JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vi lét Lenin ese ut

Vesten mislukkast i å stogge kommunismen, og hordar døydde.
No tek vi opp att det fælslege mistaket med islamismen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mann og ein kvinne passer Lenin-statuen i Nizhny Novgorod, Russland, 19. september.

Foto: Reuters/NTB scanpix

7035
20171124
7035
20171124

For ti dagar sidan vart hundreårsdagen for bolsjevikrevolusjonen i Russland markert. Om kvelden 7. november 1917 okkuperte bolsjevikane Vinterpalasset i Petrograd. 72 år seinare, 9. november 1989, vart Berlinmuren opna. I den mellomliggjande perioden var det totale talet på offer for kommunismen mellom 85 og 100 millionar menneske, ifølgje The Black Book of Communism.

Mao Zedong stod aleine for fleire titals millionar døde: 2 millionar mellom 1949 og 1951, nye 3 millionar i løpet av 1950-talet, svimlande 45 millionar i den menneskeskapte hungersnauda kjend som «Det store spranget», og fleire under Kulturrevolusjonen.

Det lågaste overslaget over kor mange sovjetborgarar som mista livet som direkte følgje av Stalins politikk, er 20 millionar.

Alle kommunistregime overalt, utan unntak, var nådelause i handsaminga av «klassefiendar», frå Nord-Korea under Kim-familien til Ho Chi Mins Vietnam, frå Mengistu Haile Mariams Etiopia til Agostinho Netos Angola. Pol Pot var den verste av dei alle, men forskjellen gjaldt grad, ikkje kvalitet.

Kommunistregima var òg aggressive, og invaderte land etter land under den kalde krigen. Dessutan veit vi no kor omfattande og omsynslaust det internasjonale systemet til KGB for spionasje og undergraving var.

Kunne det vore gjort meir for å stogge den kommunistiske pandemien etter at han braut ut i Russland i 1917? Og, om det er tilfellet, har vi lært noko av feila til dei som ikkje sette foten ned når dei kunne?

Bolsjevikane kunne så visst vore stogga. Når alt kom til alt, var den einaste grunnen til at Lenin var i stand til å reise frå Zürich til Petrograd i 1917, at den keisarlege tyske regjeringa betalte billetten hans – og meir til. Ein reknar med at 12 millionar dollar vart kanaliserte frå keisarens pengekiste til Lenin og forbundsfellane hans. Justert for inflasjonen svarar det til 250 millionar dollar i dag.

Den provisoriske regjeringa var difor i sin fulle rett til å arrestere Lenin og kumpanane hans da dei kom til Petrograd. Dei var tyske agentar. Og Aleksander Kerenskij, den sosialistrevolusjonære som tok kontrollen over den provisoriske regjeringa i juli 1917, hadde enda betre grunn til å hanke inn bolsjevikane: på den tida hadde dei freista gjennomføre eit statskupp, og mislukkast.

Problemet var at folk undervurderte Lenin og kompani. Dei verka vere ein uregjerleg gjeng av intellektuelle: forfattarar av pamflettar, ihuga talarar. Ingen samtidig vestleg observatør trudde ein augneblink på at det tullete kuppet deira ville vere liv laga. Naive amerikanske bankdirektørar såg ikkje for seg at bolsjevikane meinte nett det dei sa om å late vere å betale heile tsargjelda. Det var heller ingen som tenkte seg at adelsmannen Uljanov (som var det eigentlege namnet til Lenin) var i stand til å gje ordrar om massemord.

Utanlandsk intervensjon, inkompetente liberalarar, hjelpelause bankfolk: det gjev tre grunnar til at bolsjevikane ikkje vart stogga. Lat meg ikkje gløyme medløparane. John Reed, med si latterlege glorifisering av revolusjonen, skulle få mange, mange arvingar. George Bernard Shaws kyniske kommentarar til moskvaprosessane på 1930-talet samanfattar denne intellektuelle forkvaklinga på fullkome vis.

Ikkje mange gjekk så langt som Cambridge-spionane, som så skammeleg sveik sitt eige land. Men kor mange intellektuelle var det ikkje som mellom 1917 og 1989 vende det blinde auget til kommunismens brotsverk? Fordi brotsverka til Hitler på sett og vis var verre. Fordi industrialiseringa av Russland ikkje kunne gjennomførast på nokon annan måte. Fordi ein laut knuse egg for å lage ein omelett – og alle dei andre flosklane.

Frå utbrotet av Korea-krigen til den siste konfrontasjonen tidleg på 1980-talet var det slik at til og med dei som såg på seg sjølve som antikommunistar, ikkje hadde mage til å ta opp kampen. Stadig vekk under den kalde krigen var det eminente amerikanarar – særleg dei som kom frå Ivy League-universiteta – som gav etter for relativisme. Kan hende var denne konkurransen mellom supermaktene USAs feil? Kan hende burde USA ganske enkelt dra styrkane sine attende frå dei omstridde grå sonene – frå Søraust-Asia, frå Sentral- og Sør-Amerika, frå Afrika sør for Sahara?

Og sjå kva som hende da USA gjorde nettopp det. Det er meir eller mindre allment akseptert at Vietnamkrigen var ei stor ulykke. Eg er av den umoderne oppfatninga at den verkelege ulykka var å overgje folket i Sør-Vietnam til den tragiske og fullt ut føreseielege lagnaden i hendene på det kommunistiske Nord-Vietnam.

I hovudsak var USAs inngrep i Vietnam mindre folkerettsleg legitimt enn inngrepet i Korea var. Men når ein ser på den geopolitiske stoda under den kalde krigen, ville det å verne om Sør-Vietnam, om USA hadde lukkast med det, vore like tenleg som det vart å verne om Sør-Korea. Og det ville utvilsamt vore betre for folket i Sør-Vietnam, som leid frykteleg etter at Saigon fall.

Ken Burns’ nye dokumentarserie om Vietnam framstiller USA som først og fremst ein arvtakar etter fransk kolonialisme. Dette er feil. Vietnam var ein vesentleg front i den kalde krigen. USAs nederlag var ein siger for kommunismen.

Har vi lært noko av denne historia? Ikkje på langt nær nok, vil eg seie. Det er ikkje berre millenniumsungdomane med Che Guevara på T-skjorta som uroar meg. Det er ikkje berre John McDonnell, skuggefinansministeren, som så seint som i 2011 sa at han «framleis ser relevansen til Trotskij», og som åtte eit eksemplar av Maos vesle raude fram til 2015, da han kasta boka på George Osborne i Underhuset. Det er ikkje berre den veksande makta til eit Kina som framleis er styrt av kommunistar. Det er ikkje berre dei nordkoreanske atomrakettane.

Nei, det som uroar meg i dag, er den velkjende responsen vi ser på eit anna, og etter mi meining like farleg, trugsmål. Spør deg sjølv om kor effektivt vi i Vesten har svara på framveksten av radikal islam sidan den iranske revolusjonen sleppte laus sjiavarianten sin, og sidan 11. september-åtaket avslørte den enda meir aggressive karakteren til sunni-islamismen. Eg er redd vi ikkje har gjort det betre enn bestefedrane våre.

For hundre år sidan var det Vestens store blunder å tru at det ikkje ville få stort å seie om Lenin og folket hans tok over det russiske imperiet, trass i den erklærte målsetjinga om å lage verdsrevolusjon og gje både demokrati og kapitalisme på båten. Så utruleg det enn kan verke, trur eg vi er i stand til å gjenta dette katastrofale feilgrepet. Eg fryktar at vi éin dag vil vakne og oppdage at islamistane har gjenteke bragda til bolsjevikane, som var å skaffe seg ressursar og evne til å truge eksistensen vår.

Det er ikkje lett å tenkje ut ein betre illustrasjon av aforismen til George Santayana: «Dei som ikkje kan hugse fortida, er dømde til å repetere henne.»

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Har vi lært noko av denne historia? Ikkje på langt nær nok, vil eg seie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis