Vil endre bistandsbudsjettet
Regjeringa har i statsbudsjettet ikkje prioritert bistand til folk som er på flukt i eigne nærområde, godt nok. Det meiner både Flyktninghjelpen, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Fråvær av hjelp i nærområda bidrog til at det var så mange som søkte seg vidare til Europa, seier Pål Nesse i Flyktninghjelpen. Foto frå matutdeling i Sør-Sudan 2017.
Foto: George Fominyen/WFP/AP/NTB scanpix
Bistandspolitikk
eva@dagogtid.no
«Internasjonalt samarbeid og hjelp til det store antallet flyktninger som oppholder seg i nærområdene er det viktigste, mest effektive og mest bærekraftige virkemiddelet for å løse flyktningkrisen», skreiv statsminister Erna Solberg (H) og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) i ein kronikk i VG tidleg i 2016. Det er brei semje om dette synet i norsk politikk, og det har vore brukt som argumentasjon når det er gjort innstrammingar i innvandringspolitikken etter flyktningkrisa i 2015.
Listhaug har argumentert for at innstrammingar heime gjer at Noreg kan bidra meir der dei fleste flyktningane er – i dei såkalla «nærområda» til deira eige heimland. «Resultatet er at vi kan hjelpe mange flere gjennom mer penger til hjelp i nærområdene fordi vi bruker mindre på asylsøkere i Norge», skreiv ho på Facebook i 2016. Då var talet asylsøkjarar til Noreg redusert med nesten 30.000 frå året før.
I dag kjem det endå færre asylsøkjarar til Noreg. Noverande innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) har sendt ut pressemelding om at det i forslaget til statsbudsjett for 2019 er spara inn 5,9 milliardar på asylfeltet jamført med 2016.
Ein skulle tru det ville innebere ei storsatsing i dei såkalla nærområda. Det syner budsjettframlegget ikkje teikn til, skal vi tru Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen.
I ein kronikk i Aftenposten kritiserer Egeland regjeringa for å ha gløymt det varsla krafttaket i nærområda og for å svikte både flyktningane og vertslanda dei er fordrivne til. «Det nye bistandsbudsjettet (prioriterer) overhodet ikke (…) nærområdene», skriv han.
– Skuffande lågt
Samla er bistandsbudsjettet for 2019 på 37,8 milliardar kroner, litt over 7 prosent meir enn i år.
Den humanitære delen av budsjettet, som går til naudhjelp og humanitær bistand, støtte til Verdsmatvareprogrammet og FNs høgkommissær for flyktningar, er auka med 250 millionar kroner, til nær 5,4 milliardar i 2019. Egeland meiner det er skuffande lågt i ei verd med nær 70 millionar på flukt. Han syner til at det humanitære budsjettet for 2019 utgjer ein mindre del av det samla bistandsbudsjettet enn i tidlegare år.
Seniorrådgjevar Pål Nesse i Flyktninghjelpen seier at det er få av konfliktane folk har flykta frå, som er løyste dei siste åra. Såleis er det òg få flyktningar som har kunna returnere til heimlandet. Det inneber at trongen for naudhjelp har auka.
– Vi verdset at regjeringa har auka det humanitære budsjettet med 65 prosent sidan 2013, men i same periode er trongen for naudhjelp i verda nær firedobla, ifølgje FN. Så gapet mellom bistand og trong aukar, seier han.
Vil doble innsatsen
Flyktninghjelpen meiner Noreg burde ha dobla den humanitære innsatsen i 2019, til nær ti milliardar kroner.
– Situasjonen er ekstraordinær. I tillegg kjem det knapt asylsøkjarar til Noreg lenger, og det er frigjort ein del ressursar på det, seier Nesse.
– Noreg bidreg alt i dag med meir naudhjelp enn mange andre gjevarland. Kvifor skal vi auke innsatsen endå meir?
– Fordi Noreg er ei såkalla humanitær stormakt og nyt respekt internasjonalt for den humanitære innsatsen. Vi har vore opptekne av å hjelpe flyktningar i nærområda. Då må vi ta det på alvor når situasjonen er så ekstraordinær som no, seier Nesse.
– Situasjonen har vore ekstraordinær lenge. Kan ein vente at bidraga skal halde tritt med ein trong som berre eskalerer?
– Ein av grunnane til at det kom så mange til Europa i 2015, var at Verdsmatvareprogrammet måtte innstille matprogram i Jordan, fordi det ikkje var meir pengar att. Fråvær av hjelp i nærområda bidrog til at det var så mange som søkte seg vidare til Europa.
– Kvar skal pengane takast frå?
– Det som i dag går over bistandsbudsjettet til flyktningtiltak i Noreg, bør takast over budsjetta til Justisdepartementet. I tillegg meiner vi det bør omprioriterast innanfor bistanden, nett fordi situasjonen er så prekær. Den politiske retorikken om at vi skulle spare inn i Noreg for å kunne hjelpe fleire i nærområda, er eit tankekors. Når Noreg har spart inn 5,9 milliardar på asylfeltet, vil det seie at det var uproblematisk å finne 5,9 milliardar, seier Nesse.
Sju milliardar
Utviklingsminister Nikolai Astrup (H) er ikkje samd i framstillinga til Flyktninghjelpa. Han syner til at både det samla bistandsbudsjettet og den humanitære bistanden er auka år for år sidan 2013.
– Det er rett som Flyktninghjelpen seier, at FNs naudhjelpsappell òg har auka mykje. Men Noreg åleine kan ikkje dekkje opp for den auken, seier han.
I tillegg til naudhjelpsbudsjettet går det ifølgje Astrup òg midlar til å avhjelpe humanitære kriser og situasjonen i nærområda over andre postar i bistandsbudsjettet, mellom anna innanfor helse og utdanning og støtte til multilaterale organisasjonar.
– I budsjettforslaget ligg det an til godt over sju milliardar kroner til tiltak retta mot utfordringar i Europas nærområde. Midlar til Syria og Midtausten utgjer ein stor del av det. Samstundes aukar vi bistanden kraftig i sårbare statar i Europas nærområde.
Han seier budsjettet òg inneheld midlar som er frigjorde som følgje av at det no kjem færre asylsøkjarar til Noreg.
– I 2016 gjekk nær 20 prosent av bistandsbudsjettet til tiltak for flyktningar i Noreg. I 2019 er det nede i 0,5 prosent. Pengane som er frigjorde, går til utviklingshjelp og humanitær hjelp i utviklingsland. Der vil dei sjølvsagt rekke lenger, seier han.
– Kor mykje av budsjettet for 2019 kjem til å verte brukt til naudhjelp og humanitære kriser?
– Budsjettet er på nær 40 milliardar kroner. Alt er ikkje relatert til humanitære kriser, men mykje av den langsiktige utviklingshjelpa er viktig for situasjonen i dei mest fattige og sårbare landa. Vi må sjå samanhengen mellom den langsiktige utviklingshjelpa og naudhjelp. Skulle vi ha gjeve meir til naudhjelp, inneber det mindre til langsiktig utviklingshjelp.
Omprioriteringar
Astrup kan likevel verte nøydd til å gjere endringar i budsjettet når det skal handsamast av Stortinget. Det stadfestar både KrF og Arbeidarpartiet.
Marianne Marthinsen i Arbeidarpartiet seier regjeringas språkbruk om hjelp i nærområda ikkje er reflektert i faktiske løyvingar i statsbudsjettet. I tillegg meiner Marthinsen at det er vanskeleg å sjå om budsjettforslaget bidreg til ein tilstrekkeleg auke av innsatsen i såkalla nærområde. Ap kan kome til å gå inn for både omprioriteringar i og auke av bistandsbudsjettet.
KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner kjernestøtta til FNs høgkommissær for flyktningar bør vere noko høgare i dagens situasjon enn det regjeringa har lagt opp til i budsjettet. Han seier KrF kjem til å gå inn for både «store omprioriteringar» og auke i bistandsbudsjettet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Situasjonen er ekstraordinær.
Pål Nesse, seniorrådgjevar
i Flyktninghjelpen
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.