JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Verjelause mot luftåtak

Dei fleste europeiske land har bygd ned luftvernkapasiteten etter den kalde krigen. Og Noreg er i dag blant dei dårlegast stilte landa,
seier pensjonert brigader Øyvind K. Strandman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I langtidsplanen for forsvarssektoren føreslår regjeringa å kjøpe fire nye batteri med Nasams-system til Luftforsvaret og til Hæren. Det inneber ei dobling av dagens kapasitet av mellomdistanseluftvern i Noreg, men er framleis langt unna kapasiteten ved inngangen til 1990-talet. Biletet syner batteriet  på en fjelltopp ved Evenes flybase.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

11965
20240531

Bakgrunn

Luftvern er tiltak og system for å forsvare sivile og militære mål mot åtak frå lufta.

Åtak kan kome i form av bemanna fly og helikopter, dronar, kryssarmissil og ballistiske missil.

Dei fleste europeiske land har bygd ned luftvernet etter den kalde krigen, men mange rustar no opp att.

Kjelde: Store norske leksikon

Forsvar

eva@dagogtid.no

Då Iran gjennomførte eit luftåtak på Israel natt til 14. april i år, vart det sendt meir enn 300 dronar og missil, inkludert over 120 såkalla ballistiske missil, mot israelsk territorium, skal vi tru opplysningar frå det israelske forsvaret.

Brorparten av dronane og missila vart stoppa av israelsk luftvern så vel som av amerikansk luftvern i området, og av kampfly frå endå fleire land.

Trugselsituasjonen for europeiske land er langt frå den same som i Midtausten, men det er ikkje lenger heilt utenkjeleg at det framover kan verte sendt dronar og missil også mot Europa. Og ein ting er sikkert: Eit liknande åtak mot Europa i dag er det ingen europeiske land som har luftvern til å kunne klare å stå imot på same måte. Det fortel norske ekspertar på luftvern som Dag og Tid har snakka med.

– Nei, det ville ingen europeiske land ha klart. Men så finst det knapt eit einaste land i verda som har betre oppsett luftvern enn det Israel har, seier Øyvind K. Strandman, som er pensjonert brigader i Luftforsvaret.

– Det står ikkje særleg bra til. Eg har ikkje tal å syne til, men det er snakk om svært avgrensa delar av Europa som har luftvern, konstaterer historikar og fyrsteamanuensis Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen i Trondheim.

Alle har bygd ned

Luftvern er tiltak og system for å forsvare eit geografisk område mot åtak frå lufta. Det kan dreie seg om åtak med ballistiske missil – missil som flyg i svært høg, såkalla ballistisk, bane, nokre heilt ut i verdsrommet, før dei kjem ned att i bratt åtaksvinkel og i svært stor fart – om åtak frå kryssarmissil – ei slags flygande bombe med innebygd styresystem – og om dronar.

Maaø seier dei fleste europeiske land har bygd ned luftvernet etter den kalde krigen, og nokre meir enn andre.

Medan Noreg på slutten av 1980-talet hadde 36 luftvernbatteri, inkludert langtrekkande luftvern med kapasitet mot ballistiske missil, hadde landet i 2014 i praksis berre eitt luftvernbatteri att, fortel Strandman.

Ifølgje han har land som både Nederland og Tyskland behalde meir luftvern enn Noreg, men også dei har samstundes relativt lite att jamført med kva dei hadde under den kalde krigen.

Historikar og fyrsteamanuensis Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen i Trondheim seier dei fleste europeiske land har bygd ned luftvernet etter den kalde krigen.

Foto: Forsvarets høgskole

Manglar luftvern

Dessutan er det per i dag berre Tyskland, Nederland, Italia, Spania, Hellas, Romania og Sverige i Europa som har operativt langtrekkande luftvern.

Noreg hadde langtrekkande luftvern til å sikre luftrommet over Austlandet – frå Lillehammer i nord til Arendal i sør – frå 1960 til 1990.

Det amerikanskproduserte radarstyrte systemet Nike kunne stoppe missil på over 150 kilometers avstand og i over 30 kilometers høgd, noko som den gong var å rekne som ekstreme eigenskapar, seier Strandman.

Han var batterisjef for Nike då Stortinget vedtok å leggje ned systemet, og han forklarar avviklinga med at teknologien då hadde gått frå systemet.

– Nike-systemet var på teiknebrettet åtte–ti år etter andre verdskrig, på eit tidspunkt då det ein i hovudsak verna seg mot, var store bombeflyformasjonar. Det vart såleis laga eit system for å kunne sprengje midt i ein sverm av fly og ta med seg så mange fly som mogleg per missil. Men trugselbiletet endra seg. Jagarflya vart raskare og flaug lågare, seier han.

Nederland og Tyskland, som også avvikla Nike den gongen, investerte i staden i det nyare amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot, som i dag også er brukt av mellom anna Hellas, Spania og Sverige, i tillegg til av USA og land som Israel, Saudi-Arabia og Taiwan.

I Noreg var det ifølgje Strandman tenkt at jagarflybasen på Rygge i ettertid kunne bidra til å vareta Austlandet. Luftvernsystemet Nasams, som vart utvikla av Kongsberggruppen i Noreg i samarbeid med eit amerikansk selskap, skulle erstatte Nike og dekkje delar av austlandsområdet, det òg. Men slik gjekk det ikkje: Nasams vart ikkje sett inn på Austlandet, og eit tiår seinare vart F-16-basen på Rygge i tillegg nedlagd, fortel Strandman.

– Det er snakk om svært avgrensa delar av Europa som har luftvern.

Ole Jørgen Maaø, Luftkrigsskolen

Minst ei veke unna hjelp

Nasams står for Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System, og er eit mellomdistanseluftvernsystem som kan stoppe kryssarmissil og dronar.

Nasams vart teke i bruk fyrste gong på 1990-talet av det norske forsvaret, og vart då fyrst planlagt sett inn ved seks norske flybasar.

Sidan er systemet vidareutvikla og kjøpt inn av eit tital andre land, og det er i tillegg blant luftvernsystema ukrainarane den siste tida har fått donert, både frå USA og frå Noreg.

Maaø seier at Nasams er veleigna mot russiske kryssarmissil og større dronar, men det er ikkje i stand til å skyte ned ballistiske missil.

Noreg står i dag dimed fullstendig utan vern mot slike. Skulle landet verte angripe med ballistiske missil i dag, har vi ingenting å forsvare oss med, om vi ikkje får hjelp av allierte Nato-land.

Strandman seier både Tyskland og Nederland jamleg har vore på øving i Noreg med det langtrekkande Patriot, men at det tek tid å flytte og setje i stand eit slikt luftvernsystem. Om allierte har kapasitet til å hjelpe Noreg ved eit eventuelt åtak, vil òg avhenge av situasjonen, legg han til.

– Ved eit isolert åtak mot Noreg vil eg tippe at vi kan vente å ha utanlandske system i Noreg, og operative, i løpet av 10 til 14 dagar. Kanskje 10 dagar, om vi er heldige, og minimum i løpet av ei veke, dersom Noreg vert prioritert. Svenskane har òg Patriot-systemet, men i meir avgrensa omfang, så dei kan neppe kome Noreg til unnsetning, for dei vil nok prioritere å forsvare Stockholm, seier Strandman.

Øyvind K. Strandman, som er pensjonert brigader i Luftforsvaret seier det vil ta minst ei veke å få luftvernhjelp frå allierte dersom Noreg skulle verte angripe med med ballistiske missil i dag.

Foto: Hanna Johre / NTB

Danmark er dårlegare

Kapasiteten Noreg har av Nasams, er som nemnt også bygd ned sidan systemet vart teke i bruk, og var på eit minimum omkring 2014. Men etter Russlands invasjon av Krym har kapasiteten vorte bygd opp att noko, mellom anna på Evenes, i tillegg til på Ørland.

Samla har landet i dag likevel ikkje meir luftvern enn til å sikre dei militære hovudflybasane på Evenes og på Ørland, og knapt det. Av til saman fire operative Nasams-batteri har Ørland no to, medan Evenes berre har eitt – noko Maaø kallar marginalt for ein flybase.

Det fjerde batteriet er underlagt Hæren i Indre Troms, som skal verne brigaden, medan Sjøforsvaret har eit visst luftvern av fregattane, ifølgje Maaø.

– Det finst såleis ikkje noko luftvern som dekkjer sivil infrastruktur i Noreg i dag, alt er i utgangspunktet sett av til det militære, seier han.

I Danmark er det endå dårlegare stilt, fortel Strandman: Der finst det i dag ikkje noko luftvern, alt er lagt ned.

– No skal danskane så smått byrje å byggje opp att luftvernkapasitet igjen, men det kjem til å ta lang tid før nye system er oppe og går, seier han.

Nederland er på motsett side det europeiske landet som truleg har best luftverndekning i dag, slik Strandman vurderer det. I tillegg til det langtrekkande Patriot-systemet har landet både Nasams og eit kortrekkande system, som gjer at dei kan operere og forsvare landet «i alle høgdesjikt», seier han.

– Slik eg ser det, treng vi langtrekkande luftvern til å dekkje tre geografiske område.

Øyvind K. Strandman, pensjonert brigader i Luftforsvaret

Rustar opp

Polen har også ein del luftvern, i form av russiske system som landet har halde ved like og modernisert, og «godt med kortrekkande luftvernsystem», slik Strandman formulerer det. I tillegg byggjer landet no opp kapasiteten kraftig, både gjennom kjøp av langtrekkande Patriot frå USA og gjennom utvikling av eit nytt mellomdistansesystem à la Nasams, seier han.

Finland, som har ei lang grense mot Russland, har frå før av Nasams, men har etter den russiske invasjonen av Ukraina også bestilt det israelsk-amerikanske langtrekkande systemet David Sling, som Strandman omtalar som «eit av verdas mest potente luftvernsystem». Og dei baltiske statane har på si side alle korthaldssystem, medan Litauen i tillegg held seg med Nasams-systemet.

På spørsmål om korleis han vil rangere den norske luftverndekninga jamført med andre europeiske land, svarar Strandman følgjande:

– Noreg er svært dårleg stilt i dag, kanskje blant dei dårlegast stilte i Europa, med unntak av Danmark.

– Treng meir

Men også Noreg rustar no meir opp. I regjeringas langtidsplan for forsvarssektoren, som i desse dagar vert handsama i Stortinget, er det føreslege å auke kapasiteten i det eksisterande luftvernet gjennom å kjøpe fire nye batteri med Nasams-system til Luftforsvaret og Hæren.

I tillegg vil regjeringa prioritere kjøp av langtrekkande luftvern slik at Noreg framover får evne til å verne «ett geografisk område mot ballistiske missiler med kort rekkevidde». Kva geografisk område som skal sikrast, går ikkje fram av forslaget.

Vert langtidsplanen etterlevd i praksis, og etter planen, seier både Strandman og Maaø at Noreg vil ha eit monaleg betre luftforsvar i løpet av nokre år. Samstundes meiner dei satsinga framleis er både for lita og for smal.

– Den største veikskapen i norsk luftvern i dag er mangel på mengde, og då spesielt innan langtrekkande våpen. Å kunne dekkje eitt geografisk område er for lite. I tillegg har vi har for lite miks i luftvernstrukturen. Vi treng òg nokre typar luftvern med kortare rekkevidde, basert på annan teknologi, for å utfylle dei typane vi har og gjere det vanskelegare for ein angripar å kome til. Eg er litt forbausa over at langtidsplanen ikkje inneheld dette, seier Maaø.

Han syner til at Noreg mot slutten av den kalde krigen ikkje berre hadde Nasams, men også eit kanonbasert luftvernsystem med namn L-70, i tillegg til det svenskproduserte berbare luftvernsystemet RB-70.

Strandman er av same oppfatning.

– Slik eg ser det, treng vi langtrekkande luftvern til å dekkje tre geografiske område. Eitt til forsvar av hovudstadsområdet, eitt til Trøndelag, som dekkjer Ørland og allierte forsterkingar der, og eitt i Nord-Noreg, som dekkjer allierte forsterkingsområde og basane på Andøya og Evenes. I tillegg treng vi luftvern med kortare rekkevidde, som kan brukast i forsvar mot dronar. Å bruke Nasams-missil til mange millionar kroner for å skyte ned rimelege dronar er ikkje berekraftig, seier han.

Kan ta tid

I tillegg påpeikar både Maaø og Strandman at den norske satsinga kjem seint: Fleire andre land har bestilt Nasams før oss, og både Finland og Tyskland ligg før Noreg med bestilling av langtrekkande luftvernsystem, så Noreg kan hamne i kø.

Strandman trur likevel doblinga av Nasams-batteri kjem til å vere på plass mellom 2028 og 2032, men ser ikkje korleis eit langtrekkande luftvernsystem skal kunne fasast inn frå 2029 og utover, slik langtidsplanen skisserer.

– Det er ikkje eingong bestemt kva system vi skal ha. Går vi for Patriot eller det fransk-italienske systemet SAMP/T, er det alt mange i kø føre oss, så der vil eg tippe det tek minimum seks–sju år før det kan vere på plass. Og skal vi utvikle eit sjølv, kjem det til å ta endå lengre tid. Så eg har inga tru på at vi vil sjå noko langtrekkande system i Noreg før tidlegast i 2030, seier han.

Samstundes er det truleg ikkje stor risiko for noko plutseleg åtak mot Noreg, understrekar Maaø.

– Den store trugselen mot Noreg er Russland, og eg trur ikkje det er nokon som reknar med at det kjem lufttrugsmål mot Noreg frå anna hald enn det. Og Russland er svært oppteke med krigen i Ukraina. Men om Russland skulle komme styrkte ut av den krigen, noko det ikkje ser ut som no, er det eit ope spørsmål kor lang tid det tek før det finst ein potensiell trugsel mot både Noreg og Nato, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis