JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Fatwaen vi aldri vert ferdige med

Den iranske leiaren Khomeini hadde stor suksess med fatwaen mot utgjevinga av boka Sataniske vers.
Mange i Vesten valde å sjå ein annan veg når han sendte ut mordkommandoane sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6071
20181012
6071
20181012

Denne veka kunngjorde politiet at dei har sikta to personar for å ha teke del i attentatet mot forlagssjef William Nygaard i Dagalivegen i Oslo 11. oktober 1993. Men om politiet finn dei som stod bak mordforsøket på mannen som utgav boka Sataniske vers av Salman Rushdie i Noreg, er vel også denne gongen heilt uvisst.

Likevel er det viktig at saka no er teken opp igjen: At freistnaden på å ta livet av William Nygaard blir henta fram i ljoset, kan kanskje få det norske samfunnet til å konfrontera seg sjølv med ei vanskeleg historie.

Kva det i botn og grunn handlar om, er noko av det vanskelegaste det norske samfunnet har vore gjennom dei siste par generasjonane: Korleis har me handtert det faktumet at nokon utanfrå verkeleg har ynskt å gjera oss vondt? Og korleis har me stilt oss til det problemet at det dei siste 40 åra har dukka opp ekstreme grupper i landet som ikkje er rotfesta i vestleg tenking, men har teke med seg ein ideologi som er henta frå dei mest ytterleggåande regima og rørslene i Midtausten?

«Satan Rushdie»

Det var nettopp i samband med Rushdie-saka dette dukka opp for fyrste gongen. Den 14. februar 1989 sende den iranske leiaren ayatolla Khomeini ut ein såkalla fatwa der han bad alle muslimar over heile verda om at dei så snart som råd måtte ta livet av forfattaren av Sataniske vers og alle som hadde med boka å gjera. Berre 11 dagar seinare, laurdag 25. februar, organiserte Det muslimske forsvarsrådet, godt hjelpt av den norske avdelinga av Pakistan People’s Party (sic!) ein demonstrasjon i Oslo. Toget hadde to offisielle parolar: «Nei til Satan Rushdies bok» og «For verdens fred – ja til religionens høyhet».

På førehand hadde dei muslimske forsamlingane i Oslo bede politiet om ekstra vern under markeringa. Det vart ikkje naudsynt. Dei einaste tilløpa til uro kom då éin mann og éi kvinne som stod langs ruta, vart angripne av det som på fjernsynsbileta såg ut som rasande demonstrantar. Plakatane som mannen og kvinna heldt opp, hadde påskrifta: «Ja til ytringsfrihet» og «Nei til religionsdiktatur».

Protesttoget i Oslo bleikna samanlikna med det som skjedde i Storbritannia. Rett etter nyttår i 1989 vart byen Bradford sentrum for protestane mot Sataniske vers. 14. januar det året marsjerte 2000 av dei om lag 60.000 muslimane i byen gjennom sentrum av Bradford. For riktig å gje meiningsytringa kraft samla demonstrantane seg føre rådhuset og brende eit eksemplar av Sataniske vers.

Bradford vart berømt og berykta over natta. Muslimane der trudde dei hadde forsvart æra til profeten Muhammed. For ein stor vestleg opinion vekte det som skjedde i Bradford, berre avsky: Å brenna bøker vert i Vesten assosiert med fyrst inkvisisjonen i mellomalderen og så nazistane på 1930-talet. At muslimane gjekk inn for å forby ein roman, var ille nok. At ein tok i bruk verkemiddel som dei fleste knytte til nazistane, førte til at konfliktlinene vart endå skarpare. Betre vart heller ikkje stemninga då Khomeini kom med dødsfatwaen sin, og dei som marsjerte vart sett på som agentar for den iranske tyrannen, som frå før hadde store mengder blod på hendene.

Dette var fyrste gongen ein i Vest-Europa, Noreg inkludert, kjende på den avstanden det var mellom delar av den innvandra befolkninga og den vestlege, innfødde kulturen. Kanskje ville Vest-Europa kome seg unna mange av dei samanstøytane me har hatt i tiåra som fylgde – inkludert dei mange terroråtaka – om me den gongen mykje klårare hadde markert kva som er vestlege verdiar, og kva for verdiar innvandrarane måtte integrere seg til?

Problemet var at det allereie denne vinteren i 1989 var mange leiande samfunnstoppar som tona ned det faktumet at protestane, bokbrenninga og dødstruslane mot Salman Rushdie var farlege, og at dei fekk støtte frå ein stor del – men heldigvis langt frå alle – i den innvandra muslimske minoriteten.

Aldri vore på prent

Ein norsk samfunnstopp som gjorde seg til talsmann for denne lina, var stortingspresident Jo Benkow. Same dagen som demonstrasjonen i Oslo skulle haldast, prenta Aftenposten ei fråsegn frå han: «Muslimar er svært sindige mennesker, og jeg håper det ikke blir noen form for bråk. Demonstrasjonen støtter jo ikke Khomeini. Dette er en demonstrasjon mot utgivelsen av boka til Salman Rushdie, sier Benkow.» Sitat slutt.

Delar av den norske kyrkja gjekk endå lenger. Biskop Bjørn Bue i Stavanger, ein av dei mest profilerte leiarane i kyrkja på den tida, sa at han av omsyn til muslimane i Noreg helst såg at Sataniske vers aldri vart gjeven ut. I Bradford var det liknande reaksjonar, også frå kyrkja. Den anglikanske biskopen i byen uttala til dømes at boka til Rushdie «aldri skulle ha vore sett på prent».

Det kan sjå ut som om Oslo-politiet stod trufast i denne tradisjonen då Rushdie-saka verkeleg vart blodig, for 25 år sidan denne veka: «Så langt har me ikkje eit einaste spor som peiker i retning av at islamske grupper står bak skota mot Nygaard», sa politiinspektør Olaf Johansen frå POT, det som i dag heiter PST, til Aftenposten dagen etter drapsforsøket på Nygaard. Norsk politi nekta i det lengste å trekkja ein tråd mellom Khomeini og det som var skjedd i Dagalivegen.

Odd Isungset gjekk i rette med denne haldninga då han for fem år sidan, det vil seia 20 år etter attentatet i Dagalivegen, summerte opp det som var skjedd i saka: Freistnaden på å ta livet av William Nygaard var utløyst av ei eintydig oppmoding frå eit despotisk islamistisk regime i Iran om å møta ord med vald. Etterforskinga av saka har vore ein skandale, og ingen har ynskt å fylgja det iranske sporet, meinte Isungset.

Tilbake sit William Nygaard, svikta av politiet og påtalemakta som har nekta å ta ayatolla Khomeini på alvor, skreiv mannen som har freista å halda saka varm i eit kvart hundreår.

Halvor Tjønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Norsk politi nekta i det lengste å trekkja ein tråd mellom Khomeini og det som var skjedd i Dagalivegen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis