Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Den vise Cecilia

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Rajesh Kumar Singh / AP / NTB scanpix

2895
20180323
2895
20180323

Epistel

Ahmad var den vakraste mannen i landsbyen. Ein morgon var hendene hans dekorerte med henna. Forskrekka viste han hendene til faren, som vart arg. Å bruka henna var det same som å etterlikna kvinner, meinte han. Dei neste nettene hende det same, og faren oppmoda han om ikkje å sovne før han såg kven som kom.

Den neste natta låg Ahmad vaken då ein skare med nymfer kom flygande inn vindauget. Dei dekorerte hendene hans med henna før dei forsvann i mørkret. Då han fortalde faren kva han hadde sett, fekk han beskjed om å ta med seg nål og tråd og sy kleda til nymfene fast til kjortelen sin og sleppa alle utanom éi fri.

Ahmad gjorde som faren sa, fanga nymfene som bønfall han om å sleppa dei, og sa til den siste at ho måtte verta kona hans.

– Du kan leva opp til lovnadene til meg, Ahmad. Eg vil ha eit hus med sju rom stengde med ein lykel som du skal ta vare på, slik at ingen kan sjå meg, sa nymfa.

Ahmad bygde eit hus med sju rom til Cecilia, som nymfa heitte. Ahmad låste alle dørene med éin lykel. Då han drog på jakt, gøymde han lykelen i ein høysåte. Mor til Ahmad var nyfiken på løyndomen, fann lykelen og låste seg inn til Cecilia som sat og børsta det lange svaret håret sitt. Rommet lyste av venleiken hennar.

– Du kan ikkje vera kone til sonen min. Du er annleis enn oss. Reis dit du kom frå, ropa svigermora, låste døra og gjekk.

Då Ahmad kom heim att, fann han Cecilia gråtande på golvet.

– Eg visste at du ikkje kunne halda lovnaden. Mor di var her, sa ho og smatt ut då ho bad han opna vindauget for å få frisk luft.

– Farvel, Ahmad! Om du ynskjer å sjå meg att, er eg i den sjuande himmelen.

Dagane gjekk, og Ahmad korkje åt, drakk eller sov av sorg og sakn. Til slutt orka han ikkje meir, tok farvel med foreldra og heiv seg på hesten for å finna Cecilia. Han drog frå land til land. Til slutt møtte han ein mann som sa at den einaste måten å koma seg til den sjuande himmelen på, var å la den store ørna på fjellet bera han dit. Ahmad drog til fjellet og fann ørna.

– Historia di er trist, men eg er ei gamal og sliten ørn. Slakt hesten din og mat meg til eg vert sterk nok til å ta deg med.

Ahmad gjorde som ørna sa, kom seg til den sjuande himmelen og møtte nymfene som kjende han att og tok ha med til Cecilia.

– Ikkje rør den steinen der. Elles kjem du til å mista alt du har oppnådd her i himmelen, åtvara ho.

Ahmad var lukkeleg, men etter kvart sakna både mora og kulturen han kom frå. Han gjekk til steinen og flytta på han. Gjennom ei opning såg han mora sitja og gråta. Ho hadde vorte blind og klaga over at ikkje sonen var der og slakta ein sau som offer i høgtida. Ahmad sakna mora så djupt at han kasta seg gjennom opninga. Vinden reiv han sund, ein bloddrope fall på sauen som vart slakta. Ein annan drope fall på andletet til mora som fekk synet attende.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis