JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Den negative parlamentarismen

Etter at Knut Arild Hareide kom ut av skåpet som tilhengjar av ei Støre-leidd regjering, har Erna Solberg sete utrygt. Denne forma for parlamentarisme bør Noreg leggja bak seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5501
20181102
5501
20181102

Sidan slutten av september har det rådd unnatakstilstand i norsk politikk. Fyrst utpå kvelden i dag, 2. november 2018, blir det endeleg klart kva side Kristeleg Folkeparti fell ned på. Då får me vita heilt sikkert kven som styrer Noreg når julehøgtida tek til.

At me gjennom hausten har stått oppe i denne lett kaotiske tilstanden, er ikkje tilfeldig. Noreg praktiserer nemleg det som heiter negativ parlamentarisme. Det tyder kort sagt at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga ikkje treng å støtta ei regjering. Det er nok at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga ikkje gjev uttrykk for mistillit. Difor kunne Kristeleg Folkeparti etter valet i fjor melda at dei var i opposisjon, men at dei ikkje ville fella regjeringa til Erna Solberg. Og difor kunne Solberg bli sitjande utan at ho hadde støtte frå fleirtalet i nasjonalforsamlinga.

Statsministeren og laget hennar var nok etter valet glade for at dei ikkje måtte gå av sjølv om KrF erklærte at dei hadde vorte eit opposisjonsparti. Prisen som Solberg-regjeringa måtte betala, var det kaoset som har rådd denne hausten medan Kristeleg Folkeparti har vore i tenkjeboksen og ikkje visst om dei skulle gå til høgre eller venstre.

Når roa legg seg over norsk politikk om ei stund, bør ordskiftet koma: Er det føremålstenleg med eit system som fører til at ein i lange tider midt i ein valperiode ikkje veit om regjeringa har eller ikkje har støtte i nasjonalforsamlinga? Sjølv vil eg svara klart nei på det spørsmålet. Det er trong for å gå gjennom statsskikken vår for å sjå om han kan bli endra på nokre viktige punkt.

Investitur

Den stoda me har vore oppe i, hadde nemleg neppe kome opp om Noreg hadde hatt reglar for regjeringsdanning som er vanleg i dei fleste andre demokratiske landa i Europa. Der må eit fleirtal i nasjonalforsamlinga gje klart uttrykk for at dei anten stør regjeringa eller ikkje, kort sagt det ein kallar investitur. Om ikkje eit fleirtal i parlamentet stør ei regjering, blir ho ikkje danna. Om det ikkje er mogleg etter ei viss tid å danna ei regjering med støtte frå fleirtalet i parlamentet, blir det nyval, som me no ser at det kan bli i Sverige.

Føremålet med slike prosedyrar er å hindra at veike regjeringar ser dagsens ljos, slik me såg det i Weimar-republikken i Tyskland og i Den fjerde republikken i Frankrike. Å samanlikna Noreg anno 2018 med Weimar-republikken eller med Frankrike på den tida då Algerie-krigen rasa, er sjølvsagt lettare absurd.

På den andre sida er det slik at balansen mellom den lovgivande og den utøvande makta alltid er viktig i eit demokrati. For veike regjeringar som aldri veit om dei har støtte i nasjonalforsamlinga, fører det til handlingslamming og kaos. Ei for sterk regjering fører til diktatur. Ein stad midt imellom finst likevekta som gjev eit land eit godt fungerande demokrati.

Svake regjeringar

I Noreg kan me identifisera fleire periodar med svake mindretalsregjeringar, til dømes heile tidsbolken frå 1918 til 1935. Etter folkerøystinga om EF i 1972, blei det danna ei regjering som berre hadde støtte frå 39 av dei 150 representantane på Stortinget. Mindretalsregjeringa til Kåre Willoch etter valet i 1985 og til Jan P. Syse etter valet i 1989 braut saman midt i valperioden. Det same gjorde mindretalsregjeringa Bondevik I i 2000. Før det hadde mindretalsregjeringa til Thorbjørn Jagland lidd skipbrot etter å ha stilt kabinettspørsmål til folket i valet i 1997.

At Noreg gjennom lange periodar er blitt styrt av mindretalsregjeringar, heng saman med måten den norske parlamentarismen blei til på. I og med innføringa av parlamentarismen i 1884 var den svenske kongemakta nedkjempa. Uheldigvis var då grunnlovskonservatismen så sterkt innarbeidd at ein i samband med systemskiftet ikkje tok opp nokon heilskapleg grunnlovsrevisjon.

Stortinget stod som sigerherre i forfatningskampen, men knapt nokon stilte spørsmål om korleis balansen mellom statsmaktene skulle vera. Slik gjekk det til at den særeigne statsskikken med negativ parlamentarisme vaks fram i Noreg, og med den rikeleg høve til å danna svake regjeringar.

Greitt å skifta meining

No må det sjølvsagt i eit demokrati vera mogleg å skifta meining og gå frå posisjon til opposisjon eller omvendt. På den andre sida er det sannsynleg at KrF ikkje så lett hadde vakla mellom det eine og det andre om dei ved byrjinga av stortingsperioden i fjor hadde vore nøydde til å velja eitt av alternativa. Hadde det vore mogleg å oppløysa Stortinget no og skriva ut nyval, ville Knut Arild Hareide sjølvsagt aldri ha handla som han har gjort.

Fleire gonger har Stortinget handsama grunnlovsforslag om å innføra investitur, og kvar gong har det blitt stemt ned. I 2014 hadde me ein gjennomgripande revisjon av Grunnlova, då ei rad med menneskerettar blei tekne inn. Fleire av desse grunnlovsparagrafane har ei utforming som gjer at det er uråd å forstå kva dei eigentleg tyder.

Det hadde vore ein betre idé om Stortinget ved grunnlovsfeiringa for fire år sidan hadde tenkt over balansen mellom statsmaktene. Ein jobb som diverre ikkje blei gjord då parlamentarismen blei innført for meir enn 130 år sidan.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Hadde det vore mogleg å oppløysa Stortinget

no og skriva ut nyval, ville Knut Arild Hareide

sjølvsagt aldri ha handla som han har gjort.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis