JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vi er så mange

her i landet

Kva er det største problemet: Eldrebølgja eller det stigande havnivået?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barnetoget på Karl Johans gate  i Oslo 17. mai 2016.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

9155
20170407

Folketalsvekst

I 2016 budde det 5.258.317 menneske i Noreg

Sidan 1800 er det norske folketalet nesten seksdobla

SSB ventar at det kjem til å bu seks millionar i Noreg i 2030

Fødselsraten i Noreg er i dag 1,71

Høg innvandring gjer at folketalsauken er venta å halde fram

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Vi startar med ein mann som er uroleg for framtida, nemleg Ola Storeng, økonomiredaktør i Aftenposten. «Vi trenger flere barn her i landet», skreiv han 31. mars i ein kommentar til perspektivmeldinga frå regjeringa. Han viste til at norske kvinner i snitt føder færre barn enn reproduksjonsraten på 2,1 barn per kvinne. (I dag er raten 1,71.) I tillegg er forventa levealder i Noreg framleis stigande. Framskrivingane til SSB seier at det i 2060 vil vere fire pensjonistar per ti personer i yrkesaktiv alder, ei dobling frå i dag.

«Hvis dette ikke raskt snur, vil det norske samfunnet bli snudd nesten opp ned. Vi blir, for å omskrive komikeren Stutum, et folk av ’grått hår og spaserstokker’», skreiv Storeng, som likna utviklinga med «et tidevann som stiger og stiger».

«Aller viktigst i et langt perspektiv er hvordan vi skal få mine barnebarn til å ønske seg flere barn enn sine foreldre», hevda Storeng.

Men er dette verkeleg det aller viktigaste i eit langt perspektiv?

Norsk seksdobling

«Vi er så få her i landet», heiter det i diktet til Nordahl Grieg. Men vi er ikkje få, heller. I det lange perspektivet har Noreg hatt ein kolossal vekst i folketalet dei siste 200 åra, i prosent nesten like stor som folketalsauken i resten av verda.

I 1800 budde det 881.000 menneske i Noreg. 1. januar 2017 var folketalet 5.258.317, ifølgje SSB. Trass i den store utvandringa til Amerika er folketalet her i landet altså nesten seksdobla sidan 1800. I same tidsperiode har folketalet i verda gått frå kring ein milliard til 7,5 milliardar.

Og det er nett folketalsveksten i verda, i kombinasjon med den teknologien og dei produksjonsmåtane som har gjort veksten mogleg, som trugar med å rasere mykje av livsgrunnlaget for både mennesket og andre levande vesen. Trykket frå mennesket har truleg sett i gang den største masseutryddinga av artar på 450 millionar år, og den globale oppvarminga gjer at utryddinga truleg vil akselerere gjennom dette hundreåret.

Også dette er ein del av biletet når ein skal diskutere folketalsutvikling. Og det er slett ikkje folketalsnedgang Noreg ligg an til: Innvandringa gjer at folketalet aukar raskare i Noreg enn i dei fleste rike land. SSB reknar med at vi vil runde seks millionar innbyggjarar alt i 2030, berre 18 år etter at vi passerte fem millionar. Det tok oss til samanlikning 37 år å gå frå fire til fem millionar.

Store avtrykk

Vi assosierer som regel overbefolkning med fattige land, der folketalet overstig næringsgrunnlaget og skaper rein naud. Og det er sant at den desidert raskaste folketalsveksten no skjer i fattige delar av verda, særleg i Afrika sør for Sahara. Men ein ekstra million menneske i eit rikt land som Noreg medfører eit langt hardare press på miljøet globalt enn ein ekstra million menneske i eit fattig land. Dei norske CO2-utsleppa per innbyggjar er nær det dobbelte av snittet i verda, og kring 50 gonger større enn utsleppa per innbyggjar i Tanzania, ifølgje tal frå Verdsbanken.

Forbruket av alt frå avokado til flatskjermar i rike land som Noreg er i tillegg med på å auke energibruken, klimagassutsleppa og ressursforbruket i andre delar av verda. Og tilmed matproduksjonen i Noreg legg press på miljøet og naturressursane andre stader: Norske bønder er avhengige av kunstgjødsel med den knappe ressursen fosfor, og norsk husdyrproduksjon og lakseoppdrett brukar årleg ein million tonn importert soya frå Sør-Amerika, der soyadyrkinga er ei viktig årsak til avskoging.

Samanhengen mellom velstand og miljøskadar er ikkje absolutt, somme former for vekst er meir miljøvenlege enn andre. Men samanhengen er like fullt sterk.

I dette perspektivet er det ikkje urovekkjande om folketalet stagnerer eller fell i dei rike landa, tvert imot. Og kanskje soga om folketalsutviklinga i Japan ikkje er ein tragedie, men eit førebilete.

Føregangsland

Vendepunktet i Japan kom i 2010. Da nådde folketalet toppen med 128 millionar menneske, og det har krope sakte nedover sidan da. Japan har hatt svært låge barnetal sidan 1990-talet. Fødselsraten der ligg no på kring 1,45, og innvandringa er minimal. Den såkalla eldrebølgja råkar dermed Japan hardare og tidlegare enn andre land, og politikarane har lenge vore uroa over fødselstala. Det har dei ikkje grunn til, meiner Jørgen Randers. Han er professor emeritus ved Handelshøyskolen BI, og har i 45 år argumentert for at folketalsveksten i verda er eit alvorleg problem – med lite gjennomslag.

