– Ein stor geisp
Over halvparten av norske forskarar røystar på partia lengst til venstre. Professor Sven G. Holtsmark meiner det er heilt uinteressant.
Desse tre er godt likte blant norske akademikarar: leiar i Raud Bjørnar Moxnes, leiar i MGD Une Bastholm og leiar i SV Audun Lysbakken.
Foto: Naina Helén Jåma / NTB
Samtalen
Sven G. Holtsmark
professor ved Institutt for Forsvarsstudier
Aktuelt
Meiningsmangfald i akademia

jesper@dagogtid.no
Ei gruppe forskarar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) har denne veka lagt fram ein studie som syner at over halvparten av alle samfunnsforskarar røystar anten SV, MDG eller Raudt. Til samanlikning: I resten av folkesetnaden har dei tre partia opp mot 20 prosent oppslutning.
Undersøkinga inngår i eit prosjekt i samarbeid med stiftinga Fritt Ord, som skal kartleggje synet norske forskarar har på ytringsfridom og formidling av vitskap. Ein rapport dei offentleggjorde i fjor, syner at éin av tre forskarar vegrar seg for å verte oppfatta som politiske når dei ytrar seg om faget sitt. I tillegg er forskarane mindre viljuge til å formidle kontroversielle eller «krenkjande» funn.
Sven G. Holtsmark er professor ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS).
– Er det eit problem at så mange forskarar tilhøyrer venstresida?
– Ærleg talt synest eg heile undersøkinga er ein stor geisp. Ein skulle vere blind for å ikkje ha fått det med seg før no. Heilt frå demokratiseringa av høgskulesektoren på 1960-talet har det truleg gått den vegen. Det gjer ikkje forskinga i seg sjølv verken dårlegare eller betre.
– Men du er ikkje redd for ei einsretting av forskinga?
– Då må dei som hevdar at forskinga er einsretta, først prove at ho er det. At forskarar har eit politisk standpunkt, er ikkje eit problem i seg sjølv. Andre samfunnssektorar har òg ei politisk slagside. Problemet oppstår først når sjølve forskinga vert venstrevridd. Eg kjenner ikkje til funn som tilseier at det er tilfellet.
– Er det ikkje alvorleg for meiningsmangfaldet i forskinga viss altfor mange har dei same politiske standpunkta?
– I den grad nokon seier det er eit problem, impliserer dei at det er noko ein burde ha gjort noko med. Difor meiner eg heile debatten er eit sidespor. Det hadde vore ganske alvorleg om vi skulle leggje politiske føringar på forskinga. Ein kan ikkje byrje å ta omsyn til politisk balanse i tilsetjingar. Då hadde ein gått på akkord med sentrale prinsipp i vitskapen. Medisinen er altså mykje verre enn sjukdommen. Ein kan ønskje seg ein situasjon der det ikkje var sånn, men då får ein heller prøve å motivere folk. Det er heller ikkje noko problem i Noreg at for få forskarar melder seg i ordskiftet.
– Kan det vere fare for at visse problemstillingar ikkje vert tekne opp om altfor mange forskarar deler dei same politiske standpunkta?
– Forskarar er ikkje upåverka av trendar i tida. Sjølvsagt speler politisk tilhøyrsle ei rolle i utvalet av tematikk, men det er noko heilt anna enn at ho gjennomsyrar kunnskapsproduksjonen. Ein forskar må uavhengig av standpunkt ta omsyn til vitskapelege prinsipp, som at ein skal vere open om kjeldebruk og kunne etterprøve funna. Andre skal kunne sjå kva ein byggjer kunnskapen på.
– Men er ikkje sjølve framstillinga av forskingsfunn politisk?
– Ein av dei største historikarane i det førre hundreåret, Eric Hobsbawm, var kommunist. Men verka hans bar ikkje preg av det. I Danmark har ein til dømes ein kamp mellom ulike politiske fløyer i historiefaget når det gjeld den kalde krigen. Så lenge ein kan etterprøve det, er det greitt.
– Tiltrekkjer samfunnsforskinga i større grad enn andre fag venstrevridde?
– At samfunnsvitskapen har ei grunnleggjande kritisk og spørjande haldning, er det ingen tvil om. Det er kanskje ikkje så overraskande at det ikkje nødvendigvis leier til konservatisme.
– I ein rapport frå i fjor peikar forskarane på at éin av tre forskarar er redde for å verte oppfatta som politiske aktørar. Kva seier det om det akademiske ytringsrommet?
– Viss ein som samfunnsforskar er engsteleg for å publisere eigne funn, må ein kanskje sjå seg om etter ein annan jobb. Eg har full forståing for at det er hardt å stå i eit mediekøyr med politikarar som har vore medievande sidan ungdommen av. Men sånn er det berre. Det er ikkje noko gale i at det er skummelt. Vi kan ikkje ha ein samfunnsdebatt med mjuke kantar.
– Kva røystar du?
– Ingen av dei tre nemnde partia.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Viss ein som samfunnsforskar er engsteleg for å publisere eigne funn, må ein kanskje sjå seg om etter ein annan jobb.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?