Heksa og musa
Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / TT / NTB scanpi
Epistel
Det var ein gong ei heks som bada i ei elv. Heksa såg ei sjarmerande mus som sokk i vatnet. Då heksa berga musa frå å drukna, forvandla musa seg til ei vakker brur som heksa straks tenkte å gifta bort til ein som fortente ei slik vakker brur.
– Eg vil gifta deg bort til sonen til sola, sa heksa til brura.
– Nei, eg vil ikkje gifta meg med sonen til sola. Han er utan bein, og hendene hans brenn. Han opplyser verda på dagen og søv om natta, og har to koner: Lys og Skugge.
– Men han er den sterkaste, svara heksa.
– Det er ikkje sant, for skyene er sterkare enn eg og sonen min. Skyene får oss til å forsvinna når dei vil, sa sola.
– Gift deg med skyene då, sa heksa.
– Nei, eg vil ikkje gifta meg med skyene, for dei er mørke, og regnet fell frå dei. Dei har to ugudeleg søner som heiter Tore og Lyn, svara brura.
– Men skyene er dei sterkaste, påstod heksa.
– Det er ikkje sant. Lufta er sterkare enn eg, og ho forfølgjer meg når ho vil! protesterte skya.
– Då kan du gifta deg med lufta, sa heksa til brura.
– Nei, eg vil ikkje gifta meg med lufta. Lufta spring heile tida i alle retningar, svara brura.
– Men lufta er den sterkaste, påstod heksa.
– Det er ikkje sant. Steinen er sterkare enn eg, sa lufta medan han plystra.
– Gift deg med steinen, då, oppmoda heksa.
– Eg vil ikkje gifta meg med steinen. Steinen har eit hjarte av stein, sa brura.
– Men steinen er den sterkaste, påstod heksa.
– Det er ikkje sant. Musa er sterkare enn eg, fordi ho trengjer seg inn i dei minste hola mine, sa steinen.
– Då kan du gifta deg med musa, sa heksa til brura.
Brura svara medan ho smilte og var glad:
– Ja, det er meir føremålstenleg.
Heksa forvandla brura om att til ei mus og sleppte henne ned på bakken til ei anna mus. Ho såg musa rusla med hannmusa mot marka med lukke og glede medan ho song:
Sola skinn på deg
så skuggen fell på meg,
men graset er grønt for æille.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?