– Japan er ingen tragedie, Japan er eit føregangsland. Men politikarane der skjøner det ikkje, dei er opphengde i klassisk makroøkonomi. Ja, BNP fell når folketalet fell. Men BNP per person i Japan har auka også sidan 1990-talet, og den jamne japanar er mykje rikare i dag enn i 1990.

Randers har vore oppteken av samanhengen mellom folketal og miljø sidan han skreiv Hvor går grensen? (The Limits to Growth) saman med tre andre forskarar i 1972. Sidan da har klimaendringane segla opp som det største trugsmålet mot miljøet på jorda, og folketalet i verda har dobla seg. Likevel er det langt mindre vilje i dag enn på 1970-talet til å diskutere folketal og miljø i samanheng, meiner Randers.

– Verda har blitt langt mindre berekraftig på desse åra, miljøproblema har berre auka. Fleire menneske på jorda tyder meir av alle problema: meir avskoging, større klimagassutslepp, meir plast i havet. Men når eg tek til orde for at folk burde få færre barn, er reaksjonane aggressive, seier Randers.

– Eg gav ut ei bok i Tyskland i fjor med 13 framlegg til å skape eit meir berekraftig samfunn. Eitt av punkta var å gje 800.000 kroner til kvar kvinne som hadde fødd null eller eitt barn når ho fylte 50. Det var det einaste av framlegga i boka som vart debattert offentleg, og nesten alle var sterkt imot forslaget.

Betre plass

– Men det er ikkje noko ein-til-ein-forhold mellom folketal, BNP og miljøøydelegging. Somme samfunn og somme typar vekst er grønare enn andre?

– Om vi nyttar meir miljøvenleg teknologi, toler verda fleire borgarar. Men det er ikkje noko poeng i seg sjølv å skvise inn flest mogleg menneske på jorda, det er betre med høgast mogleg livskvalitet for dei som lever. I dag er vi langt over talet som er optimalt for den einskilde.

Velferda for einskildmennesket blir høgare når folketalet stagnerer og søkk, meiner Randers.

– Blir vi enda fleire, blir det trongare om plassen, mindre ressursar på kvar og meir ureining. Folketalsnedgang vil gjere oss lukkelegare.

Han meiner at den såkalla eldrebølgja bør vere greitt handterleg også i samfunn der barnetala fell.

– Når befolkninga blir eldre, er det ei utfordring å inndra kjøpekraft frå dei unge vaksne for å betale for dei gamle. Men når folk får færre barn, får dei òg mindre kostnader. Den samla kostnaden til omsorg treng ikkje auke så mykje, men vi er vande til at det offentlege tek seg av dei gamle medan hushalda betaler for ungane. Så bør vi òg heve pensjonsalderen med nokre år; det vil redusere rekninga med eldrebølgja mykje.

Randers vedgår at folketalsnedgang, skatteauke og heva pensjonsalder ikkje er populære tema å ta opp.

– Eg veit at dette er vanskeleg for mange å snakke om. Men eg ønskjer berre at folk forstår kva politiske val som faktisk eksisterer.

Meir arbeid

Heller ikkje økonomen Knut Røed, seniorforskar ved Frischsenteret, trur at relativt låge fødselstal og den framtidige demografien vil gjere eldrebølgja uhandterleg for Noreg.

– Mykje av svaret ligg i måten folk arbeider over livsløpet på. Vi må stå noko lenger i arbeidslivet, og det har pensjonsreforma allereie bidrege til. Så spørst det kor stor del av dei ekstra leveåra våre som er friske: Om vi kan arbeide ein like stor del av livet som før, er det ein viktig del av løysinga, seier Røed.

– Eit anna problem er at så mange yngre menneske blir utdefinerte av arbeidslivet. Mange av desse ønskjer faktisk å arbeide, og dei må vi prøve å få inn i arbeidslivet. I dag har vi ikkje ein politikk for dette.

– Men med færre yrkesaktive per pensjonist må truleg skattenivået opp i framtida?

– Det er svært truleg. Skal vi halde oppe eller heve kvaliteten på helsevesenet og eldreomsorga, er det vanskeleg å sjå for seg utan skatteauke.

Om ei aldrande befolkning på sikt skulle føre til eit fall i BNP, treng ikkje det i seg sjølv vere så gale, meiner Røed.

– BNP-vekst er ikkje noko mål i seg sjølv. Det er ikkje verdiskaping vi manglar, det er meir eit fordelingsspørsmål. Men eg trur uansett vi kjem til å ha produktivitetsauke fordi vi finn betre måtar å gjere ting på.

– Du ser ingen grunn til panikk over fødselsraten i Noreg?

– Nei, det er ingen grunn til å misse nattesøvnen over dette. Det handlar mest om å ta i bruk den arbeidskrafta vi har. Og det er ingen mangel på barn i verda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Folketalsnedgang vil gjere

oss lukkelegare.

Jørgen Randers

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis