«Vestens grenselause dominans i verda har kome til endes»
«Vi står framfor det truleg farlegaste, mest uføreseielege og samstundes viktigaste tiåret sidan slutten på andre verdskrigen» sa Vladimir Putin i eit føredrag på eit internasjonalt seminar i Moskva sist veke. Vi trykkjer eit lite utdrag av føredraget og samtalen som følgde.
President Vladimir Putin og ordstyrar Fjodor Lukjanov på det 19. årlege møtet i Valdai internasjonale diskusjonsklubb i Moskva.
Foto: Sergei Guneev / Sputnik / NTB
Vladimir Putin om «spesialoperasjonen» i Ukraina

Vladimir Putin: Eg vil gjerne sitere frå Alexander Solsjenitsyns berømte Harvard-tale som han heldt i 1978. Han sa at det er typisk for Vesten å ha «eit hovmod som gjer blind» – og det gjeld til i dag – som «grunnlag for trua på at alle store regionar overalt på planeten vår bør utvikle seg og mognast til det nivået som pregar dagens vestlege system». Han sa dette i 1978. Ingen ting er endra.
Og kva er det som skjer no? Ein gong gjekk nazistane så langt at dei brende bøker, og no har dei vestlege «vaktarane av liberalisme og framgang» kome så langt at dei forbyr Dostojevskij og Tsjajkovskij. Den såkalla utestengingskulturen og – som vi har sagt mange gonger – den verkelege utestenginga av kultur utslettar alt som er levande og kreativt og kveler den frie tanken på alle område, om det er økonomi, politikk eller kultur. I dag har sjølve den liberale ideologien blitt så forandra at han ikkje er til å kjenne att.
Fjodor Dostojevskij føresa alt dette på profetisk vis i det 19. hundreåret. Ein av karakterane i romanen De besatte, nihilisten Sjigaljov, skildra den lyse framtida han såg for seg, på denne måten: «Ut av grenselaus fridom endar eg med grenselaus despotisme.»
Dette er det punktet dei vestlege motstandarane våre er komne til.
Kva haldning er det no som rår i «siviliserte» Vesten? Er ein demokrat, er det venta at ein helsar velkomen det naturlege ønsket om fridom som milliardar av menneske gjev uttrykk for, men nei. Vesten kallar det undergraving av det liberale, regelbundne systemet og tek i bruk handelskrigar, økonomiske sanksjonar, boikottar og fargerevolusjonar og førebur og gjennomfører alle slags kupp. Eitt av dei fekk tragiske følgjer i Ukraina i 2014.
I løpet av tusen år har Russland utvikla ein eineståande samhandlingskultur mellom alle verdsreligionar. Det er ikkje naudsynt å forby noko, korkje kristne, islamske eller jødiske verdiar. Vi har andre verdsreligionar òg. Alt som trengst, er respekt for kvarandre. I mange regionar – dette har eg sett på nært hald – feirar innbyggjarane kristne, islamske, buddhistiske og jødiske høgtider saman, og dei har det fint, der dei gratulerer kvarandre og er glade på kvarandres vegner. Men ikkje her. Kvifor ikkje? I det minste kunne dei ha snakka om det. Utruleg.
Utan å overdrive er dette ikkje eingong ei gjennomgripande, men ei dogmatisk krise for den nyliberale amerikanske modellen for internasjonal orden. Dei har ingen planar for framgang og positiv utvikling. Dei har rett og slett ingen ting å tilby verda, anna enn å oppretthalde herredømet sitt.
Ein lyt heilt enkelt forstå at det finst minst to – og kan hende fleire – Vesten: eitt med tradisjonelle og først og fremst kristne verdiar, fridom, patriotisme, framifrå kultur og no islamske verdiar i tillegg; ein vesentleg del av folkesetnaden i mange vestlege land følgjer islam. Dette Vesten står oss på sett og vis nært. Vi har sams røter – gamle røter, til og med.
Men det finst òg eit anna Vesten – aggressivt, kosmopolitisk og nykolonialistisk. Det oppfører seg som ein reiskap for nyliberale elitar. Sjølvsagt vil Russland aldri føye seg etter diktat frå dette Vesten.
Samanbrotet til Sovjetunionen oppheva balansen mellom dei geopolitiske kreftene. Vesten kjende seg som ein vinnar og erklærte ei polarisert verdsordning der berre deira vilje, kultur og interesser hadde rett til å eksistere.
No har denne historiske perioden med grenselaus vestleg dominans i verda kome til endes. Den polariserte verda høyrer fortida til. Vi står ved ein historisk skiljeveg. Vi står framfor det som truleg er det farlegaste, mest uføreseielege og samstundes viktigaste tiåret sidan slutten på andre verdskrigen. Dette er ein revolusjonær situasjon i ein viss monn – elitane kan ikkje og folket vil ikkje leve slik lenger.
Fjodor Lukjanov (ordstyrar): Eg må berre spontant gripe etter konklusjonen, ettersom du nemner den revolusjonære situasjonen, dei på toppen og dei på botnen. Dei av oss som er litt eldre, lærte om alt dette på skulen. Kven assosierer du deg sjølv med, dei på toppen eller på botnen?
Vladimir Putin: Med botnen, sjølvsagt, eg er frå botnen. Eg kjem frå ein arbeidarfamilie. Far min var arbeidsleiar og hadde gått på ein vidaregåande skule for yrkesfag. Mor mi fekk inga utdanning, ikkje eingong ungdomsskule, ho var rett og slett arbeidar og hadde mange jobbar: Ho arbeidde som pleiar på eit sjukehus og som vaktmeister og nattevakt. Ho ville ikkje sende meg i barnehage. Difor er eg sjølvsagt svært kjenslevar – gudskjelov har det vore slik til no, og eg vonar det vil halde fram – overfor det som rører seg i livet til eit vanleg menneske.
Lukjanov: Når vi snakkar om staten, har du lært noko nytt om han i løpet av dei seinare åra?
Putin: Sjølvsagt, vi har hatt kostnader, framfor alt tap knytte til den spesielle militæroperasjonen som eg tenkjer på heile tida, og det er økonomiske tap i tillegg. Men det er òg enorme vinstar, og det som skjer no, vil utan tvil til sjuande og sist vere lønsamt for Russland og framtida til landet.
Kva er desse vinstane? Det handlar om ei styrking av suvereniteten vår på alle område, først og fremst av økonomien. For ikkje lenge sidan var vi sjølve redde for å bli ein slags halvkoloni, ute av stand til å gjere noko som helst utan dei vestlege partnarane våre.
Vi kan ikkje gjennomføre finansielle transaksjonar, vi har ikkje tilgjenge til teknologi og marknader og dei siste teknologiske nyvinningane. Ingen ting. Alt dei treng gjere er å knipse med fingrane for at alt det vi har, skal falle i grus. Men nei, ingen ting fall i grus, og grunnlaget for den russiske økonomien og den russiske føderasjonen synte seg å vere mykje sterkare enn nokon hadde tenkt, kan hende òg vi sjølve.
Ein annan viktig komponent, no av det åndelege slaget, er kanskje den viktigaste delen. Først, dette slagordet – vi etterlèt ingen – sit djupt i hjartet på kvar einaste russar og dei andre etniske gruppene som er russiske borgarar, og viljen til å slåst for vårt eige folk styrker samfunnet. Dette har alltid vore den store styrken til landet vårt. Vi har stadfesta og styrkt han ytterlegare, og det er det viktigaste.
Lukjanov: Vedtaket ditt om å starte ein spesiell militæroperasjon i februar kom som ei stor overrasking på alle, inkludert fleirtalet av russiske borgarar. Kva skjedde før du tok den avgjerda?
Putin: Kva som skjedde? Eg skal ikkje snakke om Natos ekspansjon til Ukraina, som var fullstendig uakseptabel for oss, og alle visste det, men tok rett og slett ikkje omsyn til tryggingsinteressene våre. Vi gjorde ein annan freistnad i fjor, som òg mislukkast. Vi fekk ordre om å skuve det til sides, halde stilt. Vel, eg skal ikkje bruke mange ord på dette, men dei oversåg oss, rett og slett. Dette er det første punktet. Det andre viktige er at representantar for Kiev-regimet, med støtte frå dei vestlege hjelparane sine, nekta å setje i verk Minsk-avtalen. Den tidlegare ukrainske presidenten sa at han underteikna Minsk-avtalen på det vilkåret at han aldri skulle setjast ut i livet. Kva andre grunnar treng ein? Det innebar at vi måtte gjere noko i Donbas. Folk der har levd under granatåtak i åtte år, og åtaka har halde fram til denne dag. Vi laut ta ei avgjerd på eiga hand. Vi laut ta det neste steget, som vi gjorde – å innlemme dei i den russiske staten. Dei ville ikkje overlevd aleine.
Lukjanov: Igjen og igjen har du sagt og skrive at vi er eitt folk. Har du endra meining etter eit år?
Putin: Nei, sjølvsagt ikkje. Og korleis kan dette endrast? Dette er eit historisk faktum.
Lukjanov: Så det vi er vitne til, er ein borgarkrig med ein del av vårt eige folk?
Putin: Delvis, ja. Dessverre enda vi opp i ulike statar av fleire årsaker. Først og fremst fordi då dei skapte Sovjetunionen etter samanbrotet til det russiske imperiet, valde den bolsjevikiske leiarskapen – for å roe dei nasjonalistiske bolsjevikane som opphavleg var frå Ukraina – å gje dei noko historisk russisk land utan å spørje menneska som budde der. Dei lét dei få heile Malorossija (Vesle-Russland), heile svartehavsregionen og heile Donbas.
Lukjanov: Du og dei russiske talspersonane har fleire gonger sagt at spesialoperasjonen går etter planen. Kva er planen? For å seie som sant er, dette er ikkje særleg klart for folk.
Putin: Eg sa den dagen operasjonen starta, at det viktigaste for oss er å hjelpe Donbas. Folkerepublikken Luhansk er no fullt ut frigjord. Militære tiltak knytte til Republikken Donetsk er på trappene. Sikkert er det at då troppane våre nærma seg Donetsk frå både sør og nord, vart det klart at folka som bur i desse historiske territoria til Novorossija (Nye Russland), ser framtida si som del av Russland. Korleis kunne vi late vere å respondere på det?
Lukjanov: Takk. Lat oss no gje ordet til dei som har spørsmål.
Ivan Safrantsjuk (Moskvas statlege institutt for internasjonal politikk): Er det sant at verda står på randa av mogleg bruk av atomvåpen? Korleis vil Russland agere i denne situasjonen?
Putin: Så lenge atomvåpen eksisterer, vil det alltid vere ein fare for at dei kan bli brukte. Atomtrugsmål og påminning om at Russland teoretisk kan bruke atomvåpen, vert nytta for å påverke venene våre, våre allierte og nøytrale statar ved å fortelje dei at dei lyt innsjå kven det er dei støttar; Russland er slikt eit skremmande land, ikkje støtt det, ikkje samarbeid med det, ikkje handle med det. Dette er faktisk eit primitivt mål. Kva er det som verkeleg skjer? Når alt kjem til alt, har vi aldri varsla om at Russland potensielt kan kome til å bruke atomvåpen. Det einaste vi gjorde, var å ymte noko som svar på erklæringar frå vestlege leiarar.
Lukjanov: I morgon er det 60 år sidan Cuba-krisa toppa seg, dagen då det vart bestemt at ein skulle trekkje seg attende. Kan du sjå deg sjølv i rolla som ein av leiarane – som Khrusjtsjov, for å vere meir presis? Kan vi kome dit?
Putin: Aldeles ikkje.
Lukjanov: Det vil ikkje gå så langt?
Putin: Nei, eg kan ikkje førestille meg sjølv i rolla som Khrusjtsjov. På ingen måte. (Latter.)
Lukjanov: OK. Og kva med rolla til ein leiar som må ta ei avgjerd i denne saka?
Putin: Vi er klare til å få løyst kva problem som helst. Vi set oss ikkje på bakbeina. Sist desember tilbaud vi USA å halde fram dialogen om strategisk stabilitet, men fekk ikkje noko svar. Det var i desember i fjor. Dersom dei vil, er vi klare. Dersom dei ikkje vil, utviklar vi vår eigen moderne teknologi, bererakettar, inkludert supersoniske våpen. I prinsippet treng vi ingen ting. Vi kjenner oss sjølvforsynte.
Ivan Timofejev (Valdai internasjonale diskusjonsklubb): Ei eineståande mengd av sanksjonar er sette i verk mot Russland det siste året. Det var ikkje venta at økonomien vår skulle tole dette. Men han har overlevd.
Putin: Ja, du har rett – økonomien vår har sanneleg blitt mykje meir tilpassingsdyktig og fleksibel. Det vart openbert at verksemdene våre alt var mogne nok til å erstatte import og overta aktivitetane til selskapa som drog sin veg, partnarane våre som valde å forlate Russland. Det var lett for verksemdene våre å ta over og leie dei selskapa som det inntil nyleg hadde verka uråd å drive vidare utan vestleg nærvær.
Alexander Prokhanov: (forfattar og redaktør av den russiske avisa Zavtra) Då eg lytta til det du sa i dag, gjekk det opp for meg kva Russland kan tilby verda: ein rettferdsreligion, fordi denne religionen er i hjartet til all russisk kultur og russisk sjølvoppofring.
Putin: Eg veit at du er ein sann patriot i den aller beste tydinga av ordet. Men eg er ikkje viss på at vi treng å tilby noko til nokon med overlegg. Du sa nettopp at vi ofrar av omsyn til andre. Eg vil protestere mot det. Vi ofrar ikkje noko. Vi arbeider for å styrke suvereniteten vår, og det er i vår eiga interesse. Først av alt vil ei styrking av den finansielle og økonomiske suvereniteten vår leggje grunnlaget for vår framtidige vekst – teknologisk, utdanningsmessig og vitskapleg vekst.
Wang Wen (professor frå Chongyang-instituttet i Kina): Kjenner du deg redd, nervøs eller uroa, særleg under trugsmålet frå Vesten? Skapte du eit nytt Russland, eller var det lagnaden til Russland som skapte deg? Kva ser du for deg, og kva ventar du deg av tilhøvet mellom Russland og Kina i framtida?
Putin: Mange ville like å høyre meg seie at eg er redd, men om eg var redd alt, fekk eg ikkje gjort noko. Eg må leiast av interessene til det russiske folket og staten Russland, slik eg vert no og kjem til å vere. Når det gjeld tilhøvet mellom Russland og Kina, har det nådd eit uventa nivå av openheit, gjensidig tillit og effektivitet dei seinaste tiåra. Min ven Xi Jinping og eg – han har kalla meg sin ven, og eg ser på han på same måten – har sett oss som mål å nå eit spesifikt handelsvolum. Vi vil heilt sikkert nå det målet, ettersom det går raskare framover enn vi hadde planlagt.
Lukjanov: Når det gjeld frykta som herr Wang nemnde, då du peika på at atomfaktoren eksisterer, var det somme som vart nervøse fordi dei kom i hug det du sa her, på det årlege møtet vårt for fire år sidan. Du sa at vi alle vil hamne i himmelen, men at vi ikkje har det travelt med å kome dit, ikkje sant? (Latter.)
(Lang pause.)
Putin: Eg gjorde det med vilje (la inn ein pause, red. merk.) for å uroe dykk litt. Oppdrag fullført. (Latter.)
Gabor Stier: (kommentator i den ungarske avisa Magyar Nemzet) Trudde du den 24. februar at den spesielle militæroperasjonen framleis ville vere i gang åtte månader seinare? Faktisk er han ikkje berre i gang – situasjonen vert verre. Dessutan er det mange menneske i verda som fryktar starten på ein tredje verdskrig. Difor dette spørsmålet. Ein av yndlingsbyane mine i tidlegare Sovjet er Odessa. Kva trur du – eg vil gjerne ha eit råd frå deg – om eg skulle ønske å dra dit neste sommar eller om to år?
Putin: Ikkje dropp det, dra dit så snart du kan. Det er ein spøk. Eg tullar.
Stier: Burde eg søke om russisk eller ukrainsk visum to år frå no?
Putin: Odessa er verkeleg ein av dei vakraste byane i verda. Som du veit, vart Odessa grunnlagd av Katarina den store, og eg trur ikkje eingong dei mest ekstreme nasjonalistane vil våge å rive ned monumentet over henne som grunnla byen. Odessa kan vere eit stridens eple, eit symbol på konfliktløysing, og eit symbol på det å finne ei løysing på alt som skjer no. Det står ikkje på Russland. Vi har sagt mange gonger at vi er klare til å forhandle, og eg nemnde dette offentleg enda ein gong da eg tala i Kreml for kort tid sidan. Men leiarane i Kiev-regimet har bestemt seg for ikkje å føre tingingar med den russiske føderasjonen vidare. Det er sant at det endelege ordet høyrer til dei som set denne politikken ut i livet i Washington. Det er svært lett for dei å løyse dette problemet: å sende det rette signalet til Kiev om at dei bør endre posisjonen sin og søkje ei fredeleg løysing på problema. Det er alt som trengst. Og når det gjeld den moglege turen din til Odessa, spøk til sides, tilrår eg at du tek han. Det er verkeleg ein svært fin og vakker by med praktfulle tradisjonar og flott historie. Det er vel verdt strevet å beundre han.
Omsett av Lasse H. Takle.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?