JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Nord-Noreg i vårt uklare bilete

Nord-Noreg er langt vekke. Å tvinge på nordlendingane ei regionreform sender dei endå lenger av garde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4925
20170512
4925
20170512

Idet ein kryssar grensa mellom Trøndelag og Nordland, vert husa mindre. Der den tradisjonelle trønderlåna har to heile etasjar og kan vere lang med store vindauge, har nordlandslåna berre ein og ein halv etasje med små gluggar under gesimsen. Der trønderlåna var storfolkshus, var nordlandslåna i større grad utforma som eit praktisk, vêrsikkert krypinn for kvarmannsen, eit klamre seg fast- og grave seg ned-hus.

Den siste halvanna veka har eg segla frå Trøndelag til Lofoten i ein drygt 40 fot stor, open trebåt. Då rekk ein å sjå seg om. Det er noko med skiljet mellom kva vi, turistane, dei som ikkje høyrer til her, vil ha, og kva som på andre måtar kan skape verdiar i landsdelen. Vi forelskar oss i Nusfjord, eit av Noregs best bevarte fiskevær, med rorbuer og trebrygger trykte inn mellom havet og dei bratte fjella.

Men tranfabrikken der er museum. Ikkje eit einaste tonn lofottorsk vart levert i Nusfjord i år. Dei få fastbuande helsar ikkje når vi går gjennom tunet – det skulle tatt seg ut om dei gjorde det med fleire titals tusen turistar årleg. Og torsken, han vert levert på Reine og i Stamsund, i enorme anlegg som ikkje innbyr til hyggeleg iseting, «sjølvi»-taking eller postkortskriving. Vi seglar fort forbi.

Den lange skulevegen

Gjer politikarar og byråkratar det same? Veit dei kva dei gjer når dei no påstår at Troms og Finnmark kan vere det same som Vest- og Aust-Agder eller Sør- og Nord-Trøndelag? I ein fylkeskommune er ein som er ferdig på ungdomsskulen, garantert plass på vidaregåande i sitt eige fylke. Om denne regelen held fram inn i regionreforma, kan ein 16-åring frå Kirkenes få tilbod om skuleplass 917 kilometer heimanfrå. Det er avstanden til Harstad – dersom ein tek i bruk nabolanda Sverige og Finland. Skal skulebussen halde seg innanfor eigne grenser, vert turen 1066 kilometer kvar veg – om ein låner nokre kilometer i naboregionen Nordland.

Lang reiseveg og skule langt vekke påverkar ikkje berre prestasjonar og val under skulegangen, men har òg eitt og anna å seie for kor ein gjer av seg etter russetida. Tenår skapar band. Di slappare band, di lenger vekk flyg ein – og di tyngre er det å vende heim att.

Ferjefri E6?

Ifølge Google Maps er snittfarten på vegen gjennom Sverige og Finland seks kilometer høgare enn om skulebussen held seg på norske vegar. Vi snakkar mykje om kvaliteten på vegane våre – i Sør-Noreg. Kor ofte høyrer ein nordlendingar klage på dårlege vegar i riksmedium? På manglande rassikring, innstilte ferjer og telehiv? Om ein jamfører med kor ofte vestlendingar opnar kjeften om det same, meiner eg?

Vi kjenner alle kravet til og planane for ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim (og attende), men kor mange av oss har høyrt om kravet til ferjefri E6? Kor mange av oss visste ein gong om at det er ferjer langs E6, berre vi flyttar oss nordanfor DDE-land?

At kravet om ferjefri E6 eksisterer, seier like lite om det er eit godt krav som utopien ferjefri E39. Men det seier noko om kva som er viktig for kven. Når vi i sør ser på avstandar i Nord-Noreg, ser vi flyplassar, noko komande Nasjonal Transportplan ber preg av.

Kvardagsvegane

Og flyplassar er viktige – for næringsliv så vel som for hybelbuande tenåringar. Men i kvardagen er det dei små avstandane som gjeld: vegane, ferjene og hurtigbåtane ein brukar. Får nord-norske fylkespolitikarar tid til å køyre alle dei små vegane dei har ansvar for i ein region som er større enn Irland? Frå 2011 til 2016 vart vegane i Noreg betre i 10 av 19 fylke – ingen av dei ligg i Nord-Noreg, som har 8 prosent av innbyggjarane og 20 prosent av vegane. Det er inga lita utfordring, for langs vegane bur det faktisk framleis folk: Berre ein tredjedel av innbyggjarane i den nye regionen kjem til å bu i ein av dei fire største byane. Det er mange små kommunerøyster som kan krangle om regional gunst.

Rekneskapen

For oss i sør er det viktig med ein nordnorsk region som høver inn i dei andre regionane vi planlegg i resten av landet. Det høvde greitt å dele Nord-Noreg mellom Nordland og Troms, for då fekk ein to regionar med om lag like mange innbyggjarar. Har det noko å seie for tanaværingen som må køyre seks gonger så langt som inntrønderen?

For oss i sør er det viktig å sørge for av kommunane med høgast arbeidsløyse ikkje taper offentlege arbeidsplassar på samanslåinga. Men har det nokon gong vore det som berga Nord-Noreg? På Fleinvær har dei betalt hurtigbåtkaia si sjølv. Det har dei finansiert gjennom å arrangere havbord i samfunnshuset, ei heil røys kvar sommar. Nord-Noreg kjem til å klare seg. Men at søringforakta kjem til å vekse, er det nok verken tvil om eller særleg mykje å seie til.

Siri Helle er journalist
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Frå 2011 til 2016 vart

vegane i Noreg betre

i 10 av 19 fylke – ingen

av dei ligg i Nord-

Noreg

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis