JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Sommarmare rittet

Turist-Noreg er i ferd med å verte eit masseprodusert standardprodukt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KJOSFOSSEN: Ein tur med Flåmsbana er ein del av rundreisa «Noreg i eit nøtteskal».

Foto: Vidar Knai / NTB scanpix

5177
20170707
5177
20170707

Det er måndag føremiddag, og køen inn til dametoalettet på turistinformasjonen i Flåm er om lag 35 meter lang. «Next please, hello-o?!» ropar nokon frå bakeriet vegg i vegg. Køen er rotete, og dei asiatiske turistane for høflege for franskmannen som ikkje har sekundar å vente på nytt pling i kassen. Det plingar i tillegg i tog, båtar legg til, båtar legg frå, og overalt vert folk sorterte, bak eit køsorteringsband – éin kø for individuelle reisande, éi for grupper og éi for Norway in a Nutshell Tours, inn i ei vogn, om bord i ein båt, inn på eit museum.

Her kan du leige kajakk, sykkel eller overbygd elektrisk moped, køyre tog langs vegen eller på skinner, ta ein tur med RIB-båt, ferje eller buss. Eg tel 27 bussar parkerte langs elva, det er plass til over 1000 passasjerar til saman. Og ikkje minst kan du handle, eller shoppe, som det heiter i turistrapportane til Innovasjon Norge; du kan shoppe softshelljakker og drammeglas og pulsvarmarar av svensk reveskinn. «Kven hadde trudd det fanst norske sokkar», seier ein tysk turist, «og underbukser!»

Oversiktskartet over turistbygda Flåm har 61 punkt. Det er drygt seks innbyggjarar per attraksjon, parkeringsplass eller butikk. Når det er smått vanskeleg å sjå for seg at bygda har 400 innbyggjarar, er det ikkje fordi berre ein liten promille av alle turistane passerer gjennom, men kor skal ein gjere av seg? Kor kan ein trekke pusten? Kor kan ein gå mellom butikkhyllene og planlegge kva ein skal ha til middag etter ein lang dag i slåtten?

Kva fjord som helst

Svaret er sjølvsagt at folk i Flåm ikkje bur i turist-Flåm ut mot fjorden, men innover og oppover dalen. Dei er nok på eit nivå takksame for at turistane hjelper dei med å halde butikken open gjennom ein stille vinter. Og når eg no tek for meg Flåm, er det temmeleg tilfeldig, fordi det er her eg er. Eg kunne vore mange andre stadar: «Is that what we’re doing?» spør ei amerikansk dame og peikar på skiltet for turen med RIB-båt på fjorden. «No. Or we’re doing it, but not here. We’re doing that in Geiranger», svarar mannen.

Alle turistar vil sjå dei norske fjordane. Ifylgje Innovasjon Norge er det like viktig for utanlandske turistar å «ha det moro» – berre så vidt slått av å «oppleve naturen». Men det synast som få av dei, i det minste få av dei som endar i Flåm, bryr seg særleg om kva fjord dei ser. Kvifor skulle dei det? Når tilbodet er det same uansett kva for ei side av Strynefjellet dei er på, når turistlandet uansett er troll i plast og reinsdyrskinn og bergensk fiskesuppe («local fish»)?

Dyr masseturisme

Kanskje er turistane lukkeleg uvitande om at fjordopplevinga deira har lite med fjorden folk bur ved, å gjere – at systemet dei ser han i, er utvikla og konstruert berre for dei, for rask gjennomgang og «Auf Wiedersehen» i Geiranger, Olden, Flåm, Bergen og Lofoten, ein turistautobahn. Turistfellene vi for all del ikkje vil hamne i når vi sjølve er på ferie, den tida på året då det mest av alt handlar om dei ekte opplevingane, og sjansane for dei same er minst, aller mest på grunn av alle dei andre som ynskjer seg akkurat det same som oss. Masseturisme er ikkje eit ord vi likar å bruke i høgkostlandet Noreg. Det er likevel på tide å ta inn over seg at det i stadig større grad er det vi tilbyr.

Lyspunkt

Folkemylderet ved fjorden er heller ikkje håplaust. Det er ikkje altfor vanskeleg å finne ost, sko og spekepølse frå nabobygda. Eg veit at RIB-båtane køyrer innom kafeane og småbutikkane og til og med får passasjerane til å trakke opp til stølsysteria langs vegen saman med guidar som veit at det ikkje er dei brune geitene som mjølkar brunost. Begge selskapa som styrer dei 1,2 millionar vitjarane, er lokalt eigde, og storebror Flåm AS har 65 tilsette året gjennom, 200 i sesongen. Det er ikkje vanskeleg å forstå at ordføraren i Aurland, Noralv Distad, er redd for dei nye miljøreglane som rettar seg særleg inn mot fjordane hans, og ikkje dei som ikkje fekk plass i UNESCOs verdsarv.

For det sprøaste med Flåm er at turistmaskina fungerer for det ho er bygd for. Dokøen går framover, båtturistane kjem seg om bord i båtane og attraksjonane i Flåm har fire, fire og ei halv og fem stjerner på Tripadvisor. Då vi må spørje oss om det er sånn vi vil ha det. Den irriterande viktige skulderdjevelen som spør kor lenge vi kan halde fram som vi stemner. Skal turismen auke som han er spådd, må vi ha mange fleire stadar som Flåm, om vi skal ta han unna. Kor lenge vil turistane finne seg i det? Kor lenge vil vi?

Eg vil nyte fjorden og fjella ikring i stille. Eg kan ikkje nekte andre å ville det same. Men eg kan kjempe endå hardare for at stiane eg går på, ikkje vert merkte og for all del ikkje finn vegen til Tripadvisor, ikkje eingong nettstaden Ut.no. Undersøkingar syner alt at forventningar til gjestfridom og lokale spesialitetar ikkje vert innfridde. Det er ingen grunn til å tru at trenden vil snu.

Siri Helle er journalist
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Masseturisme er ikkje eit ord vi likar å bruke

i høgkostlandet Noreg. Det er likevel på tide

å ta inn over seg at det i stadig større grad

er det vi tilbyr.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis