Dansande prinsesser
Illustrasjonsfoto: Francisco Seco / TT / NTB scanpix
Epistel
Det var ein gong ein konge som hadde tolv døtrer som han var glad i. Kongen merka at noko rart hende: Sjølv om han sjekka at døtrene hadde sovna om kvelden, og såg at skorne deira stod stilte opp langs veggen, var skorne utslitne om morgonen. Kongen kjøpte eit nytt dusin skor til dei, men neste morgon var dei godt brukte. Då kongen spurde døtrene om dei visste kva som var grunnen til dette, sa dei at dei ikkje visste.
Kongen sende bod til naborika om at han ynskte å få gåta løyst. Den som avslørte løyndomen, skulle få velja ei av dei tolv prinsessene til kone.
Mange prinsar og ryttarar kom til slottet for å finna svar, men etter få dagar utan løysing vart dei jaga av garde.
Ein ung mann som ville prøva lukka, la niste i skreppa og la i veg til slottet. På vegen møtte han ei gamal kone som bad om hjelp.
– Eg svelt, sa ho.
Mannen delte nista si med henne. Etterpå spurde ho kvar han var på veg. Han fortalde at han skulle til kongen og hjelpa til med å løysa eit mysterium.
– Her har du ei magisk kappe som gjer deg usynleg. Om prinsessene byd deg noko å drikke, må du ikkje ta ein sup, sa kona.
Då den unge mannen møtte kongen, fekk han klar beskjed:
– Om du ikkje løyser gåta, kjem du i fengsel.
Mannen fekk eit gjesterom vegg i vegg med prinsesserommet. Då han gjekk til rommet sitt for kvelden, kom ei av prinsessene med eit glas saft til han. I farten gløymde han rådet frå den gamle kona; han drakk safta og vart så trøytt at han måtte leggja seg. Neste kveld hende det same, men då tok han glaset med seg inn på rommet utan å drikka det. Etterpå tok han på seg den usynelege kappa og gjekk inn på rommet til prinsessene. Då ei av dei la øyret inn til veggen til rommet hans, gjekk han attende og lét som han snorka. Då han kom inn på prinsesserommet att, såg han at ei av prinsessene skauv ei seng til side og opna ei luke i golvet. Dei tolv prinsessene gjekk ned hundre trappetrinn, inn i skogen og vidare, til dei nådde sjøen. Der venta tolv prinsar ved ein båt. Den usynlege mannen gjekk om bord i båten i lag med prinsessene, og dei sigla til eit palass der det var musikk. Prinsessene dansa heilt til morgonen grydde og vende heim med velbrukte skor.
Den unge mannen fortalde kongen kva som gjekk føre seg, og kongen vart glad og lét han velje ei kone. Mannen valde den yngste prinsessa. Dei elleve andre vart triste. Kongen stengde nemleg utgangen under senga slik at prinsessene ikkje lenger kunne dansa om natta.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.