JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

🎧 Vitskap og politikk i ei krisetid

Når pandemien er over oss, skal vi sjølvsagt søkja den beste vitskaplege kunnskapen. Men dei politiske og eksistensielle vala må vi sjølve ta ansvar for.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6207
20200403
6207
20200403

Lytt til artikkelen:

Kommentar

thue@oslomet.no

Dei siste dramatiske vekene har eg sete halvt fascinert, halvt skrekkslagen og surfa mellom norske, svenske, danske og internasjonale nettmedium. Som så mange andre har eg undra meg: Kva er det med Sverige?

I kampen mot koronapandemien har svenskane urokkeleg halde fast på ein strategi som skil seg frå det som skjer nær sagt overalt elles i verda. Endå meir påfallande er likevel måten dette vert grunngjeve på. Den som fører ordet no som nauda er størst, er ikkje statsministeren, men stats­epidemiolog Anders Tegnell i Folkhälsomyndigheten. Han får stå fram for det svenske folket som vitskapens klåre røyst i ei verd full av redsle og irrasjonalitet. Bodskapen er klår: Medan politikarar i andre land lèt seg styra av kjensler, opinionstrykk og ein trong til å visa handlekraft, held Sverige seg til tiltak som ein har vitskapelig prov for at faktisk verkar.

Ein svensk modell

Korleis kan ein embetsmann opptre så suverent og einvist? Kvifor vert dette akseptert både av den svenske politiske leiinga og av folket? Mange har peika på at Folkhälsomyndigheten og liknande sakkunnige organ har ei sjølvstendig maktstilling i svensk forvaltning som saknar sidestykke i andre vestlege land. Sverige har lange tradisjonar for å gje vitskaplege ekspertar stort spelerom i utviklinga og gjennomføringa av offentleg politikk. Samstundes synest dette regimet å spegla – eller skapa – ein særeigen lydnad i folket andsynes ekspertar og offentlege organ. Det har vore hevda at den tilbakehaldne svenske handteringa av koronapandemien er uttrykk for ein særeigen tillit hjå styresmaktene til at folk flest vil opptre ansvarleg og fornuftig. Men det er òg mogleg å sjå det motsett: at ein her tøyer den sterke folkelege tilliten til styresmaktene til brestepunktet.

Eksotiseringa av Sverige kan likevel drivast for langt, for idealet om vitskapsbasert politikk har òg stor oppslutnad i Noreg og andre vestlege land. Førestillinga om at vitskapeleg rasjonalitet kan og bør motverka politisk irrasjonalitet, slo for alvor gjennom i mellomkrigstida og synest å ha fått ein renessanse i vår eiga tid etter et par tiår med høglydt kritikk av positivisme og teknokrati. Men kva kan og bør vi eigentleg leggja i slagordet om «vitskapsbasert politikk»?

Ansvar

Ein klassikar på dette temaet er den tyske sosiologen Max Webers to føredrag frå 1919 om høvesvis vitskap og politikk som livskall. Eit hovudpoeng hjå Weber er at medan yrkesetikken til vitskapsmannen går ut på å søkja sanninga same kvar ho fører hen, står politikaren ansvarleg for konsekvensane av avgjerdene sine.

Dette enkle poenget går rett til kjernen i det som er problemet med den svenske handteringa av koronaepidemien. Som ein norsk filosofistipendiat i Uppsala, Oda Wiese Tvedt, formulerer det i ein kommentar i Bergens Tidende, synest Tegnell å meina at fordi ein har lite evidensbasert kunnskap om effekten av ulike tiltak, bør ein òg gjera lite. Men når Tegnell i praksis utformar den svenske pandemistrategien, vert han ansvarleg for konsekvensane av ikkje å handla. Og desse konsekvensane kan visa seg å verta særs tunge å bera.

I biografien sin om Halvdan Koht viser Åsmund Svendsen korleis Koht som utanriksminister i 1940 avviste alle etterretningsrapportar som peika mot at eit tysk overfall på Noreg var i kjømda. Han var jo historikar og visste at alle kjeldeutsegner som ikkje stod seg mot ei nærgåande kjeldekritisk prøving, måtte avvisast som rein spekulasjon. Vi veit korleis det gjekk. Kohts tankefeil var at han ikkje skjøna skilnaden på vitskapleg og politisk ansvar.

Grenser for vitskap

Tryggingstrugsmål, klimakrise og pandemi er døme på kriser der vi er nøydde til å handla under stor grad av uvisse. Då gjeld det på den eine sida å ta forsking og ekspertkunnskap til hjelp for å kunna handla mest mogeleg intelligent og effektivt. Forskarar over heile verda samarbeider no for å vinna kunnskap og systematisera erfaring om koronaviruset og utvikla ein vaksine. Dette er det viktigaste håpet vårt i kampen mot pandemien.

Men samstundes står vi andsynes to spørsmål som vitskapen ikkje kan løysa for oss. Det eine er korleis vi skal handtera uvisse og risiko. Kor høg risiko er vi viljuge til å leva med, og kor radikale tiltak vil vi akseptera for å redusera risikoen? Kva med tiltak som har usikker verknad? I kva grad skal vi byggja på eit føre var-prinsipp, og kva inneber dette i praksis?

Det andre problemet, som heng tett saman med det første, er korleis vi vektar ulike verdiar opp mot kvarandre: I kva grad aksepterer vi at fridomar vi er vane med å ta for gjevne, vert suspenderte for å hindra eller bremsa smittespreiing? Korleis skal vi vekta ønsket om å spara menneskeliv og kunna tilby dei sjuke fullverdig helsehjelp opp mot dei dramatiske økonomiske konsekvensane av å stengja ned samfunnet?

Dette er ekte politiske, moralske og i siste instans eksistensielle problem. Det er spørsmål ikkje om kva som er, men om kva som bør vera (og kven vi vil vera). Dei kallar ikkje på forsking, men på avgjerd, og dei som skal ta desse avgjerdene på vegner av oss alle, står ansvarlege for følgjene.

Sjølv om dei nasjonale folkehelseleiarane Anders Tegnell og Camilla Stoltenberg truleg ikkje er så usamde i sak, er det ein avgjerande skilnad på toneleiet og rolla deira i det offentlege rommet. Stoltenberg er omhyggeleg med å streka under det usikre og førebelse i alle prognosar. På dei norske pressekonferansane er det aldri tvil om rollefordelinga mellom politikarar og ekspertar: Statsministeren, helseministeren og andre statsrådar presenterer og grunngjev dei avgjerdene regjeringa har teke, medan ekspertane gjer greie for kunnskapsgrunnlaget. Sjølv er eg overtydd om at dette i lengda er ein tryggare måte å forvalta den mykje omtala og feira nordiske tillitskulturen på enn Folkhälsomyndighetens opplyste einevelde.

Fredrik W. Thue er historikar og professor ved Oslomet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Men kva kan og bør vi eigentleg leggja i slagordet om «vitskapsbasert politikk»?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis