Trur ikkje Trump er slegen
Tiltalar mot Donald Trump kan svekkje han mot demokratane neste år, men det er framleis ikkje umogleg at Trump vert president igjen, meiner USA-kjennar Jan Arild Snoen.
Donald Trump drog tidlegare denne veka til Miami for å møte i retten, tiltalt for brot på USAs spionasjelov.
Foto: Marco Bello / Reuters
Samtalen
Jan Arild Snoen
forfattar, kommentator og USA-kjennar
Aktuell
Tiltalen mot Donald Trump
Samtalen
Jan Arild Snoen
forfattar, kommentator og USA-kjennar
Aktuell
Tiltalen mot Donald Trump
eva@dagogtid.no
Donald Trump har erklært seg uskuldig på alle 37 tiltalepunkta etter at FBI i fjor fann 13.000 dokument frå Det kvite huset i bustaden i Florida. Rundt 100 av dokumenta var graderte som topphemmelege.
Ifølgje tiltalen mot den tidlegare presidenten har han sett USAs nasjonale tryggleik i fare ved å halde på gradert informasjon, skjule dokument, hindre etterforsking, kome med falsk forklaring og dele sensitiv informasjon med personar som ikkje er tryggingsklarerte.
Forfattar og kommentator Jan Arild Snoen kjenner USA godt.
– Kva er dei mest alvorlege tiltalepunkta mot Donald Trump?
– Det kjem litt an på kva som er det materielle innhaldet i dokumenta som er funne, men det er fyrst og fremst punkta som går på at han har hindra og motarbeidd etterforskinga, som eg ser som det mest alvorlege. Det er også fyrst og fremst det som skil denne saka frå dette med at også Joe Biden som visepresident og tidlegare visepresident Mike Pence skal ha teke med seg dokument heim. Då dei vart gjort merksame på det, vart det derimot sett i gang prosedyrar for at dei skulle levere dokumenta tilbake raskt, medan Trump prøvde å hindre tilbakeføring, og det på fleire måtar. Hadde han levert tilbake alt med det same, hadde ikkje dokumenta vore noka juridisk sak no.
– Andre republikanarar syner til at det ikkje vart teke ut tiltale mot Biden, og at det heller ikkje vart teke ut tiltale mot Hillary Clinton etter at ho hadde ein dataserver med hemmelege dokument heime, og meiner tiltalen mot Trump såleis er forskjellsbehandling og politisk motivert. Finst det noko som helst vettugt i ei slik jamføring?
– Nei, det gjer det ikkje. Det er ein falsk analogi. Clinton oppbevarte offentlege dokument på ein privat servar. Det er kritikkverdig og noko ho betalte ein politisk pris for. Dette med Trump er noko anna og mykje meir alvorleg. No får vi aldri vite nett kva som er innhaldet i dokumenta som er funne, men det ser ut til at nokre av dei har informasjon som er svært sensitiv, og som dimed kan vere interessant for framande makter. Så vidt eg skjøner, har Trump også vifta med eitt av desse dokumenta framfor andre. Det er svært skjønnslaus omgang med sensitiv informasjon.
– 31 av dei 37 tiltalepunkta mot Trump gjeld brot på spionlova frå 1917, men finst det teikn til at Trump har lekt eller spreidd gradert informasjon?
– Nei, ut frå det som er kjent no, ser det ikkje slik ut, og det er heller ikkje det han er tiltalt for. Spionasje må difor tolkast i overført tyding her. Han er ikkje tiltalt for spionasje i vanleg forstand.
– Likevel kan det vere snakk om ganske høg strafferamme, om han vert dømd.
– Ja, amerikanarane akkumulerer straffa, så det er difor Trump snakkar om at han kan risikere 400 år. Det er alvorleg i seg sjølv å ikkje behandle graderte dokument på nokon god måte, og difor er strafferamma høg, men det er ingen som trur at det vert livsvarig fengsel, dersom han vert dømd.
– Nokre republikanarar fordømer tiltalen, medan eksguvernør Chris Christie, som no vil utfordre Trump i nominasjonskampen, er blant dei som meiner partiet må ta tiltalen på alvor. Kor delt er det republikanske partiet i saka?
– Trump har over fleire år klart å selje inn historia om seg sjølv som ein uskyldig forfølgd som vert utsett for politisk press. Eit fleirtal av dei republikanske veljarane trur på historia, og det betyr at andre republikanarar som ønskjer å halde på ein posisjon i partiet, må vere varsame med å utfordre historia. Det er veldig få som går ut med klar kritikk. Christie og Mitt Romney er blant dei få, men dei er i krig med Trump frå før og har såleis ikkje noko å tape.
– Kva har kritikken mot Trump i denne saka å seie for veljaroppslutninga til Christie?
– Han er fyrst og fremst med for å gje ei røyst til motstandarane til Trump og i håp om å kome i direkte debatt med Trump. Men eg trur ikkje han sit med noka forhåpning om å vinne fram i nominasjonen. I så fall lurer han seg sjølv. Han er djupt hata av mange republikanarar frå før, og alle republikanarar som sluttar seg til kritikken mot Trump i denne saka, vert oppfatta som forrædarar i partiet. Det finst berre éin som har ein realistisk sjanse til å vinne over Trump, og det er Ron DeSantis. Han er ikkje favoritt, men det kan tenkjast at han har ein sjanse.
– Kva skal til for at han skal vinne fram?
– Det kjem eit par tiltalar til mot Trump utover året. Dei kan svekkje han mot Biden og demokratane neste år. Dersom dei republikanske veljarane byrjar å frykte at han kan tape for Biden, kan det gje ei opning for DeSantis.
– Så Trump kan framleis verte president igjen?
– Absolutt. Han er ikkje favoritt, slik eg ser det, men det er mogleg. Sjølv held eg ein knapp på Biden, men han er heller ingen klar favoritt. Det syner også målingane.
– Kan Trump eventuelt benåde seg sjølv om han vert president att?
– Det er det ulike vurderingar av blant ekspertane. Sjølv har eg ikkje noko klar meining om kor vidt det er mogleg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.