På tide med ein bakveg til yrkesfag
Det er naivt å tru at vi kan rekruttere 90.000 fag arbeidarar blant landets sekstenåringar.
Mykje skal skje i norsk skule for tida. Måndag presenterte kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) det departementet sjølv kallar «den største endringen i yrkesfagutdanningen siden Kunnskapsløftet i 2006». Tysdag la Utdanningsdirektoratet fram sine framlegg til endringar i læreplanane for så vel grunnskulen som vidaregåande.
Gjennomgangstonen? Bra. Meir praksis. «Næringslivets tilbakemelding er at elever ikke får nok kunnskap i faget før de blir lærlinger», seier kunnskapsminister Sanner og vil byrje spesialiseringa på yrkesfag tidlegare. Hjå Utdanningsdirektoratet vil utgreiarane gjere både naturfag som mat og helse, kunst og handverk og musikk meir praktiske og mindre teoretiske.
Det er liten tvil om at tiltaka er på sin plass. «Den teoretiske overvekta er større i skulen i dag enn han var i den gamle latinskulen», som Egil Børre Johnsen sa her i avisa for nokre veker sidan. Men vil tiltaka monne?
God, men for kort tanke
Endringa i yrkesfagutdanninga kan kort oppsummerast som å dele opp nokre fagkombinasjonar, kvitte seg med nokre lærefag – og altså byrje spesialiseringa tidlegare.
Tanken er god: Om elevane som vil verte båtbyggarar, ikkje «generaliserer vekk» eit år på same designfag som frisørar tar, kan dei kjappare byrje å bygge båt, til dømes. Men det gjer lite med det faktum at elevar i stadig større grad byrjar på båtbyggarlinja utan nokon gong å ha tatt i ei øks. Kor mykje ein kan lære på eitt eller to år, heng 100 prosent saman med kva føresetnadar elevane tek med seg inn i skuledagane.
Då må ein altså heve blikket: før vidaregåande kjem ungdomsskulen. Her held Kunnskapsdepartementet på å utvikle eit nytt valfag i praktisk handverk. Faget kan verte bra, det – men det er framleis berre eit valfritt fag.
For midt oppe i alt dette er det noko med at den grunnleggande forståinga av kor viktige praktiske dugleikar er for oss, framleis manglar. Eg finn eit snev av ho i grunngjevinga for endringrane i læreplanen for kunst og handverk: «Håndlag og evne til praktisk problemløsning er en nødvendig allmennkompetanse for hverdagslivet.»
Dette gjer Sanner lurt i å skrive seg bak øyret når han no skal utvikle eit nytt handverksfag for ungdomsskulen: Å få utvikle sine skapande evner er viktig – ikkje berre for dei som skal ha det som yrke, men for oss alle.
Praktisk dugleik
Skulen opererer under paraplyen Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet er igjen tufta på fem grunnleggande dugleikar («ferdigheter»): lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale dugleikar.
Konsekvensen av dei nye læreplanane Utdanningsdirektoratet no foreslår, og vektinga av praktisk kunnskap i dei, bør vere ein ny grunnleggande dugleik: praktisk, fysisk eller skapande dugleik.
Digital dugleik vert mellom anna definert som «å innhente og behandle informasjon, være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivelser».
Dette er viktig og vel og bra. Men kva om vi bytte ut ordet «digital» med ordet «fysisk»? Ville vi ikkje då avdekke ein essensiell del av det å vere menneske, ein del som kan utviklast eller undertrykkast alt etter kor mykje stimulering han får – mellom anna i skuleverket?
Yrkesfagleg påbygg
Det var tenåra. Så kjem vidaregåande, og så kjem alle åra etter – yrkeslivet. Slik vi steller oss no, vil vi mangle 90.000 fagarbeidarar i 2035. Det er naivt å tru at vi skal rekruttere alle saman det året dei fyller 16.
Slik det er i dag, har du gode sjansar til å ombestemme deg om du fyrst har valt yrkesfag og så angrar. Då kan du ta eit spesialkomponert påbyggingsår som gjev generell studiekompetanse – og døra til høgare utdanning opnar seg.
Å gå gjennom døra den andre vegen er mildt sagt ikkje like enkelt. For å trekkje fram eit døme: Heile skuleløpet må gåast om att, men linjefaga (programfag + yrkesfagleg fordjuping) gjev anten 65 eller 74,5 prosent studiebelastning. Grensene hjå Lånekassen for utbetaling til deltidsstudentar ligg på 67 og 75 prosent. Alternativet er å ta fellesfag – engelsk, kroppsøving, norsk, og så bortetter – om att, noko verken du eller samfunnet har særleg utbytte av.
Vi treng eit tilbod til dei som fyrst i vaksen alder skjønar at dei ynskjer å verte fagarbeidarar. Stadig fleire av oss tek fleire utdanningar før vi byrjar på den vi til slutt skal leve av. Kor berekraftig det er, kan vi gjerne diskutere, men eg trur det er liten tvil om at omval som gjev oss helsefagarbeidarar, tømrarar og kokkar, er omval vi ikkje har råd til å seie nei til.
Vi kan byrje med å anerkjenne at dugleiken deira er grunnleggande. Såpass grunnleggande at ingenting i avisa du no held i hendene, bussen du les ho på, kleda du forhåpentlegvis har på deg, kaffikoppen du sit med i handa, eller trafikklyset som gjer at du ikkje vert påkøyrd, hadde eksistert utan den. Det tenker eg er nok til ein formell plass i Kunnskapsløftet.
Siri Helle er journalist og
fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva om vi bytte ut
ordet «digital»
med ordet «fysisk»?
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.