Den svoltne vismannen
Illustrasjonsfoto: Martin Mejia / AP / NTB scanpix
Epistel
Då hungersnauda slo sterkt til i eit område, gjekk ein vismann rundt og svalt. Han oppsøkte den næraste landsbyen for å metta magen. Den første han møtte, var ein mann som leidde ein hannkatt i band, og som berre hadde sko på den høgre foten.
– Har du ikkje miskunn? Slepp hannkatten fri så han kan finna mat i hungersnauda, sa vismannen.
Mannen svara ikkje. Han gjekk berre vidare som om han ikkje høyrde etter.
Vismannen gjekk vidare mot sentrum med håp om å finna einkvan som hadde ein brødbit eller ein munnfull mat. Han vart overraska over å sjå at alle landsbybuarane leid av svolt og grådigskap. Han tenkte med seg at i denne landsbyen ville grava hans vera graven, og kom til at han måtte nytta visdomen til å verta mett.
– Kjære dykk, eg er ein vismann som passerer gjennom landsbyen. Eg kan svara på alle spørsmåla dykkar.
– Kven stal skoen min, ville ein mann som berre hadde sko på den venstre foten, vita.
– Viss du ser ein mann som dreg ein hannkatt i ei lenkje, sjå på den høgre foten hans så ser du at han har skoen på seg, sa vismannen.
– Det er den galne Merdas, svara mannen.
– Kvifor kan vi ikkje flyga, spurde ei kvinne.
– Ta sju høns, slakt dei, ta fjøra og lag vengjer. Då kan du flyga, svara vismannen.
Kvinna kom med kyllingar, slakta dei og laga vengjer av fjøra. Ho prøvde å flyga, men det gjekk ikkje.
– Du må gå ned i vekt. Då kan du flyga, sa vismannen.
– Kva skapte Gud først: hav eller land, vil ein annan mann vita.
– Hent ei gryte, oppmoda vismannen.
Mannen henta ei gryte, fylte ho med vatn og kokte dei sju kyllingane.
– Om ikkje botnen fanst, ville vi ikkje hatt høve til å halda på vatnet. Utan land kan ikkje vatnet kvile nokon stad. Lat oss ete kyllingane før de spør meg om kva Gud skapte først: kyllingane eller menneska!
Viss svolt og grådigskap møtest i ein nasjon, må idioti vera den største eigenskapen til nasjonen.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?