Saka som berre har éi side
Alle saker har to sider. Frislepp av vasskuterar er unntaket som stadfestar denne regelen.
Ein kan ikkje vere politikar utan å knuse nokre egg. Alle vedtak som vert gjorde, har positive konsekvensar for somme og negative konsekvensar for andre. Eller? Det er freistande å seie at vedtaket som 18. mai fjerna vasskuterforskrifta, er fullstendig fritt for positive konsekvensar. Gagnar det eigentleg nokon, slik det vart gjort?
For å oppsummere: Vasskuterar er eit motorisert køyretøy med oppfart på mellom 60 og 70 knop – nærare 130 kilometer i timen. Skuteren var forboden i Noreg fram til 2013. Då vart han legalisert i ei eiga forskrift som mellom anna skulle halde skuteren unna kyststripe og verneområde. Det er denne forskrifta som no er fjerna. Det vil ikkje seie at skuterar er fritt vilt. Dei vert regulerte av same regelverk som mellom anna fritidsbåtar.
Leiketøy på feil stad
Men sjølv om det finst båtar som går like fort som ein skuter, er ikkje ein skuter ein båt. Der det finst like mange grunnar til å sette seg i ein båt som det finst båtfolk, er det ei kjensle som fullstendig dominerer vasskutertrongen: adrenalin. Der båtar framleis har ei viss form for nyttefunksjon enkelte stader, er vasskuteren eit reint leiketøy. Målet er fart og spaning.
Det bør vere lov å spørje om norskekysten i det heile er rette staden for slikt. Noregs kyst er ikkje som alle andre kystar. Det er særs gode årsaker til at han er blant dei beste merka havområda i verda: Få kyststriper med busetnad er så innfløkte, steinete og uføreseielege. Å manøvrere her er utfordrande sjølv med berre nokre få knops fart. Ein vasskuter kan køyre over 60 knop – altså over 100 kilometer i timen. For å sette seg på ein slik, er det ingen krav til kompetanse om du er fødd før 1980. Er du fødd etter 1980, må du ta ei teoretisk prøve.
Fuglen må få forrang
Den viktigaste årsaka til at vasskuterar ikkje bør få fritt leide langs kysten vår, er likevel ikkje menneske, men fugl. Talet på hekkande sjøfugl i Noreg har gått ned med 30 prosent dei siste ti åra. Kvar tredje fugleart står på raudlista.
Mange av årsakene til nedgangen i hekkande sjøfugl er kompliserte og vanskelege å løyse lokalt: store tema som plastureining og forvaltning av økosystemet under havoverflata – ei verd vi er i ferd med å skjøne kor lite vi eigentleg kjenner til. Kina står for 60 prosent av all plasten i havet. Å regulere fiskebestandane på eit vis som høver alle, er ei stor oppgåve. Dess viktigare vert det at vi gjennomfører dei tiltaka vi enkelt kan gjennomføre, som å halde uføreseielege vasskuterar unna hekkeområde.
Å rase over badestranda eller rett gjennom fugleflokken vil sjølvsagt framleis ikkje vere lov. Men for å bryte lova må du ha verktøyet. Å handheve regelverk til sjøs er økonomisk krevjande. Vil vi at politiet skal bruke tid og ressursar på fugl eller folk?
Toppen av kransekaka er at sjølv ikkje vasskuterentusiastane jublar. Gleda ved å kunne frese rundt rett utanfor hyttevindauget ditt kan verte kortvarig: Departementet peikar sjølv ivrig på at det er fritt fram for kommunar å lage eigne reglar. Dei kjem til å kome, og dei kan verte like vanskelege å leve med som den eine sentrale forskrifta som no er fjerna. Med eitt sit du der med eit 100.000-kroners leiketøy du knapt har lov til å bruke.
Utfordr monopolet
Om målet er at fleire skal trivast i strandsona, inkludert dei som måler sommaren i mengda produsert adrenalin, bør vi heller utfordre regelen som seier at mengda spaning samsvarar med mengda fart og storleik på ein motor. Forholda langs norskekysten gjer det minst like spanande å operere utan motor: å krysse opne havstykke i kajakk, til dømes, med ein steinete holme som skal klivrast utan at bagasjen vert våt, som mål. I slike høve kan fugl, fisk og sjøpattedyr finne på å dukke nysgjerrig opp for å helse på, ikkje flykte i redsle.
Museum Stavanger skriv det best i høyringsfråsegna deira: «I en situasjon der stadig flere sjøfuglarter og marine dykkender har gjort sitt inntog på den norske rødlista trengs et forvaltningsregime som tar menneskeskapte forstyrrelser på alvor. En liberalisering av regleverket for bruk av vannskuter vil være et langt steg i feil retning.» Dei er heller ikkje aleine. Politidirektoratet er samde, Økokrim er samde, NHO Reiseliv er samde, og utgreiinga departementet tinga i 2014, seier det same. Regelverket hadde sin funksjon. Å fjerne det har ingen.
Vasskuterforskrifta er dårleg miljøvern, dårleg forvalting og ei løysing ingen er nøgde med. Alle treng sjøfugl. Ingen treng vasskuterar. Det finst større problem og vanskelegare saker i verda. Nett det gjer at det er vanskeleg å finne døme på dårlegare politisk dømekraft enn dette.
Siri Helle er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vil vi at politiet skal
bruke tid og ressursar
på fugl eller folk?
Fleire artiklar
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.