Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Hjelp og velgjerningar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

1847
20180202
1847
20180202

Epistel

1.

– Kva kostar frukta, spurde ein kunde i ein grønsaksbutikk.

– Tolv dinarar for bananar og ti for eple, svara seljaren då ei kvinne kom inn i butikken.

– Kva kostar eit kilo bananar, spurde kvinna.

– Tre dinarar for bananar, to for eple, svara seljaren.

– Eg takkar Gud for den gode prisen, sa ho.

Mannen som først kom inn i butikken, høyrde prisskilnaden og vart arg. Seljaren såg kva reaksjonen, blunka og sa:

– Berre vent litt. Eg må verta ferdig med denne kunden først.

Då kvinna gjekk, takka ho Gud for at borna fekk eta frukt den dagen.

Seljaren vende seg til mannen for å forklara:

– Eg prøvde ikkje å lura deg. Denne kvinna passar på fire foreldrelause born, men nektar å ta imot hjelp. Eg har prøvt å gje henne pengar fleire gonger, men ho er stolt og nektar å ta imot. Ho lit på Gud. Då kom eg på at den beste måten å hjelpa henne på, var å få henne til å handla til låg pris i butikken min. Eg kuttar prisane på alt ho kjøper utan at ho kjenner at eg hjelper henne. Det er hjelpa mi.

– Kvinna kjem ein gong i veka. Den dagen ho handlar hjå meg, velsignar Gud kassa mi slik at eg tener fleire gonger så mykje som tapet på varene eg sel til henne.

Å hjelpa folk som treng det, er ei glede berre for den som kjenner den typen glede.

2.

Ein sommarfugl prøvde å koma seg ut av kokongen. Larven var desperat etter å koma ut, men vart etter kvart sliten. Ein snill mann prøvde å hjelpa til. Han reiv opp kokongen og fekk sommarfuglen ut, men han fall på bakken fordi vengjene enno ikkje var sterke nok til at han kunne flyga.

Mannen burde ha late naturen klara dette sjølv.

Vi må møta utfordringane i livet, særleg i byrjinga, for å verta sterkare og i stand til å bera byrdene av livet framover. Elles vert vi svake og hjelpelause.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis