Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Thorbjørn Berntsen og krisa i Ap

Personorienteringa til Berntsen skuggar for politisk analyse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thorbjørn Berntsen var med på å sikre nei-resultatet i EF-røystinga 1972, men har no skifta standpunkt.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

6155
20231124
6155
20231124

Nyss har Thorbjørn Berntsen atter uttala seg om kor greinalaust dårleg leiar Jonas Gahr Støre er, og dermed maktar han kan hende midt i statsbudsjettordskiftet igjen å flytte interessa frå dei framlegga med omfattande verknad som ligg i bordet, til ein ny persondebatt. Kan hende, men desse utspela får meir og meir ein gammal dåm.

Sosiologar har ofte nok fortalt oss at vi støtt tek på oss ei rolle, eller helst fleire til å skifte mellom. Ein særs trufast rolleinnehavar er Thorbjørn Berntsen. Han er verkeleg ein av våre fremste karakterskodespelarar. Framleis spelar han den vanskelegaste rolla nokon kan ha: seg sjølv.

Tronge kår

Arbeidarklassehelten voks opp i tronge kår, kom inn i industrien, utdanna seg til skipsrøyrleggjar, forlét så det berømte «gølvet» ved Akers Mek etter å ha gått gradene opp til formann for Oslo Jern og Metall. Som funksjonær i fagrørsla og sidan tillitsvald i partiet gav han inntrykk av å ikkje kome i klemme slik den typen byråkratar i arbeidarrørsla Kristofer Uppdal skildra i Dansen gjennom skuggeheimen, desse som snudde seg mot arbeidarane. På Stortinget, som nestleiar i Ap og som statsråd fekk han likevel arbeide for å gjere rolla si truverdig.

I fjernsynsstudio hasta han andpusten inn, somtid i siste liten, med litt for trong svart dressjakke, øvsteknappen i kvitskjorta open, slipset på skakke. Ein såg formeleg føre seg korleis han hadde hekta på seg dressen i garderoben etter å ha tørka av seg reinsekremen som tok olja av hendene.

Rollespelet verka sympatisk: ein medviten vilje til å vere folkeleg. Med ei viss interesse opna eg ei heilt ny bok med og om Thorbjørn Berntsen (Hva skjedde – og hva skjer? Thorbjørn Berntsen i samtale med Hans Olav Lahlum, Cappelen Damm). Dialog og merknader er gjennomskinlege, filterlause.

Denne boka, ulikt Berntsens sjølvbiografi frå 1988, er helst for lettlesen. Her er ingen motstand mot den personorienteringa Thorbjørn Berntsen så sterkt har dyrka fram, sjølv om han uttrykkjer seg mildare no. «Da Fanden blev gammel, saa gik han i Kloster», som danskane seier.

Når journalistar keiar seg, har dei ei trygg tilflukt i Berntsen. Han lèt seg lokke ut av hiet sitt og uttalar seg gjerne om dei dårlege leiareigenskapane til Jonas Gahr Støre. Sjølv er eg vorten særs lite samd med Støre & Co og arbeidet for å gjere den norske staten til eit ovdigert energikartell – noko statsrådane Aasland og Vestre så tydeleg talar for. Men kvar gong denne nye politikken er til diskusjon, dukkar Berntsen eller andre opp og snakkar svivyrdsleg om regjeringsmedlemer. Han lukkast ikkje lenger fullt så godt med dagsordensetjinga.

Kva rolle

Så dermed spør eg: Kva rolle har Berntsen eigentleg, og kva rolle har han hatt, i utviklinga av ein personorientert offentleg debatt som legg ei tjukk skodde over alle politiske prosessar?

Thorbjørn Berntsen personifiserte det sosiale samvitet i ei tid då det var stor trong for å regulere arbeidsmarknaden, etablere lovgjeving for arbeidsmiljø og utvikle politisk gangbare tilnærmingar til ein miljøpolitikk som enno var fersk, men der ein såg at det ville kome siglande opp store utfordringar. Det er han til uvisneleg heider at han var med på å forme politikk på vesentlege område, og den har hatt langtidsverknader.

Så er likevel inntrykket at han på eldre dagar har lagt attom seg dei systematiske politiske vurderingane, for i staden å opptre som streng skulemeister, ikkje minst den overfor noverande regjeringa. Og medan mange av oss tykkjer det er all grunn til å vere kritisk til mangt av det som skjer, hjelper det ikkje å personifisere debattane.

I starten av 2000-talet kritiserte Berntsen jamvel venen Stoltenberg for å endre politikk i kraftutbygginga, og det var ikkje personleg orientert, men hadde to i seg til å verte ein prinsippdiskusjon om ny kraftutbygging og føremålet med den. No ser vi ikkje skuggen av slik prinsippdebatt i dei sakene Berntsen tek opp.

Det går ein raud tråd i energipolitikken frå energilova av 1991 via alle marknadstilpassingane på fleire område under Stoltenberg 1 og 2 fram til i dag. Men den dominerande diskusjonen har vore om personar som skal ha rota det til – der dei openbert har forfylgt ein planmessig politikk. Berntsen har gjort sitt til å løyne dette tilhøvet, medvite eller umedvite.

Som vanleg handlar det i samtaleboka om kven Berntsen sympatiserte med, meir enn om saker han hadde føre seg. Spørsmålet om arbeidsmiljø og trygging i Nordsjøen fører ikkje til refleksjonar over Kielland-ulukka i 1980 og tiltaka etterpå. Når dereguleringa av bustadmarknaden er nemnt, er det kommunane si skuld. Ikkje eitt ord om at Brundtland-regjeringa førte vidare Willoch-politikken med fynd og klem, der det ikkje var retten til å bu som var viktig lenger, men retten til å eige.

I denne fasen fekk Gro Harlem Brundtland ein lynavleiar til nestleiar (1989), og til minister. I rolla som Ap-raddis og forsvarar av arbeidarinteresser og så storkjefta miljøminister, kunne Berntsen trekkje til seg merksemd i staden for at denne merksemda galdt politiske skifte.

Nei til EU

Berntsen var med på å sikre nei-resultat i EF-røystinga 1972, men har no skifta standpunkt. Han kunne då meint noko om det verkeleg er EU, der ei mengd medlemsland utformar sin eigen energipolitikk med tilhøyrande skatte-, avgifts- og prispolitikk, faktisk tvingar den norske regjeringa til noko som helst.

Samanlikna med andre partiveteranar, urolege for tapet av sosialdemokratisk perspektiv og ofte med interessante framlegg om endringar, er gubben Berntsen lite oppteken av dagens politikk.

Mildare i måten enn før, ofte diffus, er han framleis personfokusert. Han lukkast ikkje eigentleg med å lage eit testamente, eller fortelje ei vandrarsoge der vi ser brua mellom den overtydde, unge radikalaren og den noverande sjuande far i huset. Han er glad for å ha vore med på ferda. Som det heiter i Kjærlighedens Komedie: «Og har jeg end sejlet miin Skude paa Grund, O, saa var det dog dejligt at fare!»

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis