Vanskar på vegen mot sjølvstende
I teorien er det reint fleirtal for sjølvstende i parlamentet i Catalonia. I praksis er det ikkje så lett.
Valplakatar på ein vegg i Barcelona.
Foto: Eric Gaillard / Reuters / NTB scanpix
Spania
eva@dagogtid.no
Valet har løyst veldig lite.
Det sa Andrew Dowling, som underviser i katalansk historie ved Cardiff-universitet i Wales, til nyhendebyrået AP då dei tre partia som er for eit sjølvstendig Catalonia, sikra seg reint fleirtal i det regionale parlamentet like før jul.
Esquerra Republicana (ERC), Junts per Catalunya og CUP fekk 70 av 135 av plassane i parlamentet, som er to fleire enn dei treng for å danne ei sjølvstenderegjering. Samstundes fekk dei berre 48 prosent av røystene, og sentrumspartiet Ciudadanos, som er imot sjølvstende, vart største parti med 37 parlamentsplassar.
Ines Arrimadas, som leiar Ciudadanos, var òg raskt ute med å påpeike at «fleirtalet av katalanarar kjenner seg katalanske, spanske og europeiske og vil halde fram å gjere det».
– Sjølvstendepartia kan aldri igjen hevde at dei snakkar for heile Catalonia. Vi kjem til å halde fram å kjempe for fredeleg sameksistens, sunn fornuft og eit Catalonia for alle katalanarar, sa ho.
Kor vidt det går mot ei ny sjølvstendeerklæring frå Catalonia er såleis ikkje openbert.
Splittingar internt
Sju av representantane som vart valde inn i parlamentet, sat før jul framleis i fengsel eller i eksil – sikta for oppvigleri og økonomisk kriminalitet, etter førre forsøket på sjølvstendeerklæring i oktober. Det inkluderer den tidlegare katalanske regionspresidenten Carles Puigdemont.
I tillegg skal dei siste vekene ha synt at det er splittingar internt i separatistleiren. ERC, som fekk 32 av plassane i parlamentet, skal ha signalisert at partiet er klart til å revurdere strategien for sjølvstende og gå for ei meir gradvis tilnærming, skriv Financial Times. Ei gradvis tilnærming vert derimot oppfatta som utenkjeleg for dei andre sjølvstendepartia, og særleg for det radikale CUP, som fekk fire av plassane i parlamentet, ifølgje avisa.
Avhengig av Madrid
Eit anna spørsmål er kven som skal leie sjølvstendeblokka. Partiet til Puigdemont, Junts per Catalunya, vart størst blant sjølvstendepartia med 34 plassar i parlamentet. Puigdemont, som har sete i eksil i Brussel sidan oktober, er derimot avhengig av at regjeringa i Madrid trekkjer tilbake siktinga mot han for at han skal kunne reise tilbake til heimlandet.
Skjer ikkje det, må både han og dei andre politikarane som sit fengsla eller i eksil, erstattast i parlamentet. Må sjølvstendeblokka ofre dei mest erfarne og populære politikarane, mistar ho og politisk slagkraft, ifølgje Financial Times.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?