🎧 Vitskapen og Melodi Grand Prix
Raske tilbakemeldingar er ofte det motsette av kvalitet.
Lytt til artikkelen:
Sist helg opplevde Noreg ei stor krise. Å døma etter norske medium var det som hende i Trondheim laurdag kveld, ei større sak enn Trumps openlyse åtak på det amerikanske rettssystemet, større enn konfrontasjonen mellom Russland og Nato-landet Tyrkia og større enn dei humanitære krisene i Jemen og Libya.
Røystinga i den norske Melodi Grand Prix-finalen braut saman av tekniske grunnar. Eg skriv dette tidleg i veka, medan artistar og publikum græt og jublar på tredje døgeret. Det er advokatar på saka.
Direkte respons
Eg er også full av otte for det som skjer. Kanskje ikkje først og fremst fordi datamaskinane braut saman då dei fekk fanget fullt av emojiar laurdagskvelden. Men fordi vi ser ei krise som er langt større enn ein songkonkurranse på statskanalen.
Det handlar om den direkte tilbakemeldinga. Den ser vi langt fleire stader enn i Melodi Grand Prix (MGP). Når ein mafios leiar er blitt president i USA, og har piska sitt eige parti til lydnad, i strid med alt det har stått for, då er det av frykt for den raske tilbakemeldinga. Striden mellom diktatorspiren Trump og dei rettslege og forfatningsmessige institusjonane er ein kamp mellom kortsiktig og langsiktig perspektiv.
Då Noreg tok på seg å bomba Libya, på oppdrag frå Nato, med katastrofale konsekvensar både økonomisk, økologisk og politisk, var det av respekt for den direkte responsen. Opinionen kravde det, stemninga var slik. Den direkte tilbakemeldinga på sterke innslag i TV-mediet opphevar eit langt tidsperspektiv og krev handling no. Og det store TV-showet i helga var bygd på at det store klimakset skulle vera at den direkte responsen skulle avgjera alt – og så var det den som kollapsa.
Klikkrate
Kor langt dyrkinga av den raske tilbakemeldinga har kome, er kanskje akademia det beste dømet på. Det skulle jo vera ein sektor vi kunne stola på, fordi akademia dyrkar det lange perspektivet og dei historiske linjene.
Men den raske tilbakemeldinga har klatra i førarsetet der også. I dag blir akademiske prestasjonar stort sett målte i artikkelproduksjon. Det er uvanleg å lesa bøker, ein les artiklar. Det er uvanleg å skriva monografiar, ein skriv artiklar.
Men det viktigaste for vurderinga er ikkje lenger kva som står i artiklane, det er kvar dei er trykte. I Noreg har vi eit system med nivå 1 og 2 – etter kor høgt ein vurderer tidsskrifta. Men i den store verda, som set standarden i desse spørsmåla, er det ikkje nivå 1 og 2 som tel. Der er det noko som blir kalla «impact factor». Det vil seia kor mange som siterer og brukar artiklane i eit tidsskrift.
Di fleire sitat, di høgare faktor. Men dette er eit skrøpeleg mål for kvalitet. Det kan få den konsekvensen at ein artikkel som handlar om ein kjendis, til dømes presidenten i USA, blir så mykje sitert at han blir ein akademisk stjerneprestasjon. Dersom artikkelen handlar om at Trump daska dei prostituerte han underheldt seg med, med portrett av seg sjølv, er det endå ein grunn til at desse artiklane vil nå høgt.
Ein artikkel om særeigne trekk ved lulesamisk språk vil ha vanskar med å konkurrera. For ikkje å snakka om nyskapande fortolkingar av døde språk, som gotisk og latin.
Likevel snakkar akademikarar i dag om målingar av lesing, kor mange som les artiklane, som eit kriterium som skal ha avgjerande innverknad på kor høge akademiske grader dei skal tildelast. Dei seier det kanskje ikkje så direkte; men ein skal altså ha publisert i gode tidsskrift, gode tidsskrift har mange lesarklikk, og det gjev høgare status i spørsmål om kven som skal tildelast dei høgaste postane i akademia.
Kvalitet
Den tragiske hendinga i Trondheim i helga som var, kan difor ha større verknad – for ikkje å seia impact – enn ein ser ved første blikk.
Her fekk vi demonstrert det sårbare i dei kriteria som kårar presidentar, professorar og statusen til senter for framifrå forsking. Det dreier seg alt saman om den raske tilbakemeldinga.
Til det kan ein seia at raske tilbakemeldingar ofte er det motsette av kvalitet. Det som appellerer mest direkte, er ofte det som er minst nyskapande. Dei verkeleg nyskapande prestasjonane i akademia har ofte ikkje blitt forstått på fleire tiår. Mendels revolusjonerande innsikter i genetikk var ukjende i heile hans levetid.
At det finst musikk som slår godt an her og no, med rask tilbakemelding, er inga kulturell ulykke. Ein må berre ikkje tru at det varer så lenge. Men at rask suksess og gjennomslag for forsking skal vera eit kriterium, er så langt frå alle idear om intellektuell fornying at ein berre burde le av det.
Det som trengst, er kanskje at den akademiske impact factor får si MGP-krise.
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då Noreg tok på seg å bomba Libya, på opp-
drag frå Nato, var det av respekt for den direkte responsen.
Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?