Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

God moral

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Kevin Frayer / AP / NTB scanpix

2329
20180413
2329
20180413

Epistel

Då ein framandkar banka på, opna mannen i huset døra og spurde kva han ville. Mannen som stod på trappa, hadde på seg ei fillete kappe og fekk straks sympati frå mannen i huset.

– Kva treng du, spurde han.

­­– Eg er fattig og lid naud. Eg håper du er gåvmild, sa framandkaren.

­– Kvar kjem du frå? Er du verkeleg fattig, ville mannen i huset vita.

Den framande svara at han kom langvegsfrå, at han hadde flykta frå seg sjølv og dårlege handlingar han hadde stått for tidlegare.

­­– Gud eller livet har straffa meg no, og eg angrar. Eg var ein rik mann som korkje tok omsyn til fattige eller foreldrelause born. Eg brydde meg berre om å skaffa meg fleire pengar, uansett kostnad.

Framandkaren, som hadde drive butikk, fortalde vidare at han miste alt han åtte i ein brann. Han hadde òg eigedomar og gull som han måtte selja for å betala attende lån han hadde teke opp for å driva med handel, men han vart berre kvitt halvparten av låna.

­– Då stod eg der, lutfattig, og forstod at Gud hadde straffa meg fordi eg var grådig og gjerrig. Då bad eg til Gud om tilgjeving og at han skulle gløyma misgjerningane mine.

Mannen, som hadde lytta tolmodig, hadde tårer i auga då han opna døra på vidt gap og baud framandkaren inn. Dei gjekk ned i kjellaren, der han hadde fleire sekker fulle av gullmyntar og smykke.

­– Dette er formuen min. Ta det du treng, slik at du kan starta eit nytt liv og forsørgja deg sjølv!

Framandkaren kunne ikkje tru det han høyrde. Då han opna ein sekk, såg han at det ikkje var mat, men gull i han. No kunne den gamle handelsmannen starta på nytt.

Sonen i huset hadde fått med seg samtalen, og han undra seg over at faren var så gåvmild mot den framande mannen.

­ – Ikkje ver overraska, son! Hugsar du arra etter piskeslaga på ryggen min? Dei er spor etter ein rik mann som eg arbeidde for då eg var ung. I alle år har eg drøymt om å hemna meg på han. Den mannen eg drøymde om å møta att, var han som banka på døra. Då eg fekk sjansen, valde eg heller å tolerera han fordi han sjølv hadde innsett at han måtte endra seg og verta eit godt menneske. Moralen min hindra meg i å fortelja han om piskeslaga på ryggen min. Eg gløymde alt og ville heller støtta denne personen som vart fødd på ny etter at han vart gamal.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis