JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Skule i ubalanse

Lektor Jørg Arne Jørgensen meiner all merksemda om psykisk helse i skulen er i ferd med å verte ein hemsko for utvikling og læring. Han er ikkje åleine om å meine det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Presentasjonar og føredrag er blant læringsaktivitetane stadig fleire elevar slepp unna fordi dei opplever det som ubehageleg, ifølgje lektor Jørg Arne Jørgensen.

Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB

12894
20210709
12894
20210709

Skule

eva@dagogtid.no

Stadig fleire unge rapporterer at dei slit med psykiske plager, og ifølgje både forskarar og det elevar sjølv svarar i spørjeundersøkinga Ungdata, er skulerelatert stress ein viktig faktor. Skulen vert av mange også sett som ein viktig arena for å førebyggje psykiske plager.

Difor vert det utarbeidd handlingsplanar for arbeidet med den psykiske helsa til elevane, skulane arrangerer temadagar om psykisk helse og markerer verdsdagen for psykisk helse.

I dei nye læreplanane som kom i fjor, vart «livsmeistring» innført som tverrfagleg tema – eit tiltak som har fått brei støtte, men som òg er kritisert for å leggje for stort ansvar for psykisk helse på enkeltindivid og for å gjere læraren til hobbypsykolog.

Lektor og religionshistorikar Jørg Arne Jørgensen er blant dei som spør seg om ikkje merksemda på psykisk helse i skulen tek til å verte trekt for langt. I ein gjestekommentar som stod på trykk i Stavanger Aftenblad nyleg, argumenterer han for at all vekta på korleis eleven har det, kor motivert han er, og kor trygg han kjenner seg, er i ferd med å verte ein hemsko for utvikling og læring.

Innovervend

Jørgensen syner til at stadig fleire elevar slepp læringsaktivitetar dei opplever som ubehagelege, som å halde føredrag eller å snakke høgt i timen, og at elevsamtalar no ofte vert pensa over på å handle om korleis eleven «har det», og mindre om fag og skulearbeid.

Han fortel òg at Helsestasjon for ungdom har forklart elevane hans i vidaregåande skule at dei må få lov til å gå ut av klasserommet i timen om dei opplever det som ubehageleg å sitje saman med dei andre.

Han meiner denne tendensen med å unngå det ubehagelege og angstfylte kan gjere menneske meir skjøre og ustabile heller enn mindre, og at det kan medverke til at elevane vender seg meir innover i staden for utover mot både verda og fellesskapen med andre.

«Det er som om skolen er blitt et rent individualistisk foretak som dreier seg om egne prestasjoner, hvordan en har det og selv opplever skolemiljøet», skriv han.

– Gradvis endring

Jørgensen har jobba som universitetslektor og studiekoordinator på Universitetet i Stavanger og mellom anna undervist på lærarutdanninga. I dag underviser han ved Steinerskulen både på vidaregåande og på ungdomstrinnet.

Han seier det sat langt inne å skrive kommentaren, og at den var meint som eit hjartesukk og er eit situasjonsbilete han oppfattar at fleire lærarar deler.

– Mykje av merksemda om kjensler og psykisk helse er både bra, velmeint og viktig å ta på alvor, men det er noko med mengda og balansen her. Og så kan det jo òg misbrukast. Eg anerkjenner sjølvsagt dei som har psykiske lidingar, men når ein stor del av elevane i ein klasse har spesialtilpassing, verkar det rart, seier han.

– Reelt problem

Kommentaren til Jørgensen er mykje delt i sosiale medium og hadde førre veke fått nær 50.000 sidevisingar, noko som er uvanleg mykje for ein kommentar, ifølgje debattleiaren i Stavanger Aftenblad.

Åshild Knutzen, som er hovudtillitsvald for Utdan­ningsforbundet Rogaland fylkeskommune, seier fleire lærarar òg har delt og diskutert kommentaren, og at Jørgensen peikar på noko mange opplever som eit reelt problem.

– Det vert lagt så stor vekt på at ein skal ha det bra, at om ein møter litt motstand, ubehag eller press, kan det vere nok til å tenkje at noko ikkje er som det skal. Samstundes har det å ha psykiske problem vorte så vanleg og akseptert at det vert ei kvilepute òg. Eg veit mange lærarar som reagerer på at elevar går til helsesyster eller psykolog og får tilpassingar i tilfelle der læraren, som ser eleven i klassemiljøet og ikkje berre enkeltvis, meiner eleven kunne hatt godt av å strekkje seg. Tett samarbeid mellom aktørane som utgjer laget rundt eleven, er viktig for å finne dei gode løysingane for den enkelte situasjonen, seier ho.

Normalen

Ingunn Folgerø er rektor ved Bryne vidaregåande skule, ein av landets største vidaregåande skular, og erfarer òg at fleire elevar får tilpassa og tilrettelagd undervisning no enn før.

– Tilrettelegging er mykje meir normalen i dag. Det har vorte ein del av lærarjobben å ta ulike omsyn og å leggje til rette. Det betyr ikkje nødvendigvis at det er fleire som har det vanskeleg no, men sidan det har vorte så mykje merksemd om psykisk helse, vert det ei sak som vert fleire sitt ansvar. Å ha det vanskeleg i periodar og at det er ting ein tykkjer er ubehageleg, gruar seg til og ikkje trivest med, er jo ein naturleg del av det å vere menneske. Slik har det alltid vore, men no er det større aksept for både å snakke om det og å innrette seg etter det. Det er òg større forventningar til det hjå foreldre og støtteapparat.

– Er dette eit problem, slik du ser det?

– Det er vanskeleg å vere kategorisk på om vekta på psykisk helse tek merksemda vekk frå fag eller styrkjer fag. Men eg trur det er viktig at vi passar på at verdiar som innsats, flid og ambisjonar ikkje vert sette i samanheng med det å få eller bidra til eit dårleg skulemiljø. Mykje av stresset og presset som vert kanalisert inn i skulen, handlar om andre faktorar i livsførselen vår. Vi veit til dømes at mange søv mindre enn før, og at dei er mykje på nettet om nettene. Det vert peika på at vi heile tida er eksponerte. Det er viktig at psykisk helse i skulen handlar om å takle skulekvardagen, medan behandling vert gjort av andre instansar, seier Folgerø.

Lærar i skvis

Jørgensen påpeikar at læraren som fagperson ofte hamnar i skvis: Ein lærar kan til dømes verte oppringd av helsestasjonen eller ein psykolog med melding om at ein elev har det vanskeleg og må sleppe press og stress.

– Då vert det sjeldan laga nokon strategi for å prøve å lære eleven meistring, for tilpassinga er å skjerme eleven. Og er det fyrst bestemt, vert det ofte ståande. Unntaket vert til regelen, seier han.

Andre gonger kan det vere foreldre eller elevar som set læraren under press.

Ifølgje Jørgensen vert det meir og meir vanleg at elevar ikkje finn seg i å verte irettesette fordi dei opplever det som ubehageleg. Sjølv har han vorte skulda for å vere krenkjande etter å ha kjefta på ein elev som sat og snakka i timen og ikkje gjorde som han skulle. Ein kollega på ein annan skule vart kalla inn på teppet hjå rektor for å be ein elev og foreldra om orsaking etter å ha kjefta høglydt på eleven som sat og snakka i timen og forstyrra andre, seier han.

Klagar på skulen

Ein del av dette biletet, slik både Jørgensen og Knutzen ser det, er endringane som vart gjorde i kapittel 9a i opplæringsloven i 2017 for å styrkje rettane til elevar som vert mobba. Endringane gav elevar ein individuell rett til eit trygt og godt skulemiljø og slår fast at det er den subjektive oppfatninga til eleven som avgjer om miljøet er nettopp trygt og godt. Skulen pliktar på si side å innføre tiltak om ein elev vurderer at skulemiljøet ikkje oppfyller desse krava, og det vert vektlagt at det er «skjerpa aktivitetsplikt» om ein lærar krenkjer ein elev.

Jørgensen seier han sjølvsagt er for føremålet med 9a, men at dette òg kan verte misbrukt.

– Utdanningsforbundet har vore oppteke av at paragrafen kan svekkje rettstryggleiken til lærarane. Men ein ting er kva som er det rettslege her. Ein annan ting er at paragrafen gjer at læraren kan miste autoritet i det daglege, seier han.

Knutzen i Utdanningsforbundet seier 9a har gjort det mogleg å seie seg krenkt av nesten «kva som helst» og så krevje handling frå skulen.

– Det er ingen tvil om at enkelte elevar og for så vidt òg føresette i enkelte tilfelle utnyttar 9a. Vi har til dømes erfart at det på enkelte skular eskalerer med 9a-klagar rundt terminoppgjeret, altså at elevar hevdar seg krenkte når dei ikkje får den karakteren dei har håpa på, seier ho.

– Usunn situasjon

Jorunn Folkvord, som er ansvarleg for grunnskulen i Utdanningsforbundet Oslo, kjenner òg til døme på at 9a er brukt i situasjonar der elev og føresette ikkje heilt fekk det som dei ville, men ho understrekar at dette er misbruk av paragrafen, og ho oppfattar at det i hovudsak er knytt til elevar som ikkje har vanskar med psykisk helse.

Jørgensens uro over at vekta på kjensler og psykisk helse kan verte ein hemsko for utvikling og læring, kjenner ho derimot ikkje att frå Oslo-skulen.

– Det vi i større grad får tilbakemelding om frå lærarar, er uro over den psykiske helsa til elevane. Det reine karakterbasert inntaket på vidaregåande her har bidrege til ein sterk konkurransesituasjon og høgt prestasjonspress på ungdomstrinnet, og det vi får flest tilbakemeldingar om, er at dette er ein usunn og vanskeleg situasjon. At elevane slepp oppgåver dei tykkjer er ubehagelege eller vanskelege, kjenner eg ikkje til døme på frå Oslo. Men det betyr ikkje at dei ikkje finst, seier ho.

– Symptom

Med Kunnskapsløftet i 2006 vart det innført kompetansemål for elevane, og det vart seinare etterfølgt av ei nasjonal satsing på såkalla læringsfremjande vurderingspraksis og vurderingskultur, omtalt som «vurdering for læring».

Solrun Samnøy ved Høgskulen på Vestlandet arbeider med eit doktorgradsprosjekt om lærarens rolle i å fremje psykisk helse og trivsel hjå elevane. Ho meiner den store merksemda på vurdering har mykje av skulda for prestasjonspresset i skulen, og såleis også for utviklinga Jørgensen skildrar.

– I vurderingssituasjonen vert lyskastaren retta nettopp mot eleven i staden for mot lærestoffet. Sjølv om det ikkje vert gjeve karakterar før på 8. trinn, startar tilbakemeldinga om eleven frå fyrste skuleår, og gjennom heile barneskulen vert det skrive elevevalueringar, seier ho.

– Når ungdomsskulen og karakterpresset set inn for alvor, kan evalueringa få så stor plass at det for elevane framstår som målet med skulen og ikkje eit middel.

Ho meiner det er denne prestasjonsvurderinga fleire elevar syner behov for å trekkje seg unna, og at vurderingsforma nesten undergrev poenget med skulen – å opne verda og skape samfunnsengasjement hjå eleven.

Samnøy forstår såleis godt frustrasjonen til lærarar som tykkjer for mykje handlar om korleis eleven har det. Ho er òg samd i at elevane ofte treng å møte utfordringar heller enn å vike unna, og ser ikkje vekk frå at foreldre og støtteapparat som prøver å verne eleven, kan gjere han ei bjørneteneste.

– Eg ser heller ikkje vekk frå at det kan vere eit innslag av «overbeskytting» i dette biletet, men eg meiner at dette er eit symptom på noko større. Vi må starte med å spørje oss kvifor ungdom har desse symptoma, og då trur eg svaret er meir komplisert enn at vi skal ta mindre omsyn til signala dei sender. Det kan aldri verte for mykje vekt på kjensler eller tryggleik i skulen, for dette er så sentrale element i læring og utvikling. Spørsmålet er korleis vi skal gjere det, og om vi gjer det på ein måte som støttar utviklinga og mogningsprosessen til eleven, seier ho.

– Demotiverande

Psykologiprofessor Ole Jacob Madsen ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo har kritisert innføringa av «livsmeistring» i skulen og meiner faget inneber ei individualisering av ansvaret for prestasjonspress og psykiske helseplagar blant unge.

No jobbar han med ein studie om skulevegring blant elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og han ser at det er fleire elevar som ikkje orkar all eksponeringa i skulen: Dagens skule legg meir vekt på framføring og samarbeid enn før, noko som truleg inneber at eleven også må vere meir utovervend for å henge med, seier han.

Madsen deler likevel uroa til Jørgensen om at det kan verte for mykje merksemd om psykisk helse i skulen.

– Faren er at det vert ein sjølvoppfyllande profeti. Den velmeinte tanken er at meir merksemd både skal dempe og bidra til å handtere psykiske vanskar, men ein kan jo òg lure på om elevane ikkje vert flinkare til å kjenne etter og fortolke alt av opp- og nedturar i ungdomstida inn i eit psykiatrisk rammeverk og med diagnosespråk, seier han.

Jørgensen meiner òg at all vekta på vurdering og eigenvurdering og alle kompetansemåla eleven skal målast etter, bidreg til at skulen vert opplevd meir stressande og demotiverande for mange.

– Skulen burde vore både mindre teoretisk og mindre prestasjonsbasert. Det kunne løyst ein del. Men eg trur òg vi må vere tydelegare på kva som vert venta av elevane i vaksenverda, spesielt dei eldre elevane i ungdomsskule og vidaregåande skule. Det er jo ikkje slik i arbeidslivet at ein heile tida kan verte friteken frå å gjere det ein skal. Nokre elevar treng ei realitetsorientering og oppdraging òg, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg trur vi må vere tydelegare på kva som vert venta av elevane i vaksenverda.

Jørg Arne Jørgensen, lektor

– Det å ha psykiske problem har vorte så vanleg og akseptert at det vert ei kvilepute òg.

Åshild Knutzen, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis