Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Kjærleik og visdom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Illustrasjonsfoto: «Gamal vis mann», eit målarstykke av Andrew Judd.

2265
20180427
2265
20180427

Epistel

Merkeleg kjærleik: Josef, son til Jakob, vart seld som slave til Potifar, leiaren for livvakta til farao i Egypt. Potifar såg eigenskapane til Josef og behandla han ikkje som ein slave, men sette han til å styra huset sitt. Josef var 17 år då han byrja det egyptiske livet. Etter elleve år i Egypt hende dette: Potifar hadde ei kone som heitte Zolaikha. Ho forelska seg i Josef. Medan han arbeidde saman med dei andre heime, heldt ho auge med og drøymde om han.

Ein dag kunne ho ikkje venta lenger. Ho kalla han til seg, låste døra og fortalde kva ho ynskte. Josef nekta. Det var ei fornærming mot henne som kvinne. Ho ville difor hemna den sjeleleg sårande krenkinga trass i lidenskapen ho kjende for Josef. Zolaikha gjekk difor til ektemannen og sa at Josef hadde prøvt å forføra henne. Josef hamna i fengsel.

I fengselet var bøddelen hard med dei innsette, og fangane vart torturerte. Josef var heldig og slapp unna fordi alle likte han.

Zolaikha sende ei trælkvinne til fengselet med pengar og gåver til bøddelen og bad han om å torturera Josef hardt.

– I morgon skal eg steikja huda til Josef med pisken min.

– Eit par dagar seinare vart trælkvinna send til fengselet med pengar og bøn om meir tortur. Ho heldt på med dette i fleire veker, men til slutt kalla ho inn bøddelen.

– Du er ein lygnar. Eg sender pengar og gåver for at du skal torturera Josef, men du gjer det ikkje.

– Eg torturerer han meir enn alle andre, sa bøddelen.

– Om du torturerer han som du påstår, kvifor kjenner eg då ikkje Josefs smerte i hjarta?

Merkeleg visdom: Ein vismann vart gjord merksam på at ein person i landsbyen hans kunne flyga.

– Kva seier du om dette miraklet, ville bodberarane vita.

– Eg er ikkje imponert. Fluger og mygg kan òg flyga.

– Kva seier vismannen om han som dukka opp i landsbyen og kunne gå på vatnet?

– Det imponerer meg heller ikkje. Ein tømmerstokk kan flyta.

– Kva er eit mirakel då, ville dei vita.

– Å omgåst menneske utan at eigne moralske prinsipp vert påverka. Å halda fram med å snakka sant sjølv om alle lyg. Å ikkje stela sjølv om alle er korrupte. Å visa omsyn til dei svake sjølv om ingen andre bryr seg. Det er det verkelege mirakelet.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis