Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Den gylne regelen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2617
20180309
2617
20180309

Epistel

Ein gamal mann hadde tre søner: Klok, Ærleg og Sterk. Mannen ville lære sønene livets største visdom. Han bad dei skaffa han ei frukt som voks berre ein gong kvart hundreår på ein stad langt borte i ein skog full av monster og farlege dyr. Til avskil sa han til dei: «Hugs den gylne regelen!»

Sønene forstod ikkje kva faren meinte med den gylne regelen. Dei berre smilte, sa adjø og drog. På vegen fann dei ei hytte i skogen og banka på døra. Ein gamal mann opna, og dei spurde han om den sjeldne frukta. Jau, ho kunne koma frå eit tre i skogen som mannen visste om. Han kunne føra dei dit neste dag, men dei måtte overnatta hjå han, for det var langt å gå. Han var gamal og skrøpeleg og trong nattesvevnen.

Brørne vart glade og takka ja til tilbodet om overnatting. Den gamle mannen var gift med ei ung, vakker kvinne som kasta svoltne auga på Sterk. Sterk stira attende, men Ærleg kviskra: «Ikkje svik den gjestfrie mannen som tok imot oss med tillit og velvilje. Aksepterer du at nokon ser på kona di på same vis?»

Tidlig på morgonen vakna dei til frukost. Mannen leidde dei så til vegen som førte inn i den skræmande skogen. Etter ein halv dagsmarsj fann dei ein løveunge. Klok skulle til å drepa han, men Sterk stoppa broren og åtvara: «Du kjenner no at du er sterk, men hugs, det finst nokon som er sterkare enn du.»

Dei gav løva mat frå nista si og heldt fram. Etter nokre timar kom dei til staden som den gamle mannen skildra, og der fann dei eit tre som bar ei underleg frukt. Ærleg ville klatra opp for å henta ned frukta. Broren Klok stogga han og sa: «Ikkje alt som glimrar, er gull.»

Sterk forstod ordtaket då han såg ein sporv falla død frå greina etter å ha ete av frukta. Dei tre brørne innsåg at dei hadde teke feil av dette treet, og at frukta var giftig. Dei miste vona og trua på ekspedisjonen og drog heim att til faren.

Faren såg sorg og skam i andleta deira. Dei fortalde om ferda til det merkelege frukttreet. Då smilte faren og sa:

– Det er von så lenge de ikkje gløymer den gylne regelen.

– Kva for regel, undra sønene.

– Alt som de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. Dette er kjernen i all rettferd og grunnlaget for fred i livet, Jesus sa det i Matteus 7,12, imamen Ali i islam sa det same, mange greske filosofar og kinesiske vismenn sa det. Har de på reisa dykkar ikkje oppdaga det same, spurde faren.

Då tenkte sønene på det som kunne ha skjedd med kona til den gamle mannen i skogen, løveungen og frukta. Dei hadde endeleg forstått den gylne regelen.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis