Virus på lag med makta
Statsleiarar må opptre ekstremt klønete om dei ikkje skal profittere på koronakrisa.
KORONAVINNARAR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg har hatt ekstra stor definisjonsmakt dei siste månadene.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Politikk
peranders@dagogtid.no
Ein statsleiar bør ikkje ønskje seg katastrofar, men det løner seg som regel å sitje ved makta når store farar trugar eit land. Statsminister Erna Solberg og partiet hennar har blitt langt meir populære sidan covid-19-epidemien slo inn over Noreg. I aprilmålinga til Opinion spratt oppslutnaden til Høgre opp med heile 8,5 prosentpoeng til over 27 prosent – det største spranget for eit parti i løpet av ein månad nokon gong. Og i april svarte heile 55 prosent av dei spurde at Erna Solberg var best eigna som statsminister i Noreg – ein framgang på 12 prosentpoeng.
Det er rimeleg å sjå auken i oppslutnad som eit resultat av at koronatiltaka i Noreg har verka som dei skulle. Dei norske dødstala i pandemien er svært låge samanlikna med dei fleste europeiske land: I skrivande stund (onsdag) er det registrert 235 dødstal på grunn av covid-19 i Noreg.
Men dette er neppe heile forklaringa. Også i land der viruset har herja umåteleg mykje hardare enn i Noreg, til dømes i Italia, Spania og Storbritannia, har regjeringspartia fått større oppslutnad i løpet av pandemien.
Svenske tilstandar
Og det er heller ikkje berre restriktiv koronapolitikk med strenge tiltak for å berge liv som har gjeve sitjande regjeringar større popularitet dei siste månadene. Den svenske regjeringa valde som kjent ei heilt anna line enn den norske da covid-19-pandemien slo til, med langt mindre inngripande tiltak, og Sverige har no registrert over 4200 koronadødsfall. Likevel har også den svenske regjeringa auka oppslutnaden kraftig i løpet av pandemien.
15. april fekk Sosialdemokratane, partiet til statsminister Stefan Löfven, ein framgang på nesten 7 prosentpoeng på ei meiningsmåling utført for Svenska Dagbladet. Og sjølv om dødstala har stige bratt i Sverige, heldt populariteten til det største regjeringspartiet seg oppe også i mai, synte det månadlege veljarbarometeret til SIFO: SD gjekk vidare fram til 31,7 prosent oppslutnad. I januar hadde partiet støtte frå berre 23,5 prosent av dei spurde.
At den svenske koronapolitikken etter alt å døme har kosta mange liv, ser ikkje ut til å svekkje oppslutnaden nemneverdig, og kritikk frå fagfolk i andre land prellar av på svensk opinion. Kan hende styrkjer det berre oppslutnaden kring dei vala som er gjorde i Sverige. Statsepidemiolog Anders Tegnell, arkitekten bak politikken, har blitt ein litt pussig folkehelt, og den alternative svenske koronapolitikken har blitt ei kjelde til nasjonal byrgskap. I svenske medium har forsvaret for lina til Tegnell og regjeringa blitt kalla «folkehelsepatriotisme».
Tener makta
Det er noko forbløffande ved effekten koronakrisa har hatt på opinionen rundt om i verda, og vi treng berre å sjå på to såpass nærskulde land som Sverige og Noreg for å sjå det: To svært ulike former for politisk krisehandtering, med svært ulike utfall i form av tapte liv og økonomiske skadeverknader, kan båe auke oppslutnaden til dei ansvarlege for politikken.
Koronaviruset opptrer såleis som ein god tenar for makta i dei fleste statar. Pandemien har gjeve framgang på meiningsmålingane for sitjande regjeringar over det meste av kloden. Det finst nokre få unnatak, som vi skal kome attende til. Men det er først og fremst den sterke støtta til dei styrande som er slåande.
Ekstreme utslag
Den australske regjeringa har hausta den største politiske vinsten på pandemien. Australia har sloppe svært lett frå pandemien så langt, og frå mars til april auka oppslutnaden kring statsminister Scott Morrison frå 41 prosent til 59 prosent. Ein framgang på 18 prosentpoeng på ein månad er ekstremt. I Sør-Korea, eit land som lukkast svært godt med å stagge covid-19-smitten, vann partiet til president Moon Jae-in ein knusande siger i parlamentsvalet 20. april.
Også i Tyskland, eit land som har handtert koronakrisa ganske godt, har kanslar Angela Merkel og partiet CDU auka oppslutnaden sin. Sidan byrjinga av mars har CDU gått frå 24 prosent til 38 prosent oppslutnad på meiningsmålingane.
Frankrike har vore langt hardare råka av covid-19 enn Tyskland, og dødstala i landet nærmar seg no 30.000. Men oppslutnaden til den mislikte president Macron spratt opp med ti prosentpoeng på meiningsmålingane etter at strenge koronatiltak vart sette i verk i Frankrike 17. mars. Sidan da har populariteten hans dala noko att, men oppslutnaden kring Macron er framleis høgare enn før pandemien.
Hjelp for Trump
Underleg nok ser «koronaeffekten» også ut til å ha kome Donald Trump til gode. Dette er ikkje lett å skjøne. Presidenten i USA bagatelliserte trugsmålet frå viruset i det lengste, og krisehandteringa hans har ikkje nett vore konsistent eller tillitvekkande. Likevel fekk også Trump ein markert auke i oppslutnad i mars. Meiningsmålingane synte at «approval rating» for presidenten, det vil seie prosentdelen av befolkninga som tykkjer at han gjer ein god jobb, hoppa frå 44 til 49 prosent. Det var ei tangering av den høgaste «rating» Trump har hatt sidan valet i 2016.
Sidan da har det kome ei rekkje bisarre utspel og hårreisande utsegner frå Trump, over 100.000 amerikanarar er døde av covid-19, og oppslutnaden til presidenten har kome under 44 prosent att. Det vil seie nær gjennomsnittet for tida hans i Det kvite huset.
Ein statsleiar må tydelegvis ha ein ekstremt dårleg pandemipolitikk for å verkeleg tape på koronakrisa. Ein som har klart det, er president Jair Bolsonaro i Brasil. Så seint som i slutten av mars avfeia han covid-19 som «ein liten influensa», og presidenten motsette seg i det lengste drastiske tiltak for å bremse smitten. No er Brasil eit av dei hardast råka landa i verda i denne pandemien, med kring 25.000 døde. Og oppslutnaden til Bolsonaro har falle frå 48 prosent i januar i 39 prosent i mai. Men han er definitivt unnataket.
Flaggsamling
Kva er det som får folk til å flokke seg kring dei leiarane som slumpar til å sitje ved makta når krisa råkar eit land? Nokre av årsakene er openberre: Leiarane får stor definisjonsmakt når dei stadig kjem til orde i media med bodskapen sin, ofte utan særlege motførestillingar, slik Erna Solberg og Bent Høie landsmoderleg og landsfaderleg har lagt fram tiltaka sine på pressekonferansane i vår. Og opposisjonsparti har som regel tronge kår i kriser og krig: Det tek seg dårleg ut å skape splid og strid når ein stor fare trugar.
At kriser aukar oppslutnaden kring dei som sit med makta, har vore kjent lenge. Fenomenet har fått eit engelsk namn av statsvitarane: «Rally ‘round the flag»», altså ei samling kring flagget. Opphavsmannen til omgrepet var statsvitaren John Mueller, som skildra fenomenet i artikkelen «Presidential Popularity from Truman to Johnson» i 1970. Mueller meinte at det var tre kjenneteikn ved kriser som styrkte oppslutnaden kring presidenten: Hendinga var internasjonal av natur, ho vedrørte staten USA og særleg presidenten direkte, og ho var «spesifikk, dramatisk og skarpt fokusert». Blant døma på slike hendingar nemnde Mueller amerikanske krigshandlingar som Korea-krigen eller åtaket i Grisebukta på Cuba, men òg store diplomatiske retningsskifte som Truman-doktrinen eller brå teknologiske sprang som Sputnik-oppskytinga.
Blind tillit
Døma til Mueller ser litt underlege ut i dag, og dei er openbert prega av den kalde krigen og av statusen til USA som supermakt. Men effekten gjer seg tydeleg gjeldande også i langt mindre mektige og krigerske statar enn USA. Når eit land blir råka av til dømes terroråtak eller store naturkatastrofar, aukar nesten alltid oppslutnaden til dei styrande – i alle fall så lenge dei ikkje gjer verkeleg store feil i handteringa si.
Det meste av forskinga på oppslutnad kring leiarar i kriser er gjort i USA. Éin grunn til det er at det er mykje empiri å ta av: Sidan 1945 har USA vore deltakar i ei lang rekkje krigar rundt om i verda, og landet spelar ei rolle i dei fleste internasjonale storkonfliktar. Og det mest ekstreme dømet på denne effekten er òg frå USA. Etter terroråtaka i New York og Washington 11. september 2001 spratt oppslutnaden til president George W. Bush opp frå 51 prosent til 90 prosent, før han hadde gjort nokon nemneverdig innsats frå eller til.
Dømet Bush fortel òg noko om faren ved at så mange sluttar meir eller mindre blindt opp om leiarane sine når faren trugar. Den oppslutnaden Bush fekk etter terroren i 2001, gav ikkje berre legitimitet til invasjonen av Afghanistan same året. Den breie støtta til presidenten og regjeringa hans etter 11. september kan òg ha medverka til at haukane i Washington fekk viljen sin med Irak-invasjonen i 2003.
Kort effekt
I forlenginga av dette er det rimeleg å spørje kor langvarig denne typen fryktdriven oppslutnad kring statsleiarar kan vere etter ei krise. Normalt ser svaret ut til å vere: «ikkje særleg langvarig». Når det har gått ei tid, byrjar vanlege politiske spelereglar å gjelde att, debatten vaknar til live, og det blir større opning for å kritisere politikken til regjeringa.
Dette ser vi til dømes no i eit land som Storbritannia: Trass i vingling og nøling i starten av pandemien, fekk Boris Johnson og Dei konservative ein markert auke i oppslutnad i mars og tidleg april. Truleg fekk òg statsministeren mykje ekstra sympati i folket da han sjølv vart alvorleg sjuk av covid-19. Men dei siste vekene har oppslutnaden kring Johnson, regjeringa og pandemipolitikken i Storbritannia falle att. Og medan dei strenge koronatiltaka i mars fekk brei støtte i landet, er det britiske folket langt meir splitta i spørsmålet om kor raskt og korleis normaliseringa skal gå føre seg. Inntil vidare kan Johnson og Dei konservative i det minste gle seg over å ha nådd same høgder i oppslutnad som Margaret Thatcher og partiet gjorde etter sigeren i Falklandskrigen.
Finanskrisa
Immuniteten mot kritikk har truleg alt gått over for Erna Solberg og regjeringa hennar òg. Og det er ikkje gjeve at denne krisa kjem til å vere til særleg hjelp for Høgre når vi kjem til stortingsvalet neste år. Men det er verdt å merke seg at finanskrisa i 2008 truleg var med på å berge den raudgrøne regjeringa i stortingsvalet året etter. Før finansmarknadene i verda kollapsa, tyda alle meiningsmålingar på at dei raudgrøne partia kom til å misse makta i 2009. Men ei vellukka krisehandtering frå Stoltenberg-regjeringa, med god hjelp av sparepengane i oljefondet, snudde biletet opp ned.
Ei meiningsmåling i desember 2008 synte at berre ti prosent av norske veljarar ville ha Erna Solberg som statsminister, medan 24 prosent ville ha Jens Stoltenberg. (Og interessant nok ville 29 prosent ha daverande utanriksminister Jonas Gahr Støre som statsminister.)
Dei siste månadene har styresmaktene i Noreg lukkast overmåte godt med å flate ut smittekurven i Noreg. Om regjeringa klarer å presse ned att arbeidsløysekurven det neste året, og få økonomien i gang att, kan koronaeffekten sikre Erna Solberg eit enda lengre liv som statsminister.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Pandemien har gjeve framgang på meiningsmålingane for sitjande regjeringar over det meste av kloden.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.