Vitskap i skot lina
Generelt er pengestraumen mellom industri og forsking eit større trugsmål mot vitskapen enn sekteriske vitskapsmotstandarar i religiøse og alternative miljø.
Vitskapen blir feira i Trondheim denne veka. Den internasjonale STARMUS-festivalen er lagd til byen, og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) er vert for ei storstilt feiring av vitskap, kunst og musikk. Det er stort tenkt og godt utført. Men det er også eit rop om hjelp.
Ikkje fordi Universitetet i Trondheim gjennomgår ei spesiell krise, heller ikkje fordi sjølve festivalkonseptet STARMUS, som oppstod i 2011 og blir gjennomført for fjerde gong, går dårleg. Men fordi sjølve vitskapen er i storm. For i ei tid som snakkar i store bokstavar om kunnskapsbasert politikk, evidensbasert medisin, kunnskapsbasert industri, vitskapleg innovasjon og meir slikt, oppstår det mektige rørsler som sår tvil om autoriteten til vitskapen. Det handlar ikkje om små sekter av amishaktige religiøse eller halvantroposofiske vaksinemotstandarar. Den fremste vitskapsmotstandaren i dag, målt i makt, er president i USA.
Vitskapsforakt
I den moderne vitskapsforakta er det fleire komponentar; somme ligg utanfor vitskapen, andre ligg inne i det akademiske livet sjølv.
Dagens vitskapsdyrkarar er ikkje dei første som har freista å skapa eit vitskapsbasert samfunn. Det var ein draum på slutten av 1800-talet, og det var ein sterk ambisjon like etter krigen. Ein leiande norsk sosialøkonom sa like etter krigen at kanskje opp mot 80 prosent av avgjerdene i samfunnet kunne takast ut av politikken og overlatast til vitskapen. Og nobelprisvinnar Trygve Haavelmo formulerte det på aforistisk vis: Ein diskuterer ikkje med eit brutto nasjonalbudsjett.
Denne tankemåten vekte motstand, ikkje primært frå utsida, men frå filosofar og humanistar. Dei peika på at mange avgjerder i det politiske livet heng saman med ein heil floke av verdiar, gruppeinteresser og prioriteringar, og i slike spørsmål finst det ikkje vitskaplege svar. Vitskapen vart vist tilbake til ein tenarposisjon: Han kan levera premissar og utgreia alternativ og ulike scenario.
Bruk av skjønn
Men han har ikkje svaret på kva slags liv vi skal velja oss, som individ og kollektiv. Det finst alltid ei rekkje spørsmål der ein må bruka skjønn. Vitskapen leverer kunnskap, som ligg til grunn for eit godt skjønn, men kan ikkje avskaffa usikra avgjerder. Denne typen vitskapskritikk – at vitskapen ikkje kan gje svar på alt, og ikkje erstatta politikken – fekk gjennomslag. Den handla ikkje om vitskapsforakt, men om grensene for heilt sikker kunnskap.
Det neste åtaket på vitskapen var meir fundamentalt, og kom frå nokre av dei postmoderne tenkjarane. Dei peika på det dei kalla fornuftas valdsbruk. Dei hadde sterke døme på korleis ein frynsete vitskap hadde legitimert fælsleg valdsbruk, i psykiatri, rettsvesen og ikkje minst rasepolitikk. Det stod eit stort vitskapleg fellesskap bak rasehygienen, og desse – heilt feilaktige – ideane førte til massedrap, tvangssterilisering og grov undertrykking. I nokre tilfelle har dette ført til ei regelrett avvising av vitskapleg autoritet; vitskap blir ei meining mellom andre.
På dette punktet skil postmodernistane seg frå tidlegare vitskapskritikk. Hans Skjervheim avviste tanken om «vitskapleg politikk», men forsvarte vitskapen på sitt rette felt. Somme postmodernistar (inspirert av Foucault) hevda at vitskap var lite anna enn maktbruk, og drog all vitskap i tvil.
Alternativ forsking
Etter postmodernismen har det kome to nye forhold til, og gjort situasjonen meir prekær. Det eine er politiske grupper som forsyner seg fritt av ulike typar vitskapskritikk, og som brukar han til å ignorera vitskapens autoritet i det heile. Klimaskeptikarane er eitt døme. Eit anna illustrerande døme er motstanden mot å godta at det er miljø- og helseproblem knytt til fiskeoppdrett. Det er samtidige døme på det andre nye forholdet, nemleg at store kapitalkrefter mobiliserer for å fornekta, forteia eller skapa alternativ forsking som høver med ein økonomisk agenda.
Det finst kraftfulle døme på dette i nær historie. Tobakksindustrien hadde i mange tiår eit stort koppel av eigne forskarar som hevda at tobakk ikkje hadde skadeverknader. Så lenge denne gruppa var stor nok, kunne dei visa til «vitskapleg usemje» og halda fram som før, og avverja søksmål. Men dei tapte til slutt.
I dag ser vi nokre av dei same tendensane i oppdrettsnæringa. Ein freistar å påverka forskinga ved hjelp av advokatar, store løyvingar til «eiga» forsking og marginalisering av forskarar som leverer uønskte resultat. Eit anna døme er rolla dei store medisinprodusentane har. Det finst sterke døme på korleis dei har halde ubehagelege sanningar borte frå vitskapen, fordi dei tente godt på medisinen sin. Bruken av antidepressiv er berre eitt av fleire døme. Generelt er pengestraumen mellom industri og forsking eit større trugsmål mot vitskapen enn sekteriske vitskapsmotstandarar i religiøse og alternative miljø.
Pengane skal styre
I denne situasjonen blir universiteta pressa inn i organisasjonsformer som er henta frå det private næringslivet. Det skal vera flest mogeleg næringslivsfolk i styra, og rektorane skal tilsetjast av styra – ikkje veljast av kollegiet – og gjerne ha leiarerfaring frå næringslivet. Det er vanskeleg å sjå dette som noko anna enn legitimering av at pengane skal styra vitskapen.
Difor er det eit tvitydig skjær også over det storslegne arrangementet i Trondheim. Ein brukar festivalkulturens verkemiddel for å vinna opinionen for seg. Men moderne kommunikasjon av dette slaget er pengekulturens fremste kjenneteikn, og det er pengekulturens einsretting som er vitskapens største utfordring i dag. Men om denne utfordringa er akademia mistenkeleg taus og forstemmande handlingslamma. Ein kjeftar gjerne opp Trump og vaksinemotstandarane, men sensurerer seg sjølv i forhold til eigne styre.
Jan Inge Sørbø er professor
ved Høgskulen i Volda og
fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein brukar festival-
kulturens verkemiddel
for å vinna opinionen
for seg.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.