Flyttesjau i Venstre
I Moss sit partileiinga og forhandlar om regjeringserklæring med Frp. Rundt om i landet sit det lokalpolitikarar som vil melde seg ut om dei lukkast.
Anders Kristoffer Oppheim og Håkon Gjerde i Ulvik Venstre trur Venstre kjem til å måtte betale dyrt om partiet går i regjering. Gjerde (t.h.) kan melde seg ut om det skjer. – Vi flyttar Venstre-sjela, seier han.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Venstre
Er det eldste partiet i Noreg.
Hadde i 2017 7057 medlemmer, som inneber ein nedgang på nær 27 prosent sidan 2012.
Fekk 4,4 prosent oppslutning ved valet, og kom for fyrste gong på 30 år over sperregrensa i to stortingsvalg på rad.

Politikk
eva@dagogtid.no
– Skal vi klare å stabilisere oss over sperregrensa, må vi vere villige til å ta makt, seier Idun Bortne.
Ho er fylkesleiar for Venstre i Hordaland og trur partiet kan få mykje att for å gå i regjering no.
Audhild Rygg på Voss er ikkje samd.
– Det går nok å finne all verdas argument for å gå i regjering, men om Venstre framleis skulle vere partiet mitt, måtte det vere føreseieleg. No synest eg ikkje Venstre har vore ærleg. Så lenge eg har kjent partiet, har det vore tydeleg på at det tek avstand frå Frp, seier ho.
Rygg har vore politisk aktiv for Venstre i årevis, men har nett meldt seg ut i protest mot regjeringsforhandlingane med Frp.
At det er delte meiningar internt i Venstre, er meir ein regel enn eit unntak. Historisk og fram til så seint som under det fatale Røros-landsmøtet i 1972 har sterke interessegrupper brote ut og danna eigne parti. No melder Venstre-folk seg ut ein og ein. Partiet har mista kvar fjerde medlem sidan 2012.
60 medlemmer forlét Venstre berre dei to fyrste døgna etter at landsstyret og stortingsgruppa i desember opna for å gå i regjeringsforhandlingar. Ved starten av januar har partiet hatt 160 utmeldingar sidan avgjerda, ifølgje fungerande generalsekretær Christian Grønlie Herzog i Venstre.
Og fleire kan det verte. For medan partileiinga har sete på Jeløya i Moss for å prøve å forhandle seg inn i regjering, har erfarne lokalpolitikarar både på Vestlandet og i Nord-Noreg sett seg på gjerdet for å vurdere eiga framtid i partiet.
Å vere støtteparti for fløypartiet Frp i fire år har tæra på sosialliberale Venstre-folk som definerer seg i sentrum av norsk politikk. Å gå i regjering med partiet kan verte for mykje for nokre av dei.
Kva betyr det for eit parti som alt no er nede i rundt 7000 medlemmer? Kven er det som melder seg ut, og kven er det som vert att?
Ideologi og makt
Venstre har i dag størst veljarmasse i Oslo og Akershus. Det finst dei som meiner partiet utviklar seg meir og meir til eit urbant middelklasseparti og tek til å miste forma som distrikts- og bygdeparti.
Berit Aalborg, som er politisk redaktør i Vårt Land, meiner det å gå i regjering syner ei ideologisk endring i partiet der sosialliberalarane mistar terreng til ein meir liberalistisk og borgarleg fløy – influert av ein Unge Venstre-generasjon skolert av høgresidas tankesmie Civita.
Andre meiner usemja rundt regjeringssamarbeid fyrst og fremst markerer skilje mellom dei som søkjer makt og posisjon, og dei som ikkje gjer det. Venstre har vore i opposisjon i 13 år og står etter valet utan stortingsrepresentantar under 40 år. Ved å gå i regjering kan partiet òg ha fleire høve til å profilere og halde på unge politiske talent.
Blant Venstre-folk sjølv er forklaringane på kva som no skjer fleire.
Dag og Tid tok turen til Hordaland for å snakka med gjerdesitjarar, dei som har meldt seg ut, og dei som vert verande.
– Ingen mønster
Hordaland har lenge vore eit av dei sterkast og beste fylka for Venstre, og er det som sidan 1969 har klart å sende flest Venstre-representantar til Stortinget. Ved valet i haust gjekk partiet tilbake med 1,4 prosentpoeng her, til 4,4 prosent. Det er det dårlegaste resultatet i fylket sidan 1989.
Fylkeslaget var delt i spørsmålet om å gå i regjeringsforhandlingar. Lokallaga i Voss, Ulvik, Granvin, Ullensvang og Kvam var blant dei som argumenterte imot, Kvinnherad og Bergen blant dei positive.
Fylkesleiar Idun Bortne har registrert 16 utmeldingar og 16 innmeldingar i fylket i ettertid, og seier ho ikkje opplever det som medlemsflukt. Ho ser heller ikkje klare skiljeliner eller mønster i ut- og inngåande medlemmer.
– Vi har innmeldingar på Voss og i kystkommunane og utmeldingar i Bergen, så det går ikkje å seie at distriktet vert tømt for folk og byen tek over, seier ho.
Enkelte har meldt seg ut fordi Venstre vil halvere tilskotet til avtalefesta pensjon for dei mellom 62 og 67 år og fjerne den ekstra ferieveka for dei over 60.
– Dette er ting vi har stått for i 20–30 år, og ikkje eit uttrykk for høgredreiing i partiet.
I Bergen har Venstre rundt 320 medlemmer og fleirtalet var for å gå inn i regjeringsforhandlingar.
Nestleiar Astrid Knutsen Hårstad i Bergen Venstre har fått ei handfull utmeldingar og dobbelt så mange innmeldingar etter avgjerda.
Klare skiljeliner i partiet opplever heller ikkje ho.
– Det er stort spenn mellom ulike meiningar, men eg trur det er vanskeleg å klassifisere dei ut frå alder, kvar folk kjem frå, og kvar dei står politisk. Mange unge i Venstre som er positive til samarbeid med Frp, opplever eg til dømes òg som dei mest liberale i innvandringspolitikken, seier ho.
Sjølv meiner ho Venstre bør gå i regjering for å få følgt opp vedtak partiet alt har vore med på å gjere.
– Eg trur dei fleste i Venstre er nøgde med gjennomslaga vi har fått, men det er vanskeleg å formidle dei i dag. Der vil det vere ein fordel å få statsrådar som kan syne fram politikken. Så skjønar eg at mange er skeptiske til Frp, men vi står for ei heilt anna line, ein heilt annan humanitet og eit heilt anna menneskesyn. Personleg tenkjer eg då vi treng meir av Venstre inn i regjering, seier ho.
Morten Nødtvedt var for fleire år sidan medlem av Høgre. No ser han på seg meir som ein sosialliberalar og har nyleg teke steget inn i Venstre. Han er spent på kor mykje Frp lèt seg rokke på det som er sentrale område for Venstre.
– Det er viktig for Venstre å syne at dei dreg regjeringskonstellasjonen i rett retning i flyktning- og asylpolitikken, og mildnar det som til no har vore politikken til regjeringa.
Kva han synest om det å gå i regjeringssamarbeid med Frp, er for tidleg å seie før resultatet av forhandlingane er kjent, seier han.
Redd partiet forsvinn
I Voss, Ullensvang, Ulvik og Granvin ser lokalpolitikarar det annleis.
– Venstre har alltid plassert seg i sentrum og har kunna samarbeide til begge sider. No er det ikkje eit sentrumsparti lenger. Det går lenger og lenger mot høgre og kallar seg eit borgarleg parti. Det er òg meir og meir storbyprega i måten å tenkje på – av og til får eg meg til å lure på kva for verd partiet lever i – og det vert stadig meir liberalistisk framfor å vere liberalt, seier Audhild Rygg.
Ho har tolv år bak seg i kommunestyret, har vore varaordførar og hatt åtte år i formannskapet.
Då ho ikkje skulle vere aktiv meir, vurderte ho å melde seg ut, men ho kom til at ho burde halde på medlemskapen – for å støtte opp om partiet. Det går ikkje lenger no.
Dei grunnleggjande haldningane til Frp går på tvers av det Venstre ho kjenner, særleg i miljø- og innvandringspolitikken.
Ho hadde ikkje tenkt å blande seg i kva Venstre gjorde lenger, for ho vil ikkje vere ein sjuande far i huset som kommenterer utanfrå, men no er ho for irritert til å late vere.
– Eg er redd partiet skal forsvinne. Eg opplever at Venstre no taper så mykje terreng ute på bygdene at det ikkje er nokon organisasjon att til å gjere jobben framover mot neste val, seier ho.
Voss Venstre, som har rundt 30 betalande medlemmer i dag, har òg hatt andre utmeldingar.
Nestleiar Kristian Østrem fortel om stadig større skepsis til samarbeidet med Frp og «ein slitasje som har utvikla seg gjennom heile stortingsperioden» og toppa seg siste året.
Frp sin retorikk i asylpolitikken, som då Sylvi Listhaug (Frp) såg på integreringstiltak i Sverige for «å finne ut hva som gikk galt» der, som ho sa til Nettavisen, har irritert. Østrem vrir seg i stolen når han skal gje att «den nedverdigande retorikken». At Erna Solberg har tillate slik retorikk, er òg vanskeleg å svelgje.
Veljarar fortel at dei ikkje vil røyste på Venstre igjen når dei er garantist for Frp. Når partiet gjekk til val på ei blågrøn regjering av Høgre, KrF og Venstre, men like etter valet opna for å gå i diskusjon og drøfting med Høgre og Frp, vert det sett som eit lovnadsbrot, seier Østrem.
Sjølv har han òg ei kjensle av at det dei er opptekne av lokalt, ikkje vert teke heilt på alvor, verken av fylkeslag, av Venstre sentralt eller av regjeringa. Det var mykje støy lokalt då Venstre stod bak regjeringa i å skyve planane om ny E16 mellom Arna og Voss fram i tid i fjor.
– Og heile rabalderet om bensin- og dieselavgifter i 2016, til dømes, det er jo ikkje slike saker som er kjernen i Venstre sitt program. Miljø er mykje meir for oss enn avgifter på bil og det å ikkje opne for konsekvensutgreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja, seier han.
– Det er sentrale tillitsvalde som har meldt seg aktivt ut av lokallag i Hordaland. Vert det no ein avtale om regjeringssamarbeid, er det fleire som seier dei vurderer å melde seg ut, seier han.
Han vurderer utmelding sjølv òg, etter 23 år som medlem og 12 år i kommunestyret.
Det same gjer lokallagsleiar, heradsstyre- og formannskapsrepresentant Petter Ulriksen i Ullensvang.
– Venstre dreiar i ei retning mange av oss ikkje klarar å tru på lenger, og vi kjenner oss direkte lurte. Kjernen til Venstre vert vatna ut, for det er skilnad på å vere sosialliberal og å vere liberalist, seier han.
– Flyttar Venstre-sjela
Ulvik er blant kommunane Venstre gjer det best i ved både kommune- og stortingsval. Kommunen har fostra tidlegare partileiar Lars Sponheim og dagens nestleiar Terje Breivik. I 2013 auka Venstre oppslutninga med 30 prosent her, men ved valet i haust forsvann kvar andre veljar. Fleire gjekk truleg fordi Venstre ville sjå på kommunesamanslåing med Voss. Men medlemmer forsvinn òg, utan at nye har kome til. Tilbakemeldingane lokallagsleiar Anders Kristoffer Oppheim og fyrstekandidat og gruppeleiar Håkon Gjerde får, er at partiet har flytta seg for lagt til høgre.
Dei trur regjeringssamarbeid er eit tapsprosjekt når det gjeld både medlemmer og veljarar. Trua på at Venstre får større handlingsrom i ei mindretalsregjering enn som opposisjonsparti i Stortinget, er heller ikkje stor.
– Klart Venstre kan vere med på å flytte regjeringa mot sentrum ved å gå inn, men Venstre flyttar seg òg. Vi flyttar Venstre-sjela. Går vi inn, er det eit endringssteg vi må betale ein høg pris for. Vi kjem til å miste veljarar og medlemmer. Kan hende får vi nokre nye òg, men summen vert at vi flyttar partiet, mistar folk i distrikta til fordel for i byane, seier Gjerde.
Han sit òg på gjerdet.
– Det kan vere dei forhandlar no og kjem til at avstanden er for stor. Det kan eg støtte, seier han.
Oppheim vil ikkje melde seg ut, men meiner det skal mykje til for at Venstre bør gå i regjering. Å verne havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja og å mjuke opp asylpolitikken er minimum.
Utskiftingar
Ordførar Ingebjørg Winjum i Granvin herad har vore medlem sidan 1981 og folkevald i Venstre i 22 år. Ho vurderer ikkje å melde seg ut, men ho har vore skeptisk til samarbeidet med Frp og fortvilar over situasjonen.
Ho synest valresultatet talar for seg, og at Venstre no burde konsentrere seg om å byggje opp organisasjonen. Partiet gjekk tilbake i alle fylke utanom Oslo, Akershus og Finnmark.
– Vi har ein stor jobb å gjere med å byggje opp tilliten i distrikta. Det er ei kjent sak at folk har meldt seg ut dei siste åra, og det dei gjer no, er jo meir av det som gjer folk skeptiske, seier ho.
Eintydige er tala likevel ikkje. I same periode som Venstre har hatt 160 utmeldingar, har partiet òg fått 198 innmeldingar. Det trøystar ikkje Winjum.
– Eg får jo ei kjensle av at ein held på å skifte ut medlemsmassen, seier ho.
Venstre sentralt har ikkje laga oversikt over kvar i landet dei 160 utmeldingane har vore, men dei fleste nye innmeldingane er i Finnmark og Oslo, fortel fungerande generalsekretær Herzog.
Vi ringer fylkesleiar Leif Gøran Wasskog i Finnmark og får høyre om rundt 50 innmeldingar i samanheng med at Venstre tok krav om utgreiing av sjukehusstrukturen i Vest-Finnmark inn i regjeringsforhandlingar, etter å ha tapt saka i Stortinget.
Finnmark Venstre har åtvara sterkt mot å gå i regjering. Nokre sentrale personar har alt meldt seg ut, og Wasskog seier fleire vil gjere det same om Venstre går inn i regjeringa. Han avviser ikkje at han kan verte ein av dei.
Slik han ser det, er partiet no splitta mellom pragmatikarane som vil i regjering for å søkje makt, og dei som prinsipielt er imot Frp-samarbeid. Han er uroa for framtida.
– Konflikt i partiet kan vi handtere, verre er det om dette fører til resignasjon. Det er grunnfjellet i partiet som strittar mest imot, og ofte er det òg dei som bidreg til dei litt usynlege oppgåvene i valkampen, som å stå på stand, steike vaflar og organisere og styre. Kva skjer når dei melder seg ut, spør han.
Skal vi tru meldingane om at Høgre, Frp og Venstre kan verte samde om ei regjeringsplattform alt til helga, kan det vere han får svaret raskt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg får jo ei kjensle av at ein held på å skifte ut medlemsmassen.
Ingebjørg Winjum, Venstre-ordførar
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.