JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Gjev stryk til direktoratet

Utdanningsdirektoratet innfører heildigital matteeksamen i vidaregåande skule, trass i massiv motstand frå fagmiljøa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Matematikk er eit handverk, og det er ikkje nok å meistre dataverktøya for å skjøne faget, meiner mange av kritikarane av den nye eksamensforma.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB

9229
20210514

Digital eksamen

Utdanningsdirektoratet vil innføre heildigital eksamen i matematikk i Vg1.

Alle hjelpemiddel skal vere tillatne under eksamen.

Før hadde eksamen ein del der elevane løyste oppgåver med berre penn og papir.

Både i lærarorganisasjonane og realfagsmiljø ved universiteta er det motstand mot endringa.

I år er det berre privatistane som får den nye eksamenen.

Utdanning

peranders@dagogtid.no

Er målet med matematikk i skulen at elevane skal finne det rette svaret på oppgåvene? Eller er målet at dei skal lære handverket og forstå prinsippa i matematikken? Dette er kjernen i striden om matematikkeksamen i vidaregåande. Dei som tek Vg1 som privatistar i vår, blir dei første som får den nye heildigitale eksamenen der elevane har fri tilgang på hjelpemiddel. Neste år blir dette malen også for ordinær eksamen om Utdanningsdirektoratet får viljen sin.

Unison motstand

Men mange i Utdannings-Noreg vil noko anna. Da direktoratet i fjor haust slo fast at eksamen i matematikk på første trinn våren 2021 skulle bli fullt ut digital, og med fri bruk av hjelpemiddel, reiste det seg massiv motstand. Kritikken frå fagmiljøa var nærast unison.

«Heldigital eksamen er en ulykke for mattefaget», skreiv til dømes Roar Ekeland, lektor ved Drammen videregående skole i Aftenposten i november i fjor. «Det vil være et stort feilgrep å prøve å fjerne todelt eksamen», sa leiar Rita Helgesen i Norsk Lektorlag.

Til no har matematikkeksamenen hatt ein del der elevane måtte utføre reknestykke med penn og papir, utan tekniske hjelpemiddel. Den delen vil altså Utdanningsdirektoratet fjerne.

Kva er matte?

Denne striden handlar dels om ulike syn på kva matematikk er. Sidan dei fleste i dag brukar tekniske hjelpemiddel når dei skal rekne ut noko komplisert, kan ein hevde at ein digital eksamen med hjelpemiddel berre er tilpassa samtida. Men kritikarane hevdar at ei slik eksamensform kan svekkje den grunnleggjande matematikkforståinga.

«Flervalgsoppgaver eller oppgaver der elevene bare skriver inn et svar, er lite egnet i matematikk. Det er avgjørende at elevene får mulighet til å vise utregning og hvilken løsningsstrategi de har valgt», skreiv til dømes Utdanningsforbundet og Norsk Lektorlag i ei bekymringsmelding til Utdanningsdirektoratet i november i fjor.

Dette handlar ikkje berre om eksamen, påpeikar mange av kritikarane: Eksamensforma påverkar også læringa gjennom skuleåret. Om elevane veit at dei ikkje treng å demonstrere grunnleggande matematikkforståing på papiret til eksamen, vil det òg påverke kva dei lærer, og måten dei lærer på.

Lova å lytte

Protestane har ikkje berre kome frå røynde matematikklærarar og lærebokforfattarar, frå Norsk Lektorlag og frå Utdanningsforbundet. Også leiarar ved realfagsutdanningane på universiteta har gått hardt ut mot den planlagde eksamensforma. «De nye eksamensformene (...) kan føre til at fremtidens studenter ikke har tilstrekkelige matematikkferdigheter til å følge undervisning på dagens nivå», skreiv tre dekanar frå realfaglege fakultet ved høvesvis NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo i eit innlegg i Aftenposten.

I januar måtte kunnskapsminister Guri Melby svare på fleire kritiske spørsmål om eksamensplanane i spørjetimen i Stortinget. «Jeg tar kritikken som er kommet på stort alvor. Jeg ønsker å lytte til motforestillinger», sa ein audmjuk statsråd, som opna for at planane om heildigital matteeksamen kanskje måtte endrast. Så vart skriftleg eksamen i vår avlyst på grunn av pandemien. Det vart ein førebels våpenstillstand, og debatten tagna for ei tid.

Krast brev

For dei som kjempar mot den heildigitale matteeksamenen, vart denne togna urovekkjande lang. Så 3. mai i år vart det sendt eit ope brev til kunnskapsminister Melby med overskrifta «Eksamen i matematikk på ville veier». Blant underskrivarane var leiarane for dei matematiske institutta ved fem norske universitet, leiarane i Norsk Lektorlag, Utdanningsforbundet og Norsk matematikkråd og presidenten for fagorganisasjonen Tekna.

«Vi henvender oss nå direkte til statsråden fordi vi på det sterkeste vil fraråde at eksamen utformes slik Udir foreslår. Etter vår mening er det nødvendig at en del av eksamen skal løses uten hjelpemidler», heitte det i brevet. Forfattarane uttrykte òg klar mistillit til Utdanningsdirektoratet: «Vår erfaring er dessverre at Udir i liten grad har vist vilje til å lytte til de mange faglige argumentene som har kommet når det gjelder å beholde en eksamensdel uten hjelpemidler.»

No skjer det

Kunnskapsministeren har enno ikkje svart på brevet. Men no viser det seg at brevskrivarane hadde grunn til uro: Den digitale revolusjonen til Utdanningsdirektoratet er alt i gang, rett nok i liten skala. Denne veka fekk Dag og Tid stadfesta at dei som tek matematikk på Vg1 som privatistar i vår, faktisk får ein heildigital matteeksamen med fri tilgang på hjelpemiddel, slik direktoratet varsla i fjor haust.

Og dette er ikkje berre ein prøveballong: Om ikkje den ordinære eksamenen hadde blitt avlyst i vår, ville alle elevane som tek Vg1, ha fått den nye, heildigitale eksamenen i matematikk, opplyser Julia C.S. Pettersen, kommunikasjonsrådgjevar i Utdanningsdirektoratet. Dei mange protestane frå fagmiljøa har altså ikkje rokka ved avgjerda til direktoratet.

– Urovekkjande

Rita Helgesen, leiar i Norsk Lektorlag, er overraska over at dette skjer alt no. Ho hadde venta at privatistane i vår skulle få eksamen etter gammal ordning.

– Det er svært urovekkjande at Utdanningsdirektoratet vel å gjennomføre ein?heildigital eksamen for privatistane. Det viser at dei ikkje tek innvendingane frå eit samla fagmiljø på alvor.

– Korleis tolkar du denne avgjerda for privatisteksamen? Vil dette seie at statsråden er ferdigtenkt, og at det heretter blir heildigital eksamen i matematikk?

– Om statsråden er ferdigtenkt og saka er avgjord, veit eg ikkje. Melby må no svare på brevet vi sende 3. mai.

Liten verdi

Rita Helgesen var sjølv medlem i ei arbeidsgruppe som skulle gje råd om ny utforming av eksamen i samband med fagfornyinga, og er frustrert over at råda ikkje vart følgde.

– I eksamensgruppa la vi stor vekt på at eksamenane måtte byggje på premissane til faget. Dette har direktoratet glatt oversett, seier ho.

– Det provoserer meg sterkt at byråkratane i Utdanningsdirektoratet berre overkøyrer fagmiljøa. Vi hadde veldig gode prosessar i fagfornyinga, og der var fagfolka involverte frå A til Å. Men i denne saka har direktoratet berre teke seg til rette.

– I januar skreiv divisjonsdirektør Sissel Skillinghaug og avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i Utdanningsdirektoratet dette i Aftenposten: «Vi ser, hører og tar kritikken til oss» og «vi involverer organisasjonene i referansegrupper». Stemmer ikkje det?

– Utdanningsdirektoratet tek ikkje omsyn til innspela frå organisasjonane eller fagmiljøa når det vidareutviklar, og da har involveringa liten verdi.

Sidan dette er det første skuleåret etter fagfornyinga, er det berre første trinnet i vidaregåande som har vore aktuelt for heildigital matteeksamen til no. Men Rita Helgesen trur dette berre er starten. Ho fryktar at dette blir eksamensforma også i dei såkalla programfaga, inkludert matematikk for dei som skal vidare til universiteta.

– Utdanningsdirektoratet har lenge ivra for at elevar skal ha tilgang til alle hjelpemiddel på eksamen i alle fag. Det verkar som dette er eit prinsipp for direktoratet, og politikarane og departementet ser ut til å godta det, seier Helgesen.

Eksperiment

– Det er skuffande at Utdanningsdirektoratet framleis går inn for heildigital eksamen med alle hjelpemiddel, seier Lise Randeberg.

Ho er professor ved Institutt for elektroniske system ved NTNU og president i Tekna, ei fagforeining for dei med mastergrad i teknologi eller naturvitskaplege fag.

– Dette verkar som eit gedigent eksperiment med privatistane som skal opp til eksamen no. Eg er svært usikker på kor god trening kandidatane har fått i denne eksamensforma, dette kan slå veldig skeivt ut, og eg kan godt skjøne det om dei synest det er urettferdig.

Ho seier at Tekna er klart imot heildigital eksamen.

–?Ikkje fordi vi er konservative eller gammaldagse, men i matematikk er det viktig å ha utrekninga i fingrane og å vise at ein har forstått metoden. Matematikk er eit handverksfag. Du må forstå det du gjer.

Rett og feil

Ein eksamen der du ikkje får vist utrekninga di, men berre kjem fram til rette eller galne svar, kan òg slå uheldig ut for dei svakare elevane, meiner Randeberg.

– Om du gjer det meste rett og kjem nesten i mål, men får feil svar til slutt, får du ingenting på ein slik eksamen. Da får du ikkje vist at du har skjønt det.

– Har ikkje direktoratet nokon gode faglege argument for heildigital eksamen?

– Det verkar som om dei har bestemt seg for verktøyet først og har utforma eksamen ut frå dette. Om ein digitaliserer for digitaliseringa si skuld, og ikkje for læringa si skuld, er det tvilsamt om det vil fungere særleg godt, seier Lise Randeberg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Byråkratane i Utdannings-
direktoratet berre overkøyrer fagmiljøa.

Rita Helgesen, leiar i Norsk Lektorlag

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis