Virus på frammarsj
Fugleinfluensaen blant måkefugl er no påvist frå Finnmark til Rogaland. – Vi ser at viruset endrar seg litt heile tida og gjev utbrot på nye artar, seier Siri Løtvedt i Mattilsynet.
Innsamling av døde krykkjer utanfor Vadsø.
Foto: Jan Langhaug / NTB
eva@dagogtid.no
Noregshistorias største utbrot av fugleinfluensa har prega sommaren aust i Finnmark, men denne veka melde ordføraren i Vadsø at det no vert funne færre døde fuglar i kommunen enn før. Samstundes er det den siste tida påvist fugleinfluensa også i Vestland og i Rogaland, og det vert meldt om auke av døde fuglar i Nordland.
Dag og Tid har snakka med Siri Løtvedt som er fagdirektør i seksjon for dyrehelse i Mattilsynet.
– Kva vil du seie er status for fugleinfluensautbrotet no?
– Til no har det vorte påvist fugleinfluensa i 28 kommunar rundt om i landet, men det er eit tal som kan endre seg. Veterinærinstituttet har ei oversikt på nettsidene sine, og den vert no oppdatert dagleg.
– Er tilfella som er påviste i Vestland og i Rogaland, relaterte til utbrotet i Finnmark?
– Det er den same virusvarianten og som no sirkulerer langs heile kysten, men om smitten dei enkelte stadene kjem frå Europa eller frå Finnmark, det veit vi ikkje.
– Veit de kvar smitten kjem frå opphavleg?
– Fugleinfluensaen er ein smittsam virussjukdom som hovudsakleg rammar fugl, og som kjem av eit stort mangfald av influensa A-virus. Virusa førekjem naturleg hjå ei rekkje ville fuglar, spesielt fugl som lever i og ved vatn. Det kan òg oppstå smitte til fjørfeflokkar. Varianten som sirkulerer no, vart fyrste gong påvist i Nederland i 2022 og har i 2023 spreidd seg i heile Europa. Han har truleg kome til Noreg med trekkfuglar.
– Korleis smittar viruset mellom fuglane?
– Via avføring og dropesmitte frå øvre luftvegar, så det smittar raskt der dei oppheld seg tett saman. I tillegg kan det smitte indirekte, ved at til dømes folk har avføring eller dropar på sko eller klede som dei tek med frå ein stad til ein annan. Denne indirekte smitten er den einaste vi har høve til å hindre.
– Døyr alle fuglar som vert smitta?
– Nei, dødelegheita varierer. Andefuglar ser ofte ut til å ha låg dødelegheit, medan andre artar har høg.
– Det er måkearten krykkje som er hardast ramma no. Kva kjem det av?
– Virusvarianten no er særleg tilpassa måkefuglar. Krykkja er samla i koloniar no i hekketida, og i desse koloniane spreier smitten seg svært fort. Men det er òg enkeltfuglar av andre måkeartar som er døde, som gråmåke og svartbak, men der har kanskje ikkje viruset kome inn i koloniar med så tett med fuglar.
– I fjor tok fugleinfluensaen livet av store mengder havsuler, og året før vart det for fyrste gong påvist hjå kommersielle fjørfeprodusentar. Flyttar viruset seg frå art til art?
– Vi ser at det endrar seg litt heile tida og vi får utbrot hjå nye artar. Viruset no kom fyrst inn i havfuglkoloniar, mellom anna med havsule, der dødelegheita var stor. Rovfuglar ser derimot ut til å vere mindre mottakelege for det same viruset. Men skilja her er ikkje absolutte. Kjem måkeviruset inn i fjørfehaldet, vil det kunne gje alvorlege symptom der også.
– Kva tiltak er så langt innførte i Noreg for å avgrense smitte?
– Det er ikkje mogleg å stoppe smitte blant villfugl, men vi har innført nokre tiltak for å prøve å hindre spreiinga litt. Mellom anna vert døde fuglar fjerna for å avgrense smitteeffekten. Vi klarar ikkje samle opp alt, men i alle fall i ein del område. I tillegg er det innført ferdselsforbod i tre naturreservat i Finnmark for å prøve å hindre at folk tek med seg smitte via støvlar og klede inn til gjenverande koloniar med den sårbare krykkja, og vi har oppmoda folk til å avgrense unødig ferdsel som fuglekikking og turgåing i område med mykje døde fuglar.
– Då fugleinfluensa vart påvist hjå kommersielle fjørfeprodusentar i 2021, vart det avliva fleire tusentals fjørfe og innført strenge smitteverntiltak i soner på opptil 10 kilometer rundt gardane. No er det derimot meldt at utbrotet blant måker ikkje kjem til å leggje avgrensingar på den komande fuglejakta. Kva kjem denne skilnaden i tiltak av?
– Når det gjeld utbrot i fjørfehald, er Noreg plikta til å følgje EUs regelverk for handtering av smittsame sjukdomar. Tilsvarande krav finst ikkje når det gjeld utbrot blant ville fuglar, så der set vi inn dei tiltaka vi meiner er føremålstenlege for å redusere faren for spreiing til fjørfehald. Det er ingen av måkefuglane i Noreg det er jakt på, men det er jakt på andre fuglar som kan vere i same området. Slik det ser ut no, vert det ikkje jaktforbod, men får vi utbrot i område der det vert jakta på annan fugl, kan situasjonen endre seg.
– I Finland skal no 70.000 mink og rev avlivast fordi det er oppdaga fugleinfluensa på 20 pelsfarmar. I kva grad smittar viruset til dyr?
– Korleis smitten har kome inn hjå pelsfarmane, veit vi ikkje. Til no er det berre meldt om få tilfelle av smitte til andre dyreartar enn fugl, men vi tek prøvar av andre dyreartar og følgjer situasjonen nøye.
– Kva med smitte til andre pelsdyr som katt?
– Det er meldt om nokre få tilfelle av det, mellom anna i Polen for nokre veker sidan, men smitte til katt er sjeldan. For å vere i forkant har vi likevel sagt at kjæledyreigarar bør vurdere å halde hundar i band og kattar innandørs i område der det no er mykje fugleinfluensa. Det vart og påvist fugleinfluensa på ein død revevalp i Tromsø nyleg.
– Kan viruset smitte til menneske?
– Sannsynet for at det smittar til menneske, er svært liten. Vi bed likevel folk vere varsame og bruke hanskar og verneutstyr når dei handterer døde fuglar, for ikkje å vere med å spreie smitte eller få viruset på seg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kjæledyreigarar bør vurdere å halde hundar i band og kattar innandørs i område der det no er mykje fugleinfluensa.
Siri Løtvedt, fagdirektør i Mattilsynet
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.