Arme riddarar og falskt nytt
Prøven består i at ein ter seg slik at folk trur på det media skriv, fordi dei skriv om sakleg tunge, viktige saker.
På nokså kort tid har det kome trugsmål som verka utenkjelege for få år sidan, mot frie ord og frie ytringar. Det nye er først og fremst at trugsmåla kjem i vestlege land. Dels ved at ytringar om kontroversielle saker blir møtte av anonyme eller signerte trugsmål, dels ved at fleire statsleiarar freistar å setja grenser for ytringane. Situasjonen i Tyrkia er grotesk, i Russland har mord på samfunnskritiske røyster lenge vore gjennomført, men også i USA er situasjonen farleg. Det røyner på også i sentraleuropeiske land.
Sjølvkritikk
I denne situasjonen blir vi mint om kor viktige frie media og frie ytringar faktisk er. Naturleg nok går journalistane på barrikadane og minner oss om at rolla dei har som kritisk instans og formidlar av viktig informasjon, er sjølve blodomløpet i eit demokratisk samfunn.
Det er all grunn til å slutta seg til dette synspunktet. Utan frie ytringar og fri presse kan mafiøse marknadsaktørar og autoritære politikarar få fritt spel, og urett og maktmisbruk kan løynast bak lukka dører.
Men skal dette forsvaret for fri presse og frie medium bli truverdig, må det også romma ein rimeleg sjølvkritikk frå media si side. Når journalistar og mediefolk i lang tid har vore yrkesgrupper som har hatt liten tillit i folket, er det ikkje berre folket sin feil, og det er ikkje styresmaktene å lasta.
Konspirasjonsteoriar
Eit av dei store faremomenta i dagens situasjon ligg i at tilliten til både media og dei politiske institusjonane blir for liten. Vi er alt i ein situasjon der konspirasjonsteoriane florerer, og konspirasjonsteoriar er nettopp uttrykk for mistillit. Noko av skulda ligg på Frp, som i årevis har snakka om media som venstrevridd og styrt av Ap. Dei har rett i at det er og har vore få Frp-sympatisørar i pressekorpset, men dei har overtrekt kontoen. Det har vore ein enkel måte å avverja kritikk på. Dette er ein farleg mekanisme, fordi det kan underslå det faktumet at vi faktisk har ei fri presse med mange kvalitetar, og at det framleis er ein avgrunn mellom til dømes norsk presse og russiske eller tyrkiske tilstandar.
Verre enn Frp er dei høgreorienterte nettstadene, som document.no og Human Rights Service, som formidlar vidare konspirasjonsteoriar om det politiske Noreg og om media. Til tider minnar det om det Trump seier om gode amerikanske aviser: Dei spreier falske nyheiter. At dei vil ha mest mogeleg restriktiv innvandringspolitikk, er ei politisk sak som ein kan vera samd eller usamd i, men påstandar om at media er betalte påverknadsagentar for quislingaktige politikarar, er av ein annan karakter. Det er vondsinna konspirasjonsteoriar, og dei holar ut demokratisk debatt.
Men i kampen om tillit er det viktig at også media ser kritisk på seg sjølv. Media er ikkje kjøpt og betalt av kommunistar, islamistar eller løynde nettverk som vil leggja ned den europeiske kulturen. Dette er konspirasjonssnakk, og det bør leggjast dødt.
Svekt tillit
Men media har, som Neil Postman peika på for fleire tiår sidan, drive med ei blanding av underhaldning og informasjon som har svekt tilliten. Når store endringar har skjedd i nasjonal og internasjonal politikk, har avisene fylt framsidene med kjendisstoff og intimitetsnytt. Dei har prioritert lett seljelege oppslag framfor viktige saker.
Og langt verre: I den økonomiske situasjonen media er i no, har fleire teke til å løysa opp skiljet mellom reklame og journalistikk, slik at lesarane ikkje lenger veit kva som er skrive av journalisten, og kva som er laga på informasjonskontoret til Rimi-Hagen. Det kan gje grunnlag for konspirasjonsteoriar.
Og vidare: Dei har ganske systematisk polarisert debattane ved å snakka med dei mest ytterleggåande. Når ein komponerer utval til debattar, plukkar ein ut dei som er flinkast til å spissformulere. Den stadige diskusjonen om sensasjonsjakt, polarisering og konfliktmaksimering har surra og gått i alle år. Og media har heile tida svara det same: For det første vil det vera sensur å leggja restriksjonar på dei, og for det andre har dei sin eigen sensur gjennom Pressens Faglege Utval. Og der kan nok grove overtramp bli korrigerte, særleg om det dreier seg om faktafeil.
Men prioriteringa av uvesentleg stoff kan dei ikkje gjera noko med.
Lang debatt
Så lenge eg har lese aviser, har denne debatten gått, og ingenting har kome ut av han. Avisene har endra seg, partistyringa er avvikla, men kritikken av polarisering og konfliktmaksimering har vore der.
Men no er vi i ein annan og langt meir akutt situasjon. Den frie pressa er truga i USA og Europa. Tilliten til politikarar og institusjonar stuper, og høgreorienterte grupper får gjennomslag, bygd på at media er løgnarar og oppkjøpte klakkørar.
I møte med dette er det ikkje nok å protestera mot sensur, dårleg økonomi og sensurkåte politikarar. Prøven består i at ein ter seg slik at folk trur på det media skriv, fordi dei skriv om sakleg tunge, viktige saker, og gjer det på påliteleg vis. Og at dei held fast på skiljet mellom journalistikk og reklame. Det er ei vanskelegare oppgåve enn å kjefte på Erdogan og Trump, men det er likevel det viktigaste.
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skal forsvaret for fri
presse og frie medium bli truverdig, må det også romma ein rimeleg sjølvkritikk frå media si side.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.