JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Evig ung

Er aldring eigentleg sjukdom?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5807
20240809
5807
20240809

Det var fredag kveld, eg trong eit middel mot augekatarr og søkte febrilsk etter hjelp på nettet. Fanst det ein måte å unngå timevis i kø på ei legevakt dagen etter?

Puh! Det gjorde det. For nokre hundrelappar kunne ei døgnopen digital legevakt på få minutt tilby meg resept på nett dei augedropane eg trong. Kvifor visste eg ikkje om dette tilbodet? Nysgjerrig klikka eg meg inn på menyen for å sjå kva anna denne for meg nye legevakta kunne tilby.

Ho såg ut til å spesialisere seg på tilstandar som er lette å diagnostisere og skrive ut legemiddel for, som eksem, urinvegsinfeksjon eller skabb. Men, hei, kva var dette? Dei kunne også hjelpe meg med «rynker og solskadd hud». Eg las: «Kosmetikkmarkedet oversvømmes av lite virksomme kremer mot rynker. Her kan du få resept på retinoid-krem som faktisk fungerer.»

Nye hudceller

Fleire klikk seinare hadde eg lært litt meir om verkestoffet. Det skal visstnok få hudcellene til å dele seg og døy raskare. Slik vert dei erstatta av nye celler. Eg vart fascinert og litt indignert. Fascinert over at det faktisk finst middel som ser ut til å gjere huda yngre (rett nok med lite freistande biverknader, som sår hud og flass). Indignert over at ei rekkje nettlegevakter pushar middelet på nettsidene sine, som om det skulle vere ein nødvendig medisin. For rynker er jo ikkje ein sjukdom som skal lækjast, men ei naturleg følgje av å få leve lenge… eller?

Eg skal ikkje leike from. Omtrent samtidig med indignasjonen, kom tanken: Skal eg skaffe meg denne resepten her og no? Eg nærmar meg 48 år, så sjølvsagt har huda mi rynker – orsak, solskade. Eg var nær ved å plassere ein resept i handlekorga, då eg kjende ein motvilje, nett sterk nok til å la det vere.

Alder i revers

Motviljen kjem eg tilbake til. Først vil eg skrive litt meir om det som fascinerer meg. På same måte som denne hudkremen skal kunne stimulere hudfornying, kjem det stadig nyhende om aldringsteikn som kan reverserast. Og blant ein del har det oppstått ein antialdringstankegang som får ein del mediemerksemd.

I denne tankegangen er ikkje aldring ein naturleg og nødvendig del av det å verte eldre. Eit menneske har to aldrar, lyder refrenget. Ein kronologisk alder, som du feirar kvart år, og ein biologisk alder, som du kan få ved å leggje saman resultata av ei rekkje biologiske testar.

Den biologiske alderen er viktigast, fordi den indikerer din risiko for sjukdom og død. Dessutan er den biologiske alderen, i motsetnad til den kronologiske, relativ. Endrar du livsstil, kan du også verte yngre – i biologisk forstand.

I antialdringstankegangen er aldring det same som sjukdom og bør førebyggjast og behandlast deretter. I det lyset vert det til dømes naturleg å sjå på rynker som solskade og overgangsalder som hormonmangel. Aldring tyder svekte celler og er ei uønskt utvikling. Og dessutan: Aldring på innsida har sin parallell på utsida. Au!

«Det kjem stadig nyhende om aldringsteikn som kan reverserast.»

Transformasjon

Det finst både ekstreme og mindre ekstreme representantar for antialdringstankegangen. Det mest opplagde dømet internasjonalt er den 46 år gamle teknologimilliardæren Bryan Johnson, som utviklar sitt eige antialdringsprogram med seg sjølv som prøvekanin. Han eksperimenterer med blodoverføringar og tek store mengder kosttilskot kvar dag. Han har sagt at han har hjarte som ein 37-åring og lungekapasitet som ein 18-åring. Hud, hår, lunge, hjarte – alle organ er topp prioriterte. Og han legg ut bilete i sosiale medium som prov på transformasjonen.

Her heime er det nærliggjande å vise til eit langt mindre ekstremt eksempel, Hanne S. Finstad, som er tidleg i 60-åra og har skrive boka Yngre. Gjennom ulike livsstilsendringar har ho i løpet av eitt år vorte fem biologiske år yngre. I forordet skriv ho: «Om få år er det sannsynlig at vi ikke lenger betrakter alderdom som noe helt uunngåelig, men heller som en sykdom.»

Kvifor lèt eg meg fascinere av dette? Truleg fordi eg, som mange andre, helst vil vere sunn og frisk. Eg liker ikkje tanken på forfall, sjukdom og død. Er det ikkje derfor religion tilbyr evig liv, og mytar, eventyr og litteratur er fulle av historier om menneske som nektar å gje slepp på liv, ungdom og venleik?

Nærsynt

Så kvifor har eg på same tid motvilje mot rynkekrem på resept og tanken om aldring som sjukdom? Eg trur det må vere fordi antialdringstankegangen ofte verkar så nærsynt. Det handlar om kosttilskot, målingar og den ultimate metoden for å betre forma på individnivået. Vegen til betre helse vert ofte presentert som meir komplisert enn han i røynda er – til glede for ein stor helseindustri, som står klar til å hjelpe.

Når eg løftar blikket frå nettlegevakta, tenkjer eg at det finst andre og meir freistande måtar å sjå aldring på. Kva med å tenkje på dei friske gamle ein sjølv kjenner eller har kjent. Kva rett har dei gjort?

Dei eldste blant oss

Mi eiga mormor vart 105 år gammal. Eg tviler på at ho nytta rynkekrem, men ho laga bondekost frå botnen av, hadde stor sans for humor, og slutta ikkje å sykle før ho måtte. Ho var sterkt engasjert i misjonen, og takka Gud kvar dag for alt ho hadde fått.

Ein som har gått denne vegen og sett på områda der folk lever lengst, er journalisten Dan Buettner, som står bak det etter kvart utbreidde omgrepet «blå sonar». Saman med eit større team har han sett på kva som kjenneteiknar livsstilen i desse områda. Her er det ikkje snakk om optimaliserte treningsmetodar eller hudfornying, men om matkultur, sosiale fellesskapar og naturleg dagleg aktivitet. Det handlar om gode samfunn der folk lever liv med meining.

Å bremse aldring gjennom å leve eit balansert liv er til fordel for oss. Og det bør helst skje utan press frå ein grådig helse- og venleiksindustri. Det siste kan ein få grå hår av.

Christiane J. Larsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis