Aladdins lampe à la 2018
Epistel
Då irakaren Ahmad vart pensjonist, drog han til venen Hassan for å visa fram den splitter nye BMW-en han hadde kjøpt etter å ha spart pengar heile livet for å realisera draumen. Hassan gratulerte Ahmad med bilen, og Ahmad var stolt.
Til gjengjeld ynskte Hassan og kona å imponera Ahmad. Hassan bad difor kona om å henta Aladdin-lampa dei hadde ståande i kjellaren. Då Hassan tørka støvet av lampa, byrja damp og røyk å siva ut. Ei hesleg røyst frå ein ginne sa:
– Eg er tenaren din i hendene dine. Berre gje meg ordre!
Ahmad var ute av seg då han såg ånda fylla huset med røyk og røyst.
– Kva har du lyst til å drikka, spurde Hassan og vende seg mot venen.
Og kva drikk irakarar anna enn te?
– Lat oss prøva den beste teen i verda, laga av ei ånd, men med kardemomme!
Ånda forsvann i nokre sekund og dukka opp att med eit tebrett med ei tekanne med den beste teen. Han sette brettet på bordet framfor dei og forsvann.
Ahmad takka for seg og drog. Då han kom heim att, fortalde han forvirra til kona kva han hadde opplevt.
– Hassan har Aladdins lampe. Om eg låner henne ei vekes tid mot at dei får ha BMW-en vår, kjem ikkje Hassan til å seia nei. Vi kan be denne ånda gje oss ein formue, gull og sølv.
Dagen etter drog ekteparet på besøk til Hassan og familien.
– Kva har de lyst til å drikka, spurde Hassan.
– Ein original te med kardemomme, svara Ahmad.
Kona til Hassan henta lampen, og han strauk på loket. Røyk og damp fylte rommet, og den heslege røysta sa:
– Eg er tenaren din i hendene dine, berre gje meg ordre!
Ånda dukka opp etter få sekund med brett og te i to kanner. Dette imponerte kona til Ahmad òg. Medan dei drakk teen, sa kona til Ahmad:
– Hassan, du og Ahmad har vore gode vener heile livet. I dag er vi komne for å undersøkja om du er ein verkeleg ven etter alle desse åra, eller om vi tok feil.
– Vi er gode vener for livet, la Ahmad til.
– Vi har eit framlegg, ei bøn om at de tek bilen som gåve mot at vi låner lampen i ei veke.
– Det gjer vi det med glede, men vi er redd de kjem til å angre.
Ahmad kasta straks bilnøklane til Hassan, reiste seg og tok lampen med seg.
Vel heime kunne ekteparet ikkje venta med å prøva lampen. Dei drog gardinene for, og kona gnei på lampen. Røyk og damp steig opp frå lampen, og ei ånd kom til syne og spurde etter ordren deira.
– Hent to millionar kroner, ein ny BMW, smykke til meg, byrja kona, men vart avbroten av ånda.
– Eg har spesialisert meg på teen. Eg kan ikkje hente noko anna, dessverre.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.