JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Med Erdogan til evig tid

For få år sidan blei Tyrkia framheva som eit prov på at demokrati og islam kunne sameinast.
Om to veker, den 16. april, vil me sjå om det stemmer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5137
20170331
5137
20170331

Det er ei lang smørbrødliste med konstitusjonelle endringar det tyrkiske folket skal ta stilling til når det går til vallokala midt i april. Men det kokar ned til eitt spørsmål: Skal makta i den tyrkiske staten bli samla i hendene til Recep Tayyip Erdogan?

Slik Erdogan-regimet har tedd seg dei siste månadene, kan ein frykte det aller verste. Sitatet «Kven som stemmer, tel ikkje. Kva som tel, er kven som tel stemmane.» har vore tillagt Josef Stalin. Om diktatoren verkeleg sa dette, er noko uklårt. Langt klårare er viljen Erdogan-regimet har til å ta skitne verkemiddel i bruk.

Ein kan til dømes sjå korleis det står til med leiinga i det kurdiske opposisjonspartiet HDP. Dette partiet har to leiarar: ein formann og ei forkvinne. Formannen, Selahattin Demirtas, sit i varetekt, og påtalemakta krev at han skal fengslast i 142 år. Forkvinna, Figen Yüksendag, er òg i fengsel. Ho har fått ein dom på seks år.

Kjend taktikk

Er det noko kjent med dette? Alle med historisk minne hugsar kva Adolf Hitler gjorde med éin gong han kom til makta i Tyskland vinteren 1933: Han fengsla dei som han visste ville gå mot han. Då opposisjonen var eliminert, kunne Hitler gå til den tyske riksdagen og få vedteke den såkalla Ermächtigungsgesetz, lova som la all makt i hendene til Adolf Hitler. Dei sovjetiske kommunistane brukte same taktikken då dei etter 1945 fekk alle kommunistpartia i Aust-Europa inn i regjeringsposisjon. Derifrå var vegen til diktaturet ikkje lang.

Det er vanskeleg på denne bakgrunnen å forstå at Erdogan og kumpanane hans ikkje skjemmast når dei dreg Hitler-kortet. Både Nederland og Tyskland, to av dei mest demokratiske statane i verda i dag, er av det tyrkiske regimet blitt hengde ut som naziavkom då dei nekta tyrkiske regjeringsmedlemmer å drive valkamp blant tyrkiske utvandrar i dei respektive landa. Endå verre er trugsmåla Recep Tayyip Erdogan sjølv kom med. Førre onsdag sa han til dømes: «Om de (det vil seie europeiske leiarar) held fram på denne måten, då vil i framtida ingen europear, ingen borgar av Vesten nokon stad i verda kunne gå på gata i tryggleik og fred.»

Vend til tyrkarane i Vesten kom han med denne oppmodinga, som går dei mest antiislamske konspirasjonsteoretikarane i Vesten ein høg gang: «Lag ikkje tre, men fem born; fordi de er framtida til Europa. Det vil vere det beste svaret på den uretten som blir gjort mot dykk.»

Avkrefta militære

Om Tyrkia hadde vore eit land langt borte frå Europa, hadde det ikkje vore så farleg om Erdogan hadde gjort det eine eller det andre. Problemet er at han er statssjef, og snart truleg einevaldsherskar, i den staten som bind Vesten saman med det muslimske Midtausten. Tyrkia har sidan 1952 vore medlem av NATO, alliansen som skulle forsvare dei vestlege demokratia, og har i fleire tiår vore søkjarland til EU. Det tyrkiske folkestyret har aldri på noko tidspunkt vore patent, men det har vore ei forståing om at landet utvikla seg til eit demokrati.

Det me såg etter at Erdogan og islamistpartiet hans, AKP, kom til makta i Tyrkia i 2002, er at regimet brukte demokratiet til å fjerne dei militære frå den politiske scena. Dette såg ut som eit framsteg, og ingen i Vesten likar militære som blandar seg inn i politikk. Men i Tyrkia hadde dei militære ei rolle som garantistar for ein sekulær stat, og no, etter eit mislykka kupp og tallause utreinskingar, er dei militære så svekte at dei ikkje kan motsetje seg dei endringane som skjer.

Parallelt har Erdogan slege inn på ein stadig meir antivestleg utanrikspolitikk. I rekkjene til AKP blir det snakka om gjenoppliving av det osmanske imperiet, og i Syria-konflikten har Erdogan spelt på lag med Vladimir Putin og diktatorane Bashar al-Assad i Syria og Ali Khamenei i Iran for å trengje vestleg innverknad bort frå Midtausten.

Åtak mot kurdarar

Verst er det at Erdogan-regimet konsekvent har freista å svekkje kurdarane i Syria. Kurdarane har synt seg som den mest konstruktive og mest provestlege delen av motstandsrørsla i Syria. Tyrkiske åtak i Syria er nesten ikkje blitt retta mot islamistane i IS, men mot kurdarane i organisasjonen PYD.

Aller farlegast er framstøytane Erdogans folk har gjort for å mobilisere den tyrkiske emigrantbefolkninga i Europa for regimet i heimlandet og mot landa dei faktisk bur i. Europa er alt råka av ein terrorkampanje i regi av IS, som ikkje kjem til å ta slutt på mange år.

Om Erdogan-regimet held fram, etter folkeavrøystinga i april, med å mobilisere dei 100.000 tyrkarane i Sverige, dei fire millionane i Tyskland, dei 60.000 i Danmark og dei om lag 16.000 tyrkarane i Noreg for den islamistiske, stortyrkiske draumen, vil det vere dramatisk. Dersom tyrkiske innvandrarar syner seg meir lojale overfor Tyrkia enn dei er overfor landet dei bur i, blir kløfta mellom muslimar og innfødde i Europa djupare.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er vanskeleg å forstå at Erdogan og

kumpanane hans ikkje skjemmast

når dei dreg Hitler-kortet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis