JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sverige som stormakt

STOCKHOLM: Frå Karl XII til Jimmie Åkesson, via Olof Palme og Fredrik Reinfeldt, har svenske stormaktsdraumar slege feil. Sundag er det val.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stockholmarar fiskar i Lilla Värtan framføre Karl XII-statuen. Bak til venstre ligg Riksdagen, og i husrekkja til høgre regjeringsbygningen og statsministerbustaden.

Foto: Håvard Rem

11528
20180907

Valrapport

Håvard Rem dreg gjennom Sverige fram mot eit riksdagsval 9. september som kan utfordra ein hundreårig konsensus i svensk politikk. Del 4

Svensk val

post@rem.no

Det er berre 500 meter frå Karl XII-statuen i Kungsträdgården til Riksdagshuset på Helgeandsholmen, men for Sverigedemokraterna tok det 22 år å gå dei, frå partistiftinga i 1988 til dei braut sperregrensa i 2010. Kjem dei seg vidare dei siste hundre metrane til regjeringsbygningen, og kor lang tid tek det? I Stockholm ligg makta kompakt. På færre mål enn Slottsparken i Oslo ligg regjeringsbygningen, Slottet, operaen, Riksdagen, statsministerbustaden og torget til Karl XII. Statuen av den krigerske barnekongen held eit sverd i høgre hand medan venstre peiker mot Russland i aust. I kvart sitt hundreår leia ovmodige Karl XII, Napoleon og Hitler kvar si stormakt mot Moskva og eit knusande nederlag.

Stormaktskomplekset har svenskane halde på. På dødsdagen til Karl XII, 30. november, samlar folk seg kvart år kring statuen. Det byrja som ei akademisk markering i universitetsbyen Lund, der kongen ei tid budde, men dagen har lenge vore prega av høgreekstreme. Og nemner du Sverige og stormakt i same setning, spelar du på djupe strenger, slik Moderaterna-statsminister Fredrik Reinfeldt gjorde då han slost for attval i 2014.

Femtiåra

Meir enn 200 år gjekk før Sverige vart ei stormakt att, men i førre hundreår gjekk industrireisinga så det grein av di landet heldt seg nøytralt i to verdskrigar. Sommaren 1946 var det til Sverige foreldra mine fór på bryllaupsferd, etter å ha vorte vigde i Vennesla, heimstaden til brura, for å sjå eit land som blømde, økonomisk og industrielt, medan grannelanda var svekte av verdskrigen. Dei såg eit land der vanlege folk køyrde privatbil, som i Statane. Sjølve tok dei toget, og i ein bokhandel i Kristiansand fann far min eit påskot til å utvida boksamlinga si med Svensk-norsk ordbok, som har vore eit minne på Sverige-ferda mi.

Når eg pratar med svenskar fødde etter krigen som har følgt foreldra på ferie i Noreg, er det fattigdomen dei hugsar. Av borna dei såg når dei steig ut av bilen, helst ein Volvo PV, skjøna dei at dei vitja eit fattig land.

Borna mine skjønar ikkje det. Dei vart fødde under den dramatiske finanskrisa i Sverige tidleg i 1990-åra. For dei er svenskar servitørar og Volvo kinesisk. Når snudde det?

Syttiåra

Frå 1973 har eg minne om eit styrketilhøve i gryande endring. Året før hadde båe landa takka nei til EU-medlemskap, Noreg på grunn av frykta for å mista eit nasjonalt sjølvstende som me alt to gonger i manns minne hadde vore utan, med svensk union og tysk okkupasjon, Sverige på grunn av nøytraliteten, men òg av di dei var så økonomisk sterke at dei meinte dei ikkje trong EU.

Året etter byrja det å snu. Med krigen mellom Israel og arabarland kom høge oljeprisar, og Sverige fekk ein økonomisk smekk etter førti år som folkhem, med vekst, utan krig, leia av sosialdemokratiske landsfedrar.

Same haust følgde me historielæraren vår – han sat få år seinare på Stortinget for Høgre – opp på ei høgd bak skulen for å sjå ei oljeplattform som vart slept ut Tromøysundet. Jau, me fekk bensinrasjonering i Noreg òg, men frå no av skulle kvar midtaustenkonflikt med høge oljeprisar svekkje svensk økonomi og styrkje norsk.

Knapt eit arbeidarparti i den vestlege verda stod så sterkt i ein så sterk økonomi som Socialdemokraterna. Men då Sverige midt i 1970-åra var på høgda som velferdsstormakt, slik dei 300 år før var på høgda som militær stormakt, vart dei gripne av ovmod.

Her er nokre døme på kva dei freista å gapa over: Slik Karl XII gjekk mot Moskva, vende ein fagforeiningspressa statsminister Palme seg motviljug mot Moskva-kommunisme, planøkonomi og statleg eigarskap til store verksemder. Det gjekk gale – ikkje minst for S, som såleis mista mange moderate. Slik Noreg skulle verta ein oljenasjon, skulle Sverige verta ein atomkraftnasjon. Det gjekk gale – ikkje minst for S, som såleis mista miljørørsla. Velferdspolitikken som alt var verdas beste, vart endå meir ambisiøs med pensjonar, ferieveker og sjukeløn. Det gjekk gale under finanskrisa i 1990-åra. Og for å skaffa nok arbeidskraft til svensk industri vart det i 1975 vedteke at Sverige skulle verta eit multikulturelt land. Somme meiner at det kan gå gale òg.

Åttiåra

Eg vart mint på Sveriges stordom då eg i 1985 budde i Toscana. Unge italienarar var nyfikne på heimlandet mitt, men vanta referansar, ikkje minst på felt som hadde noko å seia for dei: film, bil, alpint, tennis, musikk. Men Sverige fekk yatzy: Ingmar Bergmann, Volvo, Ingmar Stenmark, Björn Borg, Abba. Skuleflinke Petra gjekk latinlina og visste om Ibsen og Munch, men frå notida? Noreg hadde nett vunne Melodi Grand Prix for fyrste gong, men i Italia brydde dei seg ikkje om tevlinga. Abba kjende dei frå diskoteka.

Fyrst då eg kom att året etter, hadde dei italienske venene endeleg ein norsk referanse: a-ha. Saman med Kygo, Stokke møbler og Helly Hansen toppar bandet framleis lister over dei fremste norske varemerka globalt. Som globetrotter veit eg at Yara og Jotun er størst utanlands, men kunstgjødsel og husmåling er ikkje livsstilsvaremerke som Ikea, H&M og Ericsson.

Jappetida rota til norsk økonomi, men øydela svensk. Sverige gjekk så det grein, men forbruket auka langt meir enn produktiviteten. I eksportnasjonen steig kostnadsnivået medan konkurranseevna fall. Sverige gjekk mot konkurs. Eit land som hadde toppa OECDs velstandsliga i 1970-åra, fall til midten.

Nittiåra

I 1990-åra var Sverige så økonomisk rundjult at dei kutta karensdagar, la nøytraliteten til sides og søkte om EU-medlemskap. Audmjukskapen var stor, og stormaktsdraumane avgrensa seg til nasjonalistar. Den svenske finanskrisa i fyrste helvta av 1990-åra kom saman med eit sterkt oppsving for nasjonalistiske rørsler.

Men slik økonomien roa seg med EU-medlemskapen, vart òg høgreaktivistane meir moderate. Frå 1995 døydde Karl XII-markeringane ut, saman med dei norrønt inspirerte kyrkjebrannane i Noreg. Sverigedemokraterna forbaud bomberjakker, som òg skuleeleven Jimmie Åkesson hadde nytta, og valde ein meir sømeleg partileiar, den tidlegare Centerparti-politikaren Mikael Jansson. Han sat i ti år, til Jimmie Åkesson tok over. I dag er Jansson aktiv i SD-utbrytarpartiet Alternativ för Sverige.

Etter tretten år som partileiar er Åkesson i dag ein av dei som nyt mest tillit mellom veljarane. Mange nazilik har ramla ut av partiskapet, men partileiaren sjølv har for det meste gått klar. Åkesson har fortalt at han byrja det politiske engasjementet i ungdomsavdelinga til Moderaterna, slik forgjengaren byrja i Centerpartiet, men at han på grunn av EU-motstand gjekk frå M til SD. Han har tidfesta SD-medlemskapen sin til etter at Jansson tok over partiet i 1995, men den antirasistiske stiftinga Expo, skipa same år, meiner at han tok del i SD alt medan Anders Klarström, som hadde vore innom Nordiska Rikspartiet, var leiar.

Då hadde Karl XII-markeringane, med kransnedlegging ved statuen, dabba av. Dei var størst tidleg i 1990-åra, som markeringar for høgreekstreme, med gateslag mellom dei, antirasistar og politi – samstundes med kyrkjebrannane i Noreg og vikingarocken i Sverige. Ultima Thule, favorittbandet til Jimmie Åkesson, selde i 1992 meir enn 100.000 eksemplar av albumet För fäderneslandet, med ein tittelsong som Åkesson sjølv har framført som tangentspelar i bandet Bedårande barn.

Karl XII-markeringa

Fredagen før Karl XII-markeringa i 1992 møtte eg Leonard Cohen, som var i Oslo for å prata om albumet The Future. Som jøde gjorde det inntrykk på han at jødiske gravstader no vart raserte i Stockholm, dit han var på veg. Han sa: «Eg har ein svart songar, og ein ven fortalde meg: ’Leonard, mellom fem og ti tusen nynazistar vil samla seg i Stockholm i helga. Du lyt vera varsam.’ Det er utruleg at vi har ein slik samtale i 1992.»

Bak markeringa stod det då fire år gamle partiet Sverigedemokraterna. Medan Cohen sat i Oslo, sende TV Stockholm ein førehandsdebatt om 1992-markeringa, med foto frå den store 1991-markeringa. Kring den bannerdraperte sokkelen til Karl XII-statuen står vaksne, men òg to gutar på om lag tolv år, båe i bomberjakker. Den eine av dei har brillene, blikket, hårfargen og andletsforma til han som i dag leiar partiet som arrangerte markeringa.

Er det han, har han pynta på fortida. Men nei – rett nok var Åkesson i 1991 ein tolvåring med store briller og bomberjakke, men korleis skulle ein gut koma seg dei 50 mila og fem togtimane frå heimstaden Sölvesborg i Skåne til Stockholm? Men éin ting veit me sikkert: Han tok del i Karl XII-markeringar. I 1998 stifta han saman med andre unge SD-medlemmer Nationaldemokratiska studentföreningen, som frå 1999 til 2003 tok opp att 30. november-arrangementet kring statuen.

Rett nok er The Future eit apokalyptisk album, men hadde einkvan fortalt Cohen og meg i 1992 at Karl XII-gjengen på fleire målingar skulle liggja an til å verta det største partiet i Riksdagen i 2018, hadde me ikkje trudd det.

Humanisme

Korleis vart dei så store? Ein annan stormaktsdraum hjelpte godt til.

SD vart stort i 2015, eit år som alt har skrive seg inn i historia på grunn av migrantstraumen til Europa og Sverige. Syria-krigen varsla om kva som ville koma, og i 2014 gjekk sitjande statsminister for Moderaterna, Fredrik Reinfeldt, til val med ein bodskap som òg har skrive seg inn i historia: Öppna era hjärtan.

At høgrepolitikarar ynskjer fri innvandring, er ikkje noko nytt. Alt i 1989 tok noverande M-partileiar og statsministerkandidat Ulf Kristersson til orde for opne grenser – jamvel om han i 2018 er den mest restriktive partileiaren etter Åkesson.

Men korleis grunngav forgjengaren Reinfeldt ynsket om opne grenser? At Sverige trong arbeidskrafta? At folkesetnaden var aldrande? Nei, grunngjevinga var enkel: Sverige er ei stormakt – og i dette høvet ikkje ei territoriell eller industriell, men en humanitär stormakt.

Som stormaktsdraumen til Karl XII og Olof Palme har denne òg slege feil.

Kva botnar den svenske stormaktsdraumen i? Nøytraliteten. For kva kan vel legitimera ein nøytralitet som mange, svenskar òg på ein dårleg og skuldtyngd dag, ser som opportunistisk? Jau, Sverige som stormakt. Ei militær stormakt som gjev nøytraliteten truverd. Ei politisk stormakt som ikkje bind seg til ei supermakt. Ei velferdsstormakt så smurd at ho òg kan vera ei humanitær stormakt for dei heimlause på jorda, og som provar at nøytraliteten ikkje kjem av opportunisme, men av humanisme.

Nederlaga

I den no så rolege parken kring Karl XII-statuen har ein utsyn til Slottet og Riksdagen. Gateslaga har flytta seg 500 meter til Riksdagen, der dei førebels har form av isfrontar. Kva som skal henda der i dagane og vekene etter valet sundag, er det få som skjønar.

Det eg heller ikkje skjønar, er at Karl XII vart nasjonalhelt. Kva har han å syna til? Etter at han vende heim i vanære frå eit katastrofalt felttog mot Russland, og etter at han hadde øydd alle dei svenske erobringane kring Austersjøen, skulle han som plaster på såret erobra det fattige fillelandet i vest, Noreg. Men heller ikkje det makta han. Prikken over i-en for alle nederlaga hans var den kula som tok livet av han i Halden den siste novemberdagen for 200 år sidan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Bak 30. november-markeringa stod det fire år gamle partiet Sverigedemokraterna.

At Karl XII-gjengen skulle verta størst i
Riksdagen, trudde ingen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis