Vladimir den allmektige
Kan Vladimir Putin bli den lengstsitjande russiske statsleiaren sidan Ivan den grufulle? Ei grunnlovsendring i Russland opnar no for at Putin kan regjere fram til år 2036.
TIDSLINE: PUTIN MED MAKT
31. desember 1999: Boris Jeltsin kunngjer at han går av som president. Dåverande statsminister Vladimir Putin tar over.
Mars 2000: Putin vinn presidentvalet med 53 prosent av røystene i fyrste valomgang.
Mars 2004: Putin blir attvald med 71 prosent av røystene.
2008: Den russiske grunnlova seier at Putin ikkje kan sitje meir enn to presidentperiodar samanhengande. Putin peikar på statsminister Dmitrij Medvedev som sin presidentkandidat. Medvedev vinn valet. Medvedev peikar på Putin som statsminister.
2011: Grunnlova vert endra. Presidentperioden vert utvida til seks år. President Medvedev peikar på statsminister Putin som sin presidentkandidat.
2012: Putin vinn presidentvalet med 63 prosent av røystene.
2017: Putin kunngjer at han tar attval som president.
Mars 2018: Putin vinn presidentvalet med 76 prosent av røystene.
Januar 2020: President Putin foreslår store endringar i maktfordelinga mellom presidentembetet og parlament og regjering. Statsminister Dmitrij Medvedev går av. Inn kjem tidlegare skattesjef Mikhail Misjustin.
Mars 2020: Grunnlova vert foreslått endra, med opning for at Putin kan stille til val som president i nye to seksårsperiodar frå 2024.
RUSSISKE LEIARAR som heldt på makta (åretal i stigande rekkje)
Vladimir Putin har i april 2020 vore leiar i Russland i 20 år og fire månader. (Mange meiner at han i praksis òg var øvste leiar då han var statsminister frå 2008 til 2012.)

Russland
redaksjonen@dagogtid.no
Alt i 2000 fekk Vladimir Putin spørsmålet om det ikkje hadde vore enklare å trø inn i skoa til ein monark enn å skulle ta over presidentembetet i eit demokrati. «Livet til ein monark er svært komplisert. Eg har møtt ein del monarkar over heile verda under offisielle besøk, og eg kan seie at lagnaden deira ikkje inspirerer meg. Livet deira er fullt av restriksjonar», svara Putin.
Det er nokre månader sidan Vladimir Putin vart vald som president i Russland. Og den unge Putin ser ganske letta ut der han sit i baksetet på bilen som fraktar han rundt i ein kveldstung russisk hovudstad. Alt har gått etter planen: Den ukjende mannen som var utpeika til arvtakar av Boris Jeltsin nyttårsaftan 1999, har vunne sitt første val, og det på overlegent vis, med 53 prosent av røystene.
No er Jeltsin sikra immunitet for seg og familien sin. Putin har sikra venene frå St. Petersburg og etterretningsmiljøets kontor i Kreml. Eit tiår med sjokkapitalisme og internasjonal audmjuking skal avløysast av stabilitet og styrke. Putin er mannen som skal atterreise den russiske æra.
Tett på Putin
«Eg trur at den dagen eg kan gå tilbake til eit normalt liv igjen, vil kome», seier Putin til filmskaparen Vitalij Manskij. Manskij var på starten av 2000-talet ansvarleg for dokumentarfilm i russisk statsfjernsyn. Han hadde då i oppdrag å fortelje historia om Putin til eit russisk TV-publikum: Kven var Putin? Kva tankar gjorde han seg om presidentembetet? Manskij kom tettare på Putin enn nokon andre journalistar nokon gong vil greie.
Den nesten to timar lange dokumentarfilmen Putin’s Witnesses kom i 2018 og gir eit sjeldan innsyn i korleis Putin og den nære krinsen hans frå første dag jobba systematisk med å kvitte seg med menneske som stod i vegen for dei. Kritikarar og fiendar. Anten det var snakk om politiske motstandarar, demokratiforkjemparar, menneskerettsaktivistar eller uavhengige pressefolk. Men i dokumentaren snakkar Putin også om styrken til eit fungerande demokrati og om at livet som statsoverhovud er eit tillitsverv ein er gitt av folket, som ein ikkje må misbruke. «Ein kjem til å bli konfrontert med alt ein har gjort som statsleiar, i sitt nye liv som ordinær borgar. Det er det viktig å minne seg sjølv på kvar gong ein tar ei avgjerd.»
Manskij hamna etter kvart på kant med regimet til Putin og har sidan 2014 budd i eksil i Latvia. Kanskje er filmen ein slags hemn for det propagandasirkuset Manskij i mange år var med på? Faktum er at pratet om transformasjon av makt for å «sikre framtida til mine barn, dine barn, barna til dine vener» frå baksetet i ein presidentkortesje for 20 år sidan berre var nettopp prat. President Putin har dominert internasjonal politikk sidan 31. desember 1999, og han har ingen planar om å gi seg med det første.
Ein sovjetisk helt
Denne vinteren, 2020, har det gått føre seg eit politisk teater i Russland som på mange måtar kan minne om korleis makt vart flytta og fordelt, eller forlengd, i sovjettida. Og kanskje derfor måtte det ein ekte sovjetisk helt – verdas første kvinnelege astronaut – til for å foreslå endringar i grunnlova som legg vegen open for at dagens president kan halde fram som president til nær sagt evig tid. Den 16. juni 1963 gjekk Valentina Teresjkova om bord i «Vostok 6», romskipet som gjekk rundt jordkloden 46 gonger i løpet av to dagar, 22 timar og 50 minutt, og skreiv verdshistorie. Den 10. mars 2020 går Teresjkova på talarstolen i underhuset til den russiske nasjonalforsamlinga, Dumaen, og foreslår ei grunnlovsendring som gjer det mogleg for president Putin å stille til attval i 2024.
Putin er no inne i sin fjerde presidentperiode. Går grunnlovsendringa gjennom, kan Russlands president i 2036 vere ein 83 år gamal mann med namn Vladimir Vladimirovitsj Putin – som på det tidspunktet har dominert russisk politikk gjennom fem tiår. Ein ny tsar er i emning. Putin ligg an til å bli den lengstsitjande russiske statsleiaren på 450 år.
Putin til all tid
Då Vladimir Putin i 2015 forsvann frå det offentlege liv i ti dagar, gjekk rykta: Intense spekulasjonar skulle ha det til at Putin var død. Ei Facebook-gruppe kalla R.I.P. Vladimir Putin fekk på kort tid éin million følgjarar. Andre meldingar gjekk ut på at ein hard kjerne i den russiske eliten hadde kasta Putin i eit kupp. Den austerrikske avisa Kurier melde at Putin hadde problem med ryggen og at ein ortoped frå Wien var henta til Moskva. Den uavhengige russiske TV-kanalen Dozjd hadde kjelder i Kreml som sa at presidenten hadde influensa, medan andre kunne melde at presidenten gjennomgjekk plastisk kirurgi.
Då han etter kvart dukka opp i St. Petersburg og igjen var å sjå på TV-skjermane, slik han brukar kvar kveld, var det ingen som var opptekne av innhaldet i arbeidsmøtet Putin hadde med Kirgisistans dåverande president Almazbek Atambajev.
President Putin er omgitt av mystikk og løyndom. Kvart ord han seier, vert tolka og analysert av eit utal statsvitarar, ekspertar og diplomatar. Eit besøk, eit møte – kva har det å seie for kva retning Russland tar politisk? Han vert følgd med lupe.
Likevel var det ingen som klarte å føresjå dei store omveltingane som har snudd opp ned på det politiske Moskva denne vinteren. Kva har skjedd? I presidentens tale til nasjonen onsdag 15. januar foreslår Putin ei rekkje grep som skal reformere det politiske systemet i Russland.
Både parlamentet og presidenten skal få meir makt. Presidenten får høve til å avsetje dommarar, også i konstitusjonsdomstolen, som blant anna skal handsame endringar i grunnlova. Parlamentet skal kunne utnemne statsminister og medlemer av regjeringa. I dag har dei ansvar for å godkjenne dei. Men presidenten skal no også kunne avsetje parlamentet dersom dei folkevalde ikkje godkjenner minst éin tredel av dei føreslåtte medlemene av ei ny regjering.
Presidenten skal få ein ekstra vetorett og kan dermed sende alle lovforslag tilbake til konstitusjonsdomstolen for gjennomgang, ein domstol presidenten alt kontrollerer. Det er presidenten som no skal utnemne leiarane av russiske tryggingsorgan, som etterretningssjef og politisjef. Tidlegare var dette ei oppgåve underlagd regjeringa.
Presidenten blir, om framlegget vert vedteke, definert som den overordna leiaren i regjeringa. Statsministeren må utføre ordrane til presidenten. Alle som skal inneha «viktige verv for å sikre tryggleiken til nasjonen», som president, minister, dommar eller guvernør, kan ikkje lenger ha hatt utanlandsk statsborgarskap, ei heller opphaldsløyve i eit anna land. Det set ein effektiv stoppar for til dømes personar med studieopphald i utlandet. Opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyj, som i 2010 deltok på eit leiarprogram ved det amerikanske eliteuniversitetet Yale, kommenterte forslaget slik: «Det einaste målet til presidenten er å sitje på livstid.»
Ein revolusjon
Kva kallar ein eit slikt regime? Den russiske journalisten Andrej Kalikh meiner Russland er i ferd med å gå frå å vere eit autoritært land mot noko som kan minne om det han skildrar som eit «lett stalinistisk» styresett.
– Det finst element frå den tida, sjølv om me ikkje ser deportasjonar, drap og stor undertrykking som i Stalin-tida. Men leiarane av opposisjonen skal nøytraliserast, det same gjeld uavhengige medium, seier Kalihk.
Kort tid etter Putins tale i januar kunngjer den mangeårige venen og partnaren til presidenten, statsminister Dmitrij Medvedev, at han trekker seg. Heile regjeringa går av. Nokre timar seinare peikar Putin på sjefen for det russiske skattevesenet, ukjende Mikhail Misjutin, som ny statsminister. Misjutin vert godkjend av parlamentet torsdag 16. januar.
«Kvifor skjedde alt på same dag?» spurde politisk journalist Dmitrij Smirnov i Komsomolskaja Pravda retorisk på Twitter. «Dette betyr at Kreml kjenner godt til historia: Alle revolusjonar må gjennomførast kjapt, sjølv revolusjonar som kjem frå toppen.»
Ei rekkje andre endringar vart også foreslått, som at ekteskapet berre skal gjelde mellom mann og kvinne. Dette er eit opplagt frieri til den store og aukande gruppa av kristenkonservative i Russland. I grunnlova skal det no også stå at den russiske staten er bygd på ideala og historia til forfedrane og trua på Gud – noko som har gjort at mange fryktar for Russland som sekulær stat. Sidan det mellombels ikkje er konkretisert kven sin gud grunnlovsteksten rettar seg mot, har dette utløyst uro hos dei mange religiøse minoritetane i landet, som jødane, hinduane og buddhistane. Russland er eit multietnisk land med 185 ulike etnisitetar og nasjonalitetar og ei muslimsk befolkning på nær 15 millionar. Frykta er at det russiske leiarskapet skal lene seg for tungt mot den mektige russisk-ortodokse kyrkja, som utgjer nær halvparten av alle truande i Russland.
Folkerøysting utsett
Formelt vart grunnlovsendringa godkjend av konstitusjonsdomstolen 16. mars. No gjenstår ei folkerøysting der det russiske folket skal seie ja eller nei til dei store endringane. Opphavleg skulle dette skje på fødselsdagen til revolusjonsleiar Vladimir Lenin 22. april, men avrøystinga er utsett på ubestemt tid på grunn av viruskrisa. Men resultatet frå ei slik avrøysting er i praksis avgjort på førehand, meiner analytikar og forskar Andrej Kolesnikov ved Moskva-kontoret til den amerikanske tenketanken Carnegie.
– Alt skjedde uventa, også dei konkrete utnemningane. Dette var starten på arbeidet med å finne ein overgang frå Putin til Putin, seier Kolesnikov.
Kolesnikov har i mange år jobba som journalist for både statskontrollerte russiske aviser og uavhengige medium. I dag er Kolesnikov ein uttalt kritikar av president Vladimir Putin og det russiske leiarskapet.
– Kan Putin bli sitjande til evig tid og bli meir og meir brutal i måten han styrer landet på etter kvart som han vert eldre?
– Ja, det kan han. Den autoritære sjølvutviklinga gjer at regimet vert mykje tøffare år for år. Regimet har for lengst starta sin ideologiske veg mot nasjonalisme, imperialisme og tradisjonelle verdiar, seier Kolesnikov.
Å be sin nære allierte, statsminister Dmitrij Medvedev, om å gå av, var eit lett val, ifølgje Kolesnikov.
– Folket kravde endringar i toppsjiktet. Å skifta ut statsministeren vart eit naturleg val, for å styrke posisjonen og oppslutnaden til Putin, seier han.
Passert Brezjnev
Journalisten Kalikh var ti år då generalsekretær Leonid Brezjnev gjekk av (ved sin død) i Sovjetunionen i 1982. Putin har alt passert Brezjnevs 18 år ved makta.
Kalikh meiner det er fleire likskapstrekk mellom Brezjnevs tid og tida Putin har styrt Russland.
– På nokre område var det verre den gong enn det er i dag. KGB styrte med hard hand, og det var total sensur. I dag har vi ikkje sensur, men vi har sjølvsensur. Det er restriksjonar på internett. Styresmaktene har blokkert ei rekkje nettsider. Dei talar om landet som eit demokrati, men det er ikkje det, seier Kalikh.
For Putin handlar alt om å unngå å hamne i fengsel, meiner Kalikh.
– Presidenten veit at han risikerer å hamne framfor ein domstol, nasjonalt eller internasjonalt, dersom han mister makt i Russland. Derfor skjer dei konstitusjonelle endringane i rekordfart.
– Det viktigaste målet hans er å sikre framtida og pengane for seg sjølv og venene sine. Putin har så mange brotsverk bak seg, blant anna frå krigføringa i Tsjetsjenia på byrjinga av 2000-talet, at han veit at han kjem til å bli stilt til ansvar dei, seier Kalikh.
Tal frå Den europeiske menneskerettsdomstolen i Haag viser at klagene på menneskerettsbrot utført av den russiske staten held fram med å strøyme inn. Av 9238 klager i fjor vart det avsagt 189 dommar – der 186 gjaldt minst eitt brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Samstundes har Putin bygd opp eit stort og kraftig apparat som til kvar tid lojalt støttar opp om leiarskapen hans. Saman med journalistkollegaer har Kalikh identifisert tolv ulike byrå og strukturar i Russland som til kvar tid har våpen, anten det er snakk om politiet, hæren, spesialstyrkar eller etterretningstenesta. I tillegg er det fem millionar menneske som til dagleg kler seg i uniform i landet.
– Me veit ikkje kor mange av desse fem millionane som har våpen, men det er i deira interesse at Putin er sjef, sjølv om ikkje alle er overtydde. Dei ser den store korrupsjonen rundt seg og er kanskje også utsette for urettvisa systemet legg opp til. Men dei har god løn, ofte dobbelt av gjennomsnittet, og gjer ingenting med det.
– Korleis vil Russland sjå ut i 2036 dersom Putin framleis sit med makta?
– Dei få rike vil vere rikare og den store massen av fattige folk vi vera endå fattigare, trur Kalikh.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Putin ligg an til å bli den lengstsitjande russiske statsleiaren på 450 år.
Mange fryktar for Russland som sekulær stat.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.