Vi et og pustar plast
Alle går vi rundt med mikroplast i kroppen.
Er det farleg? Det veit ingen.
På menyen: Truleg får vi alle i oss plast dagleg, men i langt mindre porsjonar enn dette.
Illustrasjon: Jose y yo Estudio / Shutterstock / NTB scanpix
Miljø
peranders@dagogtid.no
Dei dårlege nyhenda om plastureining kjem tett for tida. På måndag melde Dagsrevyen at forskarar frå Norce og Veterinærinstituttet har oppdaga mikroplast både i fileten og levra til torsk frå sjøen ved Sotra. Om dette funnet blir stadfesta av andre studiar, er det nok eit skot for baugen for dei som skal overtale oss til å ete meir sjømat. At mange fiskeslag har plastfragment i mage og tarm, har vore kjent ei stund. Om plasten òg går over i fileten, er det verre.
Trass i mykje forsking dei siste åra veit vi så godt som ingenting om korleis mikroplast kan påverke menneskekroppen. Men dersom plast viser seg å vere helseskadeleg for menneske, er det neppe sjømaten som er det største problemet vårt. Vi har ei lang rekkje kjelder til mikroplast som er langt tettare på kroppen vår til dagleg. Dei kjeldene skal vi snart kome attende til.
Sjøen først
Problemet med plastureining har klatra raskt oppover dagsordenen dei siste åra. Ordet «mikroplast» dukkar først opp i avisdatabasen Atekst i 2010, i Aftenposten-artikkelen «Flytende søppeldunger truer verdenshavene». No har plastproblemet blitt allmennkunnskap. I fjor vart mikroplast nemnt i 1511 artiklar i norsk presse, og inntil ganske nyleg har vi høyrt mest om plasten som eit trugsmål mot livet i havet.
Gåsenebbkvalen som vart funnen ved Sotra med 30 plastposar i magen, vart eit symbol på ein forsøpla klode. Vi har lese om sjøfuglar som fyller opp magen med plastbitar, og vi har sett bilete av skjelpadder med plastsøppel tvinna rundt halsen.
Det er ikkje så rart at plastproblemet i havet har fått mest merksemd til no. Plastsøppelet langs strendene er påtrengjande synleg. I tillegg veit vi at mykje av mikroplasten frå bildekk, kunstgrasbanar, klesvask og andre kjelder renn ut i sjøen med bekker og avløpsvatn. Det er dokumentert at plastpartiklar kan følgje næringskjeda i havet, frå dyreplanktonet som et partiklane og opp til store fiskar, fuglar og andre sjødyr.
Plast i snøen
Men havplasten er berre ein del av biletet, for det har vist seg at mikroplast finst nesten overalt også på land. Plastpartiklar kan reise svært langt med vinden og kome ned med nedbør på dei mest usannsynlege stader. I år undersøkte tyske forskarar snøen på Svalbard, og fann på det meste 14.000 mikroplastpartiklar per liter snø. Naturleg nok er mengdene langt større nærare tett folkesette område. I snø frå Tyskland fann dei same forskarane 150.000 plastpartiklar i ein liter snø.
Mikroplasten dukkar opp nesten overalt der forskarane leitar etter han. Til dømes er det store mengder plastpartiklar i landbruksjord som blir gjødsla med kloakkslam. I Noreg blir kring to tredelar av kloakkslammet brukt på dette viset. Det er i seg sjølv god ressursbruk, men det set spor i jorda. Ein studie frå Norsk institutt for vassforsking (Niva) tyder på at fleire hundre tusen tonn mikroplast hamnar på åkrar i Europa og USA på dette viset kvart år, og canadiske studiar har synt at dei minste plastpartiklane kan takast opp av planter.
Plastpust
Når plasten er så allstadnærverande, er det ikkje overraskande at han dukkar opp i næringsmidla våre, også dei frå landjorda. Det er funne plastpartiklar i mellom anna øl, honning, bordsalt og mineralvatn. I somme land er det òg funne mykje mikroplast i drikkevatnet. Det siste ser ikkje ut til å vere eit problem i Noreg. Undersøkingar som Niva gjorde i fjor, synte svært lite mikroplast i drikkevatn frå norske vassverk.
Men arbeidet til Niva viste òg noko anna: Om ein set eit glas med plastfritt vatn frå seg på bordet, dukkar det snart opp mikroplast i vatnet. Det driv altså mikroplast rundt i lufta inne i husa våre, og den kan kome frå mange kjelder, til dømes klede, møblar, måling, plastreiskapar og emballasje. Dermed kan vi gå ut frå at dei aller fleste menneske i moderne samfunn får i seg plastpartiklar dagleg, både gjennom lufta og gjennom mat og drikke. Kor mykje er heilt uvisst. Men det store spørsmålet er: Kan desse ørsmå plastbitane skade oss?
Null kunnskap
I teorien kan mikroplast vere skadeleg på tre måtar: ved at partiklane i seg sjølve gjer skade på kroppen, gjennom giftige tilsetjingsstoff i plasten og ved at plastpartiklane fraktar med seg miljøgifter dei har plukka opp på vegen. Men kunnskapen er førebels lik null når det gjeld alle desse moglege skadeverknadene på menneske.
Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) la fram ein rapport om mikroplast i oktober i år, og hovudbodskapen var dette: «Det finnes mikroplast i alle deler av miljøet og i mat, men den vitenskapelige kvaliteten på kunnskapen er for dårlig til at vi kan si noe sikkert om hvilke følger mikroplast har for miljø og for helse i Norge.»
Heller ikkje nivået av mikroplast i matvarer i Noreg er kjent, heitte det i pressemeldinga frå VKM: «Mange matgrupper, som kjøtt, grønnsaker og meieriprodukter, er ikke undersøkt i det hele tatt.»
Også EFSA, EU-organet for mattryggleik, konkluderte på liknande vis i ein rapport i 2016: Kunnskapen var for liten til at EFSA kunne lage ei risikovurdering eller tilrå grenseverdiar for inntak av mikroplast.
Minst er verst
Eitt av dei mange spørsmåla forskarane strevar med å finne svar på, er kor i menneskekroppen plastpartiklane kan hamne. Og her er storleiken viktig. Omgrepet mikroplast har ingen allment akseptert definisjon, men det er vanleg å nytte nemninga på plastbitar som er mindre enn fem millimeter i storleik.
Om vi får i oss den største mikroplasten gjennom mat eller drikke, går han mest truleg gjennom kroppen utan å setje nemneverdige spor. Men dei minste partiklane, nanoplasten, kan vere farlegare. Her snakkar vi om verkeleg små plastbitar eller -fibrar: frå ein mikrometer, det vil seie ein tusendels millimeter, og ned til ein tusendels mikrometer. Da har vi kome ned på molekylstorleik. Og sidan nanoplasten er så liten, kan han smette gjennom cellemembranar i kroppen på både dyr og menneske, til dømes frå tarmen og over i blodet.
Dei fleste studiane på dette feltet er gjorde på dyr, der det er dokumentert at nanoplasten kan gå frå tarmen og inn i blodomløpet – og vidare til organa. Ein urovekkjande studie vart gjord ved Universitetet i Lund i 2017. Forskarane gav først ferskvasskreps av typen daphnia fôr med nanoplast, og krepsane vart så etne av karper i eit akvarium. Etter kvart fekk fiskane markerte åtferdsendringar, dei vart mindre nyfikne og dårlegare til å finne mat. Da forskarane obduserte karpene, fann dei nanoplastpartiklar i hjernen deira.
Sjuke dyr
Eit slikt funn kan slett ikkje overførast til menneske utan vidare. Men karpestudien frå Lund er berre ein av mange som tyder på at mikro- eller nanoplast kan påverke dyr negativt. Det er funne skadeverknader etter inntak av plastpartiklar hos ei lang rekkje marine artar, frå hoppekreps til muslingar og fisk. (Dei aller fleste effektane er rett nok av det ikkje-dødelege slaget.)
Når dei fleste funna handlar om marine artar, er det dels fordi det meste av forskinga på dette feltet til no har retta seg mot livet i sjøen. Med den veksande kunnskapen om mikroplast på land og i lufta er dette i ferd med å endre seg. Men framleis veit vi altså så godt som ingenting om effekten plastpartiklar kan ha på landpattedyr – til dømes menneske. Det vi veit, er at plastforbruket i verda berre aukar og aukar. I 1950 var verdsproduksjonen av plast kring to millionar tonn. No er den årlege produksjonen nærare 400 millionar tonn. Om det viser seg at mikro- og nanoplast faktisk er skadeleg for menneske, har vi litt av ein ryddesjau framfor oss.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Framleis veit vi så godt som ingenting om effekten plastpartiklar kan ha på landpattedyr – til dømes menneske.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.