Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil berre ha sauer og kyr frå vikingtida

– På Island har me ikkje importert sauer, kyr, hestar eller geiter. Me har satsa på dei gamle rasane som landnåms-mennene hadde med seg for meir enn tusen år sidan, seier landbruksprofessor Ólafur Dyrmundsson.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den gode, varme ullhuva er eit varemerke for professor i    landbruksvitskap Ólafur Dyrmundsson (73). Han har arbeidd med islandsk landbruk i nærare 40 år.

Foto: Harald Hognerud

9749
20170804
9749
20170804

ISLANDSK LANDBRUK

ottar@dagogtid.no

Det er i slutten av mai, og lemminga står for døra på Island. Professoren bur ei mil utanfor Reykjavik, men han finn tid til ein tur innom sentrum av byen. Heime har han eit titals sauer som skal lemma dei neste dagane, og det er viktige dagar for ein entusiast som har interessert seg for sauer i ein mannsalder.

Ólafur Dyrmundsson (73) har hatt mykje å seia for islandsk landbruk dei siste førti åra, men no er han pensjonist. Likevel er han framleis svært aktiv entusiast på mange landbruksfaglege felt – både praktiske og teoretiske.

ISLANDSK PIONER

Forsommaren er på vitjing i Reykjavik, og det er fullt av turistar i Laugavegur, den lange hovudgata i den islandske hovudstaden. Blant alle amerikanarane og kinesarane legg me merke til ei flott strikkehuva som nærmar seg – eit lite hovud over dei andre promenerande. Så oppdagar me professoren i grå frakk, grå dress og med raudt slips som slett ikkje varslar fare, men om svært mykje kunnskap om det islandske landbruket.

Dyrmundsson fekk den landbruksfaglege utdanninga si i Wales. Der byrja han å studera i 1966, og han tok doktorgraden på sauehald nokre år seinare. Vel heime fekk han jobb på den islandske landbruksskulen som retta seg både mot bønder og vitskapleg forsking. I nesten 40 år – frå 1977 og heilt fram til 2015 – arbeidde han med rådgjeving og forsøk for landbruksselskapet på Island. Han vart også den første og einaste rådgjevaren for økologisk landbruk på Island, og han har vore ein ivrig forkjempar for dyrevernet.

DEI GAMLE RASANE

Ólafur Dyrmundsson har hatt stor interesse av ta vare på dei gamle husdyrrasane på Island, både sau, ku, hest og geit.

– Det har vore svært viktig. I Noreg finst nokre att av den gamle rasen, men ikkje mange. På Island har me 480.000 vinterfora sauer av rasen som vart importert hit av landnåmsmennene i vikingtida før år 1000, fortel han.

Den einaste sauerasen på Island er den innfødde nordeuropeiske korthalesauen, og han er plassert i same gruppe som norsk spælsau, finsk landrase, romanovsauen i Russland, gotlandssauen i Sverige og sau på Færøyane, Orknøyane og Shetland.

LEIARSAUEN

Av den islandske korthalesauen har det også utvikla seg ein heilt spesiell populasjon som har vist seg å vera dyktig til å hjelpa bøndene og gjetarane til å styra flokken, og han har vorte kalla leiarsauen. I dag finst det over tusen av denne spesielle sorten på Island.

– Vanlegvis går han først ut av sauefjøset. Han ser seg kringom i alle retningar for å sjå om det er fare på ferde, og så går han føre når sauene vert jaga ut på beitet. Det er samla mange historier om evna leiarsauene har til å føresjå endringar i vêret, og det finst døme på at dei har nekta å forlata sauefjøset når det har vore snøstorm i vente, fortel Dyrmundsson. Han var den første leiaren i Islandsk leiarsauforeining, som har over hundre medlemmer.

MODERNE LANDBRUK

Men trass i vernet om dei opphavlege rasane, har ikkje utviklinga stått stille på Island.

– Me har forska og drive forsøk og har lukkast med å få den islandske sauen til å produsera meir kjøt, og i dag er han ganske produktiv. Me brukar moderne metodar for å utvikla både sauer, hestar og kyr, og det har også gjeve meir mjølk frå kyrne. På Island finst det om lag 600 mjølkeprodusentar, men for tjue år sidan var det mellom 1200 og 1500. Bruka har vorte større og større, og fleire har teke i bruk robotar. Island har den høgaste mjølkeprosenten frå robotar – om lag 30 prosent. For nokre år sidan var fleire islandske bønder interesserte i å importera NRF-kyr frå Noreg, men eit stort fleire fleirtal var mot. Eg var for å halda fram med å foredla den islandske kua. Det har me gjort, og ho mjølkar stadig meir.

ULLA ER VIKTIG

På Færøyane har det vore eit stort problem å finna kjøparar til saueulla, og på 1980-talet vart ho brend. Den færøyske ulla har vorte send til vaskeri i England, og delar har vorte sende vidare for å verta til strikkeplagg i land som Litauen, Ukraina og Jordan.

– Slik er det ikkje på Island, slår Dyrmundsson fast.

– Her er ulla viktig, og det er lett å selja henne. Det aller meste går til fabrikken i Blönduós. Berre ein liten del av dårlegare kvalitet vert eksportert. Her i landet vert det laga mange populære strikkeprodukt, men ullprisen er ikkje høg, og det er eit problem. Meir enn 90 prosent av inntektene frå sauen kjem frå kjøtet, og mindre enn 10 prosent frå ulla.

På Island kan både søya og vêren ha horn, og sauene står inne om vinteren. Men endå merkelegare enn søyer med horn, er sauer med fire horn. Dei finst både på Island og på Isle of Man, der denne rasen vert kalla Viking Sheep.

ISLANDSHESTEN

Islandshesten er vide kjent, og til saman finst det om lag 80.000 av dei på Island. I store delar av landet går dei på beite heile året, og det er vanleg med både ti og tjue på det same beitet.

– Då eg voks opp, vart islandshesten brukt som arbeidshest. No vert han mest brukt som ridehest til hobby og sport. Tidlegare vart det eksportert om lag 3000 hestar årleg. No er det snakk om kring 2000. Den største eksporten går til Tyskland, Sverige og Danmark, men det vert selt hestar til mange land. Islendingane et hestekjøt, men ikkje så mykje som før. I det siste har det opna seg ein marknad for hestekjøt, særleg i Japan. Der er hestekjøt luksusmat, men ein del går også til Frankrike og Italia.

Mange utlendingar kjem til Island regelbunde for å ri. Somme eig hestane sjølv, og dei har dyra i pensjon på islandske gardar.

– Ei norsk kvinne kjøpte for nokre år sidan ein flott hingst med fine fargar som vart brukt i avlsarbeidet. Ho kunne selt han til god pris, men tok han med til Noreg. Etter det kunne ho ikkje selja han tilbake til Island. Det er ikkje lov. Prisen på dei billegaste islandshestane er på mellom 200.000 og 300.000 islandske kroner, som vil seia mellom 15.000 og 25.000 norske kroner, men for avlshestar kan han koma opp i både 10 og 20 millionar islandske kroner.

SJUKDOMMAR

På øya ute i Nord-Atlanteren er dyra særs godt verna mot husdyrsjukdommar som er vanlege i andre land.

– Me tillèt ikkje import av verken sau, hest eller kyr, men det har vore nokre unnatak. På 1930-talet vart det importert Galloway med tanke på kjøtproduksjon, men det vart sjukdom på dyra. Seinare hadde me kryssingar med Galloway i mange år. På 1970-talet vart det tillate å importere sæd og egg frå Limousin, Aberdeen Angus og Galloway, men ikkje levande dyr. No tillèt me berre import av frose kjøt. Den restriktive politikken har gjeve gode resultat. Me har ikkje hatt mange sjukdommar på husdyra, og treng heller ikkje bruka så mykje antibiotika.

ISLANDSK ER BEST

Dyrmundsson slår fast at det er viktig for Island å produsera så mykje mat som mogleg.

– Den konservative regjeringa me har i dag, har ikkje lett for å skjøna det når me snakkar om matvaretryggleik. Dei snakkar heller om import av varer som kan konkurrera med varer som me kan produsera sjølve. Problemet er at nesten alt som vert importert, er av dårlegare kvalitet. Når me kjøper grønsaker av same type frå Spania eller Nederland og samanliknar med våre eigne, merkar me at dei islandske grønsakene smakar mykje betre. I landbruket oppmodar me folk til å sjå mindre på prisane. Samanliknar ein med matvareprisane i Danmark og Sverige, er det ikkje store skilnaden. Det islandske landbruket kan lett verte øydelagt av billeg import.

VIKTIGE VEKSTHUS

Den islandske professoren viser til at veksthusa har vorte ein viktig del av det islandske landbruket.

– Dei er alle oppvarma av vatn frå varme kjelder, og det verkar som om veksthusa er framtida. I hovudsak er det tomat, agurk og paprika som vert produsert. Veksthusa brukar ikkje kjemikal, og vi har ikkje store problem med sjukdom. Me skulle ha produsert langt meir grønsaker, og det burde vore mogleg å få til eksport. Me dyrkar både poteter, gulrøter og rotvekstar, og det har vorte stadig meir bygg. På slutten av 1960-talet vart det dyrka bygg på eit par gardar. No skjer det på mellom 200 og 300, og produksjonen per hektar har auka kraftig. Før opplevde kornbøndene at vinden la bygget flatt. No har ein fått fram ein kortare sort som vinden ikkje får tak i så lett.

I dag yter den islandske staten støtte til produksjon av både mjølk og sauekjøt, og litt til ull, men ikkje til svin og kylling.

FÆRRE BØNDER

Dyrmundsson viser til at mellom 70 og 80 prosent av dei islandske konsumentane vil ha islandske varer.

– Går me med i EU, må me importera frå den frie marknaden, og då kjem matvaretryggleiken til å gå ned. Me kan ikkje konkurrera med varer frå Aust-Europa, som vert til under heilt andre tilhøve.

Han viser til at det har vorte færre bønder på Island, men om ein reknar med veksten i drivhusa, har det vore ganske stabilt. Storleiken på sauebruka går opp, og utviklinga går også mot at bøndene driv fleire gardar.

Fleire islandske bønder har også fått inntekt frå arbeid med lakseoppdrett, og somme byggjer hytter eller restaurerer eldre hus som dei leigar ut til turistar. Bøndene har dessutan danna organisasjonen Icelandic Farm Holidays som freistar å gje turistane eit overnattingstilbod ute i distriktet. Det største problemet er at storparten av turistane vil til dei same populære stadane.

Dyrmundsson, som ønskjer at dagens varsame tilnærming må førast vidare, omtalar seg som konservativ i landbrukspolitikken.

– Det er svært lett å øydeleggja islandsk landbruk, og difor må me vera varsame, understrekar han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det verkar som om veksthusa er framtida.

Ólafur Dyrmundsson, islandsk professor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis