JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

🎧 Fiskeripolitikk for dei få

Må fiskeriforvaltning vere så forbaska vanskeleg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiskebåten «Buodden» er ein representant for dei små båtane i fiskerinæringa.

Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

5575
20200424
5575
20200424

Lytt til artikkelen:

Skal eg fortelje deg ein ting som ikkje handlar om virus, men som likevel har konsekvensar for korleis vi kjem til å leve i Noreg dei neste åra – kanskje til og med tiåra? Om ei knapp veke – fredag 30. april – får heile fiskerinæringa, Noregs viktigaste eksportnæring etter oljen, splitter nytt rammeverk. Då vert nemleg kvotemeldinga, Et kvotesystem for økt verdiskaping – En fremtidsrettet fiskerinæring, vedteken i Stortinget, og ho vil snu opp ned på det aller meste av systemet til norsk fiskeri.

Arbeidet med meldinga har gått føre seg mykje lenger enn vi har hatt virustrøbbel, så korona kan du for ein gongs skuld ikkje skulde på. Likevel tør eg påstå vi er monaleg fleire uvitande enn kunnande her ute.

Kvifor er det slik? Ja, kvifor snakkar vi så lite om fiskeripolitikk?

Bakgrunnsvanskar

Kanskje finn vi starten på eit svar i Fiskeribladets bakgrunnsartikkel «Her er det viktigste du må vite om kvotemeldingen» frå september i fjor. Utdraget handlar om ny ordning for strukturering av fiskekvotar:

«Hvem som blir tilgodesett i flåtegruppen er imidlertid ikke avgjort. Vil det være alle med kvoter knyttet til den opprinnelige hjemmelslengden? Vil det gjenværende båter i hjemmelsgruppen? Eller, vil det være nye båter med faktisk lengde i flåtegruppen?

Strukturkvoter er også ofte splittet og fordelt på flere fartøyer, noe Fiskeridirektoratet synes å ha mistet oversikten over. Hvor skal disse tilbakeføres?»

Altså, her trudde eg at eg visste éin ting om fiskeripolitikk – og det var at strukturering av kvotar handla om å slå saman kvotar gjennom å eige fleire båtar, kvar med sin kvote, og så fiske alt på éin båt for å vere effektiv. Men så syner det seg at strukturkvotar tvert imot kan splittast, og det på eit vis ikkje eingong Fiskeridirektoratet har heilt kontroll over. Vidare stiller spørsmåla seg i kø: Kva skil ein «opprinneleg» frå ein «gjenværende» båt? Kva er faktisk lengde? Kvar skal dei splitta strukturkvotane eigentleg førast attende til?

Nye problem

Poenget vaker i overflata: Dette har dei aller fleste av oss særs dårlege føresetnader for å skjøne.

Fiskeripolitikken er vorten altfor komplisert til å presentere i eit innslag på Dagsrevyen eller dekke på éi side i regionavisa, ja, sjølv ikkje ein runde i Debatten kunne vore særleg oppklarande. Difor var målet som låg til grunn for meldinga som vert vedteken til veka, godt: Systemet skulle forenklast. Diverre, som sitatet ovanfor og det meste anna tyder på, har forsøket mislukkast: Systemet ein kjem til å vedta, er å gå frå eitt kvotesystem til fleire ulike og endå meir komplekse system. Heng med, den som kan.

Vanskar på land

Vi har ei anna statleg regulert næring med komplisert regelverk i Noreg: landbruk. Også her gjorde regjeringa eit forsøk på å forenkle systemet i ei stortingsmelding for nokre år sidan. Det synte seg vanskeleg: Ikkje berre sette næringa sjølv seg på bakbeina av frykt for å miste det vesle dei trass alt hadde, men alle dei kompliserte, tilsynelatande unødvendige reguleringane var tydelegvis ikkje så unødvendige likevel når ein prøvde å fjerne dei, og oppdaga alle dei som var avhengige av nett den reguleringa – i det minste så lenge ho ikkje vart erstatta av ei anna regulering. Så vart ho det, då, og systemet vart det same – berre i ei litt anna innpakning.

Skal ein lage eit forenkla regelverk, har ein kanskje ikkje anna val enn å byrje på nytt. I eit fiskerisystem som set enkeltmenneske i milliongjeld, er det alt anna enn enkelt. Kanskje må ein likevel våge å gå heilt attende til start og stille spørsmålet: Kvifor har vi fiskeripolitikk i Noreg?

Attende til start

Fiskeripolitikken skal fyrst og fremst vere til for fisken: Med så effektive fiskerireiskapar og ein så open og tilsynelatande nær umettande verdsmarknad som vi har i dag, er den einaste sikre måten å hindre økologisk kollaps på å lovregulere kor mykje ein har lov å fiske av kvar enkelt art.

Men utover det: Hausting av fiskeriressursane våre treng regulering også for menneska si eiga skuld. Å sleppe alt fritt gagnar mest av alt dei store, og vår eiga regjeringserklæring slår fast at «fiskeressurser er en felles, evigvarende ressurs som kan bidra til vekst og verdiskaping i hele landet, forutsatt en ansvarlig forvaltning».

Kva er viktigast for å få til det?

Er det å etablere ein kvotebase som skal fordele kvotar gjennom året, og som ingen eigentleg veit korleis kjem til å fungere? Eller er det til dømes å ta tak i at sju av ti fisk som vert fiska i Noreg i dag, ikkje vert foredla i Noreg? Er det om kvoten er leigd eller eigd, eller er det prisen på kvoten? Er det at systemet er «effektivt» (eitt av måla i kvotemeldinga), eller er det at systemet er tilpassa kysten det skal tene?

Her kan ikkje berre politikarar haldast ansvarlege. Også næringa sjølv, som mellom anna tviheld på eit kvotesystem som gjer det umogleg å kome inn for nærast alle som ikkje er steinrike, må gå seg sjølv etter i saumane: Kor avhengige er dei av alle samfiskeordningar og fartøygrupper og andre dikkedarar, og kor avhengige er dei av at fiskeri er noko folk flest har føresetnader for å diskutere? Og ikkje minst: Kor mange fiskarspirer har dei råd til å miste til eit regelverk det ikkje kan vere godt sjølv for den ivrigaste å sette seg inn i?

Siri Helle

Siri Helle er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Men så syner det seg at strukturkvotar tvert imot kan splittast, og det på eit vis ikkje eingong Fiskeridirektoratet har heilt kontroll over.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis