🎧 Hylling og kritikk
Ei krise har ein avslørande effekt.
Ein nyklipt helse- og omsorgsminister Bent Høie fekk god respons på talen han heldt til ungdommen på pressekonferansen måndag.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Det er éi innsikt litteraturen har visst å nytta seg av. Det er når situasjonen spissar seg til, at vi ser kva som bur i folk. Stormen og stormfloa i Duuns Menneske og maktene er berre eitt av mange døme. Når store ting står på spel, blir folks karakter brått tydeleg for alle.
I den store krisa verda går gjennom no, ser vi noko av det same på nasjonalt nivå. Det amerikanske samfunnet blir meir amerikansk, det franske meir fransk, Kina meir kinesisk. Når vår krise ikkje vert opplevd så dramatisk som den vi ser i mange andre land, kjem det i høg grad av hell og forhold som ligg utanfor vår kontroll; at vi har god økonomi og ligg litt i utkanten av verda. Men vi har også sett nokre sympatiske trekk ved politikken vår som kjem oss til gode. Dei må vi ta vare på.
Offentleg samtale
Eit samfunn er kjenneteikna ved kva slags offentleg samtale det har. Og i den offentlege diskusjonen er det to ytterpunkt: Den begeistra hyllesta i den eine enden av skalaen og den fnysande kritikken i den andre. I totalitære samfunn er alt anna enn hylling forbode og straffbart; til gjengjeld blir kritikken frå eksilgruppene totalt avvisande. I dag ser vi at Nord-Korea kan vera i kriser av fleire slag; men fordi berre hylling er lov, veit vi så å seia ingenting om det. I USA ser vi no ei polarisering som kan vekkja både undring og otte, og farlegare enn demonstrantar som pyntar seg med våpen, er kanskje isfronten mellom dei politiske motstandarane. Dei to politiske hovudleirane har heilt slutta å lytta til kvarandre og står att med ein etsande mistillit. Og presidenten går til åtak på alt og alle som ikkje tek del i den grenselause hyllinga av han sjølv, der han sjølv syng førstetenor.
Når ein ser på totalitære samfunn, der hyllinga er bestilt eller truga fram, kan ein koma til å tru at open kritikk er det einaste kriteriet på eit godt samfunn. Men det amerikanske dømet viser noko anna. Få samfunn har ei sterkare kritisk ålmente enn det amerikanske. Likevel er det rive opp i mistillit og politisk lamming. Ein diagnose kan vera at det er for lite hylling. Det er ikkje for lite betalt hylling, i form av reklame og politisk propaganda, men det ser ut som ein har mista kontakt med eit felles grunnlag som ligg under debatten. Ikkje eingong opplagde verdiar som sanning og vitskap er det semje om.
Samling
I forhold til dette framstår vårt eige land som ein idyll. Vi er usamde om mykje også her hos oss: økologi mot industri, helsepolitikk og sjukehuslokaliseringar, innvandringspolitikk og mangt anna. Men då krisa kom, opplevde vi ei samling kring leiarskapen i regjering og helsestell. Det slo ikkje ned den offentlege diskusjonen, som har gått heile tida. Men politikarane kom fort til ei nasjonal kriseforståing som skapte ein sterkare vilje til samling og felles politikk enn i den politiske kvardagen elles. Om ikkje politiske motstandarar fell kvarandre om halsen (noko som vel er forbode no om dagen), så hyller i det minste Andreas Hompland Høgres Bent Høie. Mange av dei som har hatt kritiske merknader til helsepolitikken, er i dag godt nøgde med at koronakrisa blir møtt med myndig handling. Og ta det med: Skiljelinjene vil nok koma tilbake.
At regjeringa sjølv set i gang eit evalueringsarbeid både av beredskapen på førehand og handteringa av krisa, understrekar poenget mitt: Hylling treng ikkje blokkera kritikk, ho kan opna for kritisk drøfting. Dei to ytterpunkta hyllest og kritikk utelukkar ikkje kvarandre. Tvert om ser det ut til at hylling i form av ein elementær tillit, er føresetnaden for kritisk diskusjon. Trua på at kritisk diskusjon kan føra oss framover, har som føresetnad at ein trur folk vil ta ny kunnskap og nye innsikter innover seg. Elles kunne ein lata det vera.
Læringspotensial
Hyllinga (panegyrikken) i eit samfunn skjer heldigvis ikkje alltid som stupid hylling av føraren, som i totalitære land. Det skjer snarare ved feiring av viktige hendingar i historia, markering av nasjonaldagen, omtale av viktige samfunnsaktørar som fyller år, i nekrologar og takketalar.
I journalistikken vil mykje av hyllinga vera å finna i portrett av kvardagsheltar, folk som utan eventyrleg løn eller utsikt til kjendisstatus gjer jobben sin og hjelper til så godt dei kan. I denne krisa har vi sett eit internasjonalt hyllingsfenomen: at ein klappar for kvardagsheltane i helsestell og transport. Det kan vera mangt å kritisera styresmaktene for i det som no skjer, men parallelt med at slik kritikk blir tenkt og formulert, kjenner folk eit behov for nokon å hylla. På den måten uttrykker dei fellesverdiane, det grunnlaget diskusjon må gå føre seg på. Misser ein fellesverdiane som syner seg i hyllinga, blir også den kritiske diskusjonen skadd.
I vårt land har vi sett ein fin balanse i denne krisa. Men han er utsett. Også hos oss har vi lukka grupper som systematisk unngår motargument, ekkokammer på nettet og høgreradikale miljø som ved fleire høve har erstatta argument med drap. Skarp gjensidig kritikk har eit læringspotensial i seg, men total gjensidig underkjenning kan bli til utmelding og destruksjon. Difor er det ein god ting ved denne krisa at ho minner oss om at vi framleis har mykje felles.
Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hylling treng ikkje blokkera kritikk, ho kan opna for kritisk drøfting.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.