Den verste eigenskapen
Illustrasjonsfoto: Muhammed Muheisen / AP / NTB scanpix
Epistel
Det var ein gong ein konge som ville undersøkja kor klok rådgjevaren hans var, og stilte følgjande spørsmål:
– Kva er den verste eigenskapen mennesket har?
Rådgjevaren freista svara, men kongen var ikkje nøgd med svaret. Deretter spurde rådgjevaren medarbeidarane sine, men kongen var framleis misnøgd. Då kledde rådgjevaren seg i fillete klede og gjekk ut på gata for å høyra kva folket meinte. Svara var løgn, hovmod, arroganse og tjuveri. Alt dette hadde han høyrt før, så han snudde for å gå heim att. På vegen såg han ein gjetar som sat framfor teltet og røykte vasspipe medan saueflokken kvilte i solnedgangen. Rådgjevaren helste på gjetaren og fortalde om spørsmålet.
– Grådigskap, kom det kjapt frå gjetaren som tok eit nytt magedrag frå pipa.
Brått spratt ein gullmynt frå handa til gjetaren og landa på bakken. Då han drog inn røyken endå ein gong, fall ein ny mynt ned. Gjetaren lest som om han ikkje brydde seg om myntane. Rådgjevaren undra seg og spurde kva som hende.
– Far min er ein rik mann som er glad i meg. Han gav meg fleire sekker med gullmyntar, men eg veit ikkje kva eg skal med dei.
Gjetaren fortalde ikkje at dei tre myntane var den einaste formuen han hadde, og at han i røynda var ein fattig mann.
– Kan eg få ein av myntane, spurde rådgjevaren.
– Ja, det kan du, men på visse vilkår, svara gjetaren.
– Kva vilkår?
– Først vil eg at du bjeffar som ein hund, sa gjetaren.
Rådgjevaren snudde seg og sette i å gøy.
– No vil eg at du mjauar som ein katt, sa gjetaren.
Rådgjevaren sette seg ned og mjaua ved føtene til gjetaren.
Til slutt sa rådgjevaren ja til å skryta som eit esel
– No kan du reisa heim att til kongen din med svaret og hente esel som kan bere sekkene med gullmyntar.
Rådgjevaren hoppa glad opp og drog til slottet.
– Eg har funne svaret, ropa han til kongen.
– Kva er det?
– Grådigskap.
– Korrekt, men fortel meg kvifor!
Rådgjevaren hadde ikkje noko svar.
– Då er ikkje svaret ditt. Kven gav deg svaret?
Rådgjevaren fortalde om gjetaren, som vart invitert til slottet.
– Grådigskap kan gjera eit menneske audmjukt og viljug til å knusa sin eigen byrgskap for grådigskap, sa gjetaren.
– Korleis, ville kongen vita.
– Rådgjevaren din, som er ein av dei mektigaste i riket ditt, spelte rolla som hund, katt og esel fordi han såg tre gullmyntar.
Kongen gav rådgjevaren sparken og tilette gjetaren i staden.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.