Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil, vil – får ikkje til

Skal vi late ungdommen falle ut av vidare-gåande skule, må dei ha noko anna å gå til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på besøk hos ein femteklasse i samband med den internasjonale leseprøven i 2016.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

2797
20171215
2797
20171215

Eg går i femte klasse og sit bak pulten min på barneskulen i den vesle bygda mi. Vi er attende i 2001. Tredje, fjerde og femteklasse har høgtlesing, og rektor peikar på ein nervøs tredjeklassing.

– Så kan du lese neste avsnitt, seier han.

Tredjeklassingen snurpar saman andletet og myser mot boksida. Det går eit par minutt.

– Egkanikkjelese, mumlar han.

– Kva sa du? seier rektor.

– Eg kan ikkje lese!, ropar tredjeklassingen. Andletet hans vert raudare og raudare, og auga til rektor større og større.

– Kan du ikkj-? Eg skal lære deg å lese, seier skulestyraren venleg.

Håpet er ikkje ute for tredjeklassingen.

Men kva med dei som sjølv etter barneskulen berre er til oppbevaring på skulebenken dag etter dag? Dei som ikkje får noko ut av det. Dei må konkurrere med både studentar og statsvitarar om jobben bak kassa på Coop. For vi har ei merkeleg problemsamansetjing i den vestlege verda; for det første har vi fleire høgt utdanna enn vi har arbeid til, ifølgje statsvitar Axel Rigault Jørgensen i Dagens Næringsliv denne veka. For det andre manglar vi fagarbeidarar, og for det tredje vert det vanskelegare å få seg jobb utan relevant utdanning.

– Vi foreldre er ein del av problemet. Vi presser ungane våre til å ta høgare og høgare utdanning som dei ikkje får bruk for, seier mor mi gjennom telefonrøyret.

Vi er i 2017. Ho er lærar i vidaregåande skule og rådgjevar i oppfølgingstenesta.

– Meiner du det? Har foreldra for høge ambisjonar for borna sine?

Eg ler litt.

– Ja, det meiner eg. Alle kan ikkje verte sjef, seier ho.

Denne diskusjonen har vi hatt før, og ho har litt rett. Men for å verte fagarbeidar må du ha vidaregåande skule. Dersom du ikkje har fullført vidaregåande, og enno ikkje veit kva du vil, kva skal du gjere då? Er det like lite lønsamt å falle ut av opplæringssystemet som det er å fullføre? tenkjer eg. Eg kjenner pulsen stige av heile problemstillinga.

– Dei som har meir lyst på lønt arbeid enn å gå på skule, bør få det, seier samfunnsvitar Arne Klyve til NRK denne veka.

«– Vi må tåle dropouts», heiter artikkelen. Det ville vore betre både for dei som fell frå og dei som er att, meiner samfunnsvitaren.

Det er for lettvint! protesterer kverulanten i bakhovudet mitt. For det står og fell på utdanningssystemet. Passar du ikkje inn der, passar du ikkje i det heile; gründerane som lukkast utan utdanning, Olav Thon medrekna, er heller unntaket enn regelen. Vi treng sårt eit godt alternativ til skulepresset. Det har vi ikkje no, og fråfallet ligg på 27 prosent.

For menneske med andre ressursar enn skulegløggleik, er ikkje til for å oppbevarast.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Er det like lite lønsamt å falle ut av opp-
læringssystemet som det er å fullføre?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis