som med jamne mellomrom skapar moralsk panikk i samfunn som føler det er i krise.
Mark Lilla er professor ved Columbia-unversitetet og forfattar av bøker som The Once and Future Liberal, The Shipwrecked Mind og The Reckless Mind.
Foto: Ida Lødemel Takle
Eg skulle høyre han og studentane diskutere Alexis de Tocquevilles Om demokratiet i Amerika (1835) og Pascals Tankar (1679). Den første boka er ein franskmanns freistnad på å forklare kvifor han meinte at lokaldemokratiet gjorde det amerikanske politiske systemet til det beste på jorda. Den andre handlar mellom anna om kor små og utilstrekkelege kvar og ein av oss er i jakta vår på oversikt og faste haldepunkt.
Mellom øktene intervjua eg Lilla over lunsj i kantina, medan filosofen Axel Honneth sat ved nabobordet, noko som gav heile situasjonen ei kjensle av sirkelkomposisjon, sidan det mellom anna var Honneths teori om anerkjenning som ein gong for lenge sidan førte meg inn på sporet som gjorde at eg sat her no. Han var mitt første møte med debatten om kva som er viktigast av rettferdig ressursfordeling og anerkjenning. «Eg burde gå bort og introdusere meg», sa Lilla og såg beundrande på den høge tyskaren, men han blei sittande.
Då Trump vann valet i 2016 skreiv Lilla det som skulle bli årets mest lesne og kommenterte lesarbrev i New York Times. Under tittelen «The End of Identity Liberalism» skreiv han at Trumps siger var ein reaksjon mot identitetspolitikk, mot «ein moralsk panikk kring rase, kjønn og seksuell identitet». Han meinte at venstresida hadde skote seg sjølv i foten ved å vrenge det liberale idealet på eit vis som gjorde det ute av stand til å ha ei samlande kraft og ute av stand til å styre. Han ville finne attende til kjensla av at amerikanarar er foreinte av ein felles skjebne.
Argumentet hadde veikskapar; den mest openberre er at det å fokusere på den kvite arbeidarklassa like mykje er identitetspolitikk som noko anna. Kritikarar meinte dessutan at Lilla oversåg at Trump gjorde det stort blant dei rike og høgt utdanna, og at sigeren difor ikkje berre kunne forklarast med at den kvite arbeidarklassa var bitter for å ha blitt oversett.
Ein av USAs mektigaste essayistar, Ta-Nehisi Coates, kjend for vakre og brutale tekstar om rasisme, skreiv ein lang tekst der han tok for seg Lilla og andre røyster som bidrog til å etablere forteljinga om at 2016-valet var ein reaksjon mot woke-elitars forakt for rednecken. «Det som appellerer til den kvite arbeidarklassa, blir forgylt», skreiv Coates, «medan det som appellerer til svarte arbeidarar, og alle andre utanfor hans eigen stamme, blir skildra som identitært. I denne måten å skildre USA på blir all politikk identitetspolitikk, med unntak av politikken til kvite folk, det blodige riksklenodiets politikk.»
Lilla skreiv ei bok med utgangspunkt i lesarbrevet; New York Times skildra boka som «trolling forkledd som lærd analyse». Ein kollega ved Columbia skulda han for å argumentere for ein kvitt-overherredømme-renessanse, «Making White Supremacy Respectable. Again».
Likevel las eg mykje av Lilla på den tida. Det var noko der eg likte, trass i den snikskrytete tonen og trass i at Lilla var blitt eit slags skjellsord blant dei «progressive» lærarane mine. Måten han forvalta perspektivet sitt på, var bra, syntest eg, særleg når han skreiv psykologiske portrett av reaksjonære tenkarar gjennom tidene, for sånn å vise korleis reaksjonære rørsler fungerer. Særleg eitt av poenga hans opplevde eg som avgjerande: Vi må forstå at den reaksjonære ikkje er konservativ, men ofte like revolusjonær som den revolusjonære. Forstår ein det, forstår ein litt meir av tida vi lever i.
Ta-Nehisi Coates i 2019. Han er ein av USAs mektigaste essayistar og er kjend for vakre og brutale tekstar om rasisme.
Foto: Mary Altaffer / AP / NTB
ILT: Eg likte lesarbrevet ditt frå 2016 og følte det trefte spikaren på hovudet, men mykje har endra seg sidan då, og for meg verkar det som om mange analytikarar no har overkorrigert. Når norske journalistar rapporterer om 2024-valkampen, reiser dei til Midtvesten, til gruvebyar og Trump-rallies, utstyrte med ein utømmeleg vilje til å forstå og vise empati med den kvite arbeidarklassa. Eg ser desse reportasjane og tenkjer: «Ok, vi har tatt poenget, men kva no?» Det verkar på meg som om det europeiske blikket på USA har blitt mekanisk i si fetisjering av visse former for amerikansk kvit identitetspolitikk. Heilt automatisk ser ein populismen deira som liksom edlare og meir autentisk enn andre folkerørsler.
Men bitre kjensler i den kvite arbeidarklassa er ikkje lenger ein blindflekk, er det vel? Slikt forklarer ikkje lenger trumpismen, som no også er ein eliteallianse, med Elon Musk og mange andre rikingar i spissen? Sidan du såg 2016-blindflekkene såpass tydeleg, kva vil du tippe er 2024-blindflekken?
ML: Instinktet bak spørsmålet ditt er godt, men sanninga er at Trumps store leiing blant kvite arbeidarklasseveljarar, særleg menn, er det som tel valmessig. Blant eliten på høgresida har vi no ei ny gruppe spekulantar som har hoppa på Trump-vogna for eiga personleg vinning. Du har rett i at leiinga i det demokratiske partiet har lært leksa si sidan 2016. Men når høgresida snakkar om «demokratane», meiner dei òg den liberale eliteklassen som dominerer universiteta, pressa og Hollywood. Desse enklavane er framleis i ein før 2016-modus.
Men eg vil nærme meg det spørsmålet frå ein annan vinkel. Det er svært interessant å sjå på kva som har skjedd med identitetspolitikk sidan den gong. Lidenskapen bak han ser ut til å minke, i staden har han blitt institusjonalisert, i ein nesten liturgisk forstand. Alle neiar no framfor ideane identitetspolitikken representerer, det må dei, men det er ikkje lenger så innsausa i spørsmål om personleg identitet. Førestillinga om at politikken din må spegle den personlege identiteten din, er for det meste vekke. Identitetspolitikk er ikkje ein viktig faktor i dette valet.
ILT: Men reaksjonane mot identitetspolitikk er det.
ML: Ja, reaksjonane mot det er det.
Presidentkandidat Donald Trump og Elon Musk på folkemøtet til republikanarane i Butler, Pennsylvania 5. oktober. Musk er investor og direktør i Tesla, eig X (tidlegare Twitter) og har grunnlagt SpaceX. Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB
ILT: Særleg mange eldre kulturkrigarar snakkar framleis om «the woke brain virus», samstundes som Kamala Harris aldri spelar på at ho er kvinne eller på at ho er svart. Medan «woke»-fenomenet i seg sjølv ser ut til å ha ebba ut, har tilbakeslaget fått enormt momentum. Så korleis ser du for deg at reaksjonen mot det du kallar identitetspolitikk, vil spele seg ut i dette valet?
ML: Ja, Det demokratiske partiet er over den fasen, men kampen mot identitetspolitikk er ikkje vunnen i kulturelle sfærar. Med tida kjem likevel denne kampen til å gå seg tom på høgresida. Det blir for tynt å halde fram med det der, for ting er ikkje lenger slik dei var i 2016. No gjer ikkje slike diskusjonar anna enn å avsløre høgresida som bankerott. Den konstante negativiteten som høgresida representerer no, er ikkje berekraftig.
Forakta som gjorde at Trump blei vald, den er der ute framleis. Og det som kjem til å overleve diskusjonane om våpen og skuleverk og kvotering av visse grupper i inntak til universitetet, er behovet republikanske veljarar har for anerkjenning. Anerkjenning av klassen deira, av trua deira, av at dei har ein rettmessig posisjon i samfunnet. Men det blir vanskelegare og vanskelegare for høgresida å vite kva det dreier seg om, utover dette raseriet mot at nokon snakkar på deira vegner. Dei har ein leiar no, men demagogar har trøbbel med å reprodusere seg. Det einaste som er sikkert, er at dette landet er skjebnebestemt til å bli meir og meir prega av skeivfordeling.
ILT: Er det?
ML: Ja, det koker ned til skiljet mellom dei som har gått på college, og dei som ikkje har det.
ILT: Er det det avgjerande økonomisk skiljet?
ML: Økonomisk, ja, men vel så mykje kulturelt. Når du kjem til universitetet, blir du introdusert for nye idear, du blir van med debatt, og du lærer meir om verda. Eit døme: Før var det slik at amerikanske presidentar hadde same smak som den gjennomsnittlege amerikanaren. Til middag åt dei den same oversteikte roastbiffen, dei same ihelkokte grønsakene, med den same cocktailen attåt, og så såg dei ein westernfilm på TV. Det var det alle gjorde. I dag er smaksskiljet mellom dei som styrer og dei som blir styrte, mykje breiare. Vi et ulik mat, vi høyrer gjerne på annan musikk, vi ler av andre vitsar. Så der er eit veksande skilje som gjer det vanskeleg for folk å forstå folk på den andre sida.
ILT: Det er berre få dagar att til valet, og ingen veit kva som vil skje. Det verkar klokt å halde seg unna «pollocoastarane», oversjå valmålingar, ikkje tøffe seg med å freiste spå, men heller sjå så klarsynt som mogleg på det som skjer framfor oss, på det folk faktisk seier og gjer, her og no. Desse siste vekene har vore perfekte for å lese den komande boka di, Ignorance and Bliss, som eg har fått kikke i. Kan det å innsjå kor lite vi forstår, gjere oss meir klarsynte i møte med dei ideologiske omveltingane som utspelar seg rundt oss? Korleis, i så fall?
ML: Boka handlar ikkje om at vi er i ein tilstand av uvisse, noko vi ofte er, men heller om vår vilje til ikkje å vite. Den kjem til syne i at vi aktivt skuvar vekk ubehagelege sanningar, men viser seg endå meir i vår manglande vilje til å leve med uvisse. Det siste er ein veldig sterk tendens i dag, i desse flytande samfunna våre, der materielle og moralske vilkår kan endre seg raskt. Å bli meir klarsynt i vår tid handlar særleg om å lære seg å leve med uvisse og å unngå trøystande usanningar. Å avvise éi politisk usanning på høgresida berre for å falle inn i ei anna på venstresida fører ikkje til framgang.
ILT: Kvar gong det bryt ut store demonstrasjonar her i byen, tenker eg på kor spesiell den amerikanske protestkulturen er. På den eine sida er han så veltalande og vakker, så rikt historisk forankra, men på den andre sida kjennest desse masserørslene så barnslege og dumme i måten dei formulerer krava og fiendebileta sine på. Det er rart å sjå at universitetet er avstengt på grunn av Gaza-protestane. Er dette utrykk for at også universiteta blir meir paternalistiske?
ML: Snarare at det blir meir matriarkalsk. Ein har fått ei institusjonalisert form for omtanke, der universitetet bryr seg mykje om studentens subjektive kjensle av tryggleik. Folk vil protestere, men dei vil òg at institusjonen skal passe på at dei ikkje blir straffa for å protestere. Amerikanarar motset seg å bli vaksne. Dei blir ikkje oppdratt til å bli sjølvstendig observerande menneske; dei får berre utdelt ulike moralske linser å sjå gjennom. Amerikanarar har eit mimetisk (imiterande) menneskesyn som trur på at om ein viser barn gode ting, så blir dei gode folk. I staden for å vedkjenne oss mørket i oss driv vi med sensur, for ikkje å måtte sjå det vi trur vil forderve oss. Samstundes lukkar vi auga for amerikansk utanrikspolitikk, for korleis vi held fram i verda. Amerika lir av amnesia, minnetap. Kvart fjerde år hissar folk seg opp over presidentvalet og gløymer kor lite den sittande presidenten har klart å utrette. Kvar gong lar vi oss rive med av lengten etter å bli atterfødde, som om det neste valet skal reetablere uskulda vår.
ILT: Du skriv at «dei siste ti åra har interessa for katolske idear og praksisar auka blant høgreorienterte intellektuelle elitar. Det er ikkje uvanleg å møte unge konservative på Ivy League-institusjonar som har konvertert eller fornya trua si etter at dei kom på universitetet». Eg møtte ein slik student i seminaret ditt om Pascal. Teologien hans verka moderne i sitt fokus på eit slags erotisk og mystisk forhold til Gud. Eg har vore oppteken av alle desse hippe konverteringane til katolisisme den siste tida, og usikker på om det er eg som ser spøkelse på høglys dag, eller om dette heng saman med autoritære trendar. Er desse avantgardeomfamningane av mystikk og antiintellektualisme meir politiske enn dei kan sjå ut ved første augekast? Burde ikkje folk for lengst ha lært at det er slik han ser ut, vår tids tyrannofili: smart, ironisk, grenseoverskridande, velkledd og postliberal?
ML: Det handlar om lengsel etter lærd autoritet, men ikkje nødvendigvis lengsel etter ein karismatisk leiar. Eg trur det dreiar seg om eit djupt ønske om å knyte seg til det som verkeleg betyr noko, det som varer, det som ikkje er forgjengeleg. Det er ikkje dimed sagt at ikkje desse same folka vil omfamne ein tyrann som ristar liberalismen i grunnvollane slik at noko nytt/gammalt kan bli fødd. Det er sjølvsagt ein fantasi, dette at tyrannen skal gi opphav til det nye. Det er ein fantasi som alltid dukkar opp når folk begynner å føle at dette ikkje kan halde fram som no. Til dette sa ein klok, gammal økonom: «Då kjem det heller ikkje til å halde fram.»
Oppdatert 4. november kl. 13:02
Les også
Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Hjarte for huset
Les også
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Les også
Teikning: May Linn Clement
Den nyreligiøse avantgarden
Les også
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
Les også
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)