Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Etter Manchester

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2040
20170526
2040
20170526

Etter det groteske åtaket i Paris mot satirebladet Charlie Hebdo, der ein heil redaksjon vart massakrert med automatvåpen, skreiv Dag og Tid på leiarplass at ein skal ta trugsmålet på alvor, men at vi samstundes – som samfunn – må ignorera terrorismen og halda fram liva våre som før.

Terroristane skulle ikkje få øydeleggja noko av det heroiske med Europa – det opne samfunnet, demokratiet og trykkjefridomen. Dette kunne vi gjentatt etter aksjonane i Berlin, Nice, London og Stockholm. Og no etter tragedien i Manchester.

Faren med eit slikt synspunkt er at vi ikkje tek terroren på alvor, og ikkje gjer nok for å stogge han. Kor lenge kan vi halda fram med å seia at vi skal leva som før? Kor solid er demokratiet vårt, og kor mange slag av denne typen kan det tola før folket krev politikk som strir med det liberale samfunnet vi har vakse opp med? Den naturlege reaksjonen er jo krav om konkret og tydeleg handling. Ikkje minst i resepekt for dei døde. Og den islamistiske jihadismen vil ikkje brenna ut av seg sjølv.

Det blir spekulasjonar, men held terroren fram med auka styrke, vil vi kunne få unntakslover, langt meir overvaking, ei tilsidesetjing og avvising av asylinstituttet og meir stigmatisering av dei europeiske muslimane som resultat.

Kva gjer vi så for å førebyggja dette? Vi må sikra eit godt etterretningsarbeid. Og vi må godta meir overvaking. Dessutan må vi ha ei kontrollert innvandring for å få til betre integrering, men samstundes med respekt for asylinstituttet.

Dessutan: Det må bli slutt på Vestens – og Noregs – stadige krigar i Midtausten, med destabilisering og sekteriske, lokale krigar som resultat. Vesten har stått for ein uakseptabel krigspolitikk i regionen i fleire tiår.

Folk som er forvirra av religiøs fanatisme, vil alltid finna grunnar til å drepa vantru. Men Vestens MidtAusten-politikk har likevel undervurdert radikaliseringskrafta krigane, kombinert med framveksten av jihadistisk islam, har hatt på unge menneske som bur i eller har tilknyting til regionen.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